Vald, overgrep, mobbing, utnytting, utestenging, trakassering og uthenging. Krenkingar skjer ikkje lenger berre i direkte kontakt mellom menneske, men òg på digitale flater og ved bruk av ny teknologi. Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause – ofte skjult og anonymt.
Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?
Septemberkonferansen 2026 set søkjelys på digitale krenkingar som eit eige fagleg og samfunnsmessig fenomen.
Vi har invitert internasjonale og norske forskarar, praktikarar og aktørar for å belyse korleis digitale krenkingar rammar barn, unge, vaksne – fagpersonar og enkeltmenneske i offentlegheita – og korleis vi kan førebygge, forstå og handle i ei digital verkelegheit som utviklar seg raskare enn oss.
Konferansen er søkt godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar.
Dr. Sameer Hinduja
Foto: Cyberbullying Research Center
Dr. Sameer Hinduja.
Professor, School of Criminology and Criminal Justice, Florida Atlantic University
Tittel på foredrag:
«Digital Violations and Trauma Among Youth: Scope, Impact, Prevention, and Response»
Dr. Sameer Hinduja er professor ved School of Criminology and Criminal Justice ved Florida Atlantic University, meddirektør for Cyberbullying Research Center og tilknytt forskar ved Berkman Klein Center ved Harvard University. Som ein anerkjend forskar og foredragshaldar om barn og unge, sosiale medium, kunstig intelligens og relaterte tema i over tjue år, har Dr. Hinduja nyleg blitt kåra av Stanford University til å vere blant dei øvste 2 prosent av verdas forskarar.
Dette innlegget gir fagpersonar som jobbar med ungdom ei samla forståing av korleis digitale krenkingar skjer, og korleis ein best kan førebygge og handtere dei. Det presenterer oppdatert forsking om omfang, konsekvensar og samanhengar med traume, og skildrar korleis skular, psykisk helse‑tenester og digitale plattformer kan bidra til å hindre ytterlegare skade.
Vidare får deltakarane konkrete råd om god politikkutforming, uformelle reaksjonar og tiltak som styrkar eit trygt og positivt skulemiljø. Dette inkluderer sosial normering, anonyme varslingssystem, elevrådgjevande grupper, relasjonsbygging, bruk av skulen sine sosiale medium og forskingsbaserte læreopplegg.
Innlegget vektlegg også krafta i venepåverknad og ungdomsleia initiativ, samt kor viktig det er å utvikle empati, motstandskraft og moralsk dømmekraft hos unge for å fremje tryggleik, meistring og god psykisk helse på nett.
Kim Edgar Karlsen
Foto: Fartein Rudjord / Psykologforeningen
Direktør og psykologspesialist, Alternativ til vold
Kim Edgar Karlsen er direktør for Alternativ til vald, psykologspesialist og tidlegare fagsjef i Norsk psykologforening. Han skal snakke om konsekvensar av medieeksponering.
Nikolaos Koukopoulos
Foto: University College London (UCL)
Nikolaos Koukopoulos.
Stipendiat, UCL Computer Science
Tittel på foredrag:
«Technology-Facilitated Abuse in Intimate Partner Violence: Dynamics, Risks, and Responses»
Nikolaos Koukopoulos er forskarstipendiat ved Gender and Tech Research Lab ved University College London. Han forskar for tida på teknologi‑assistert vald i nære relasjonar, i samarbeid med endringsprogram for valdsutøvarar i nære relasjonar. Tidlegare jobba han som kriminalanalytikar i National Crime Agency, og han har òg vore involvert i forsking på førebygging og avverging av teknologi‑assistert seksuelle overgrep mot barn.
Rune Aune Mentzoni
Rune Aune Mentzoni.
Instituttleiar, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen
Tittel på foredrag:
«Bare en runde til»
Rune Aune Mentzoni er instituttleiar ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen, forskar tilknytt SPILLFORSK ved UiB og FoU-leiar i Aktive Gamere. Han forskar på psykologien rundt gaming og gambling, og er ein ivrig formidlar av kunnskap om spel og alle som spelar dei. Han er forfattar av foreldreguiden Bare en runde til.
Maren Gjesdal
Foto: Politiet
Fagleiar, Politiets nettpatrulje Vest
Tittel på føredraget: «Fra gata til data – nettpatruljen om et trygt digitalt liv»
Maren Gjesdal vart uteksaminert frå Politihøgskulen i 2018. Ho er i dag fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest, der ho har arbeidd dei siste fem åra. Ho jobbar hovudsakleg på nett med å førebyggje kriminalitet ved bruk av sosiale medium og har dagleg dialog med innbyggjarar som står i ulike situasjonar eller utfordringar.
Ho er oppteken av at politiet skal vere der folk er, og vere tilgjengelege for alle. Gjennom ein utradisjonell og målretta bruk av sosiale medium byggjer ho tillit, senkar terskelen for kontakt og når særleg unge – ei gruppe som tidlegare sjeldan tok direkte kontakt med politiet.
Mia Landsem
Foto: Mialandsem.no
Mia Landsem.
Datadetektiv, forfattar og etisk hacker
Tittel på føredraget: «Trygg på nett»
Mia Landsem har alltid vore driven av rettferd og ønsket om å gjere ein forskjell. Ho har bakgrunn som nordisk meister i Taekwondo, etisk hackar og er i dag ei sentral stemme i cybersikkerheit. På fritida hjelper ho offer for digital vald og held foredrag for barn, unge og foreldre om netttryggleik. Landsem er også forfattar og sikkerheitsrådgivar, og har motteke fleire prisar, mellom anna Jenteprisen og Årets modigste kvinne.
Per Moum Hellevik
Foto: NKVTS
Per Moum Hellevik.
Seniorforskar, NKVTS
Tittel på føredraget: «Digital radikalisering og psykisk uhelse: Sårbarhet på ekstreme plattformer»
Hellevik har ein ph.d. i sosiologi og medievitenskap frå Universitetet i Oslo, og jobbar som seniorforskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). Forskinga hans er retta mot mellommenneskeleg vald, digital vald og radikalisering og valdeleg ekstremisme, der ei sentral prioritering har vore ungdom og unge vaksne.
Hellevik leier for tida forsking knytt til psykisk uhelse og digital radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Line Slettemyr
Line Slettemyr.
Tittel på føredraget: «We gave her a loaded gun. Nettovergrep i et familieperspektiv»
Line Slettemyr er seniorrådgivar ved Statens barnehus i Bergen, barnevernspedagog med klinisk spesialitet i familieterapi og har ei profesjonsdoktorgrad (D.Sys.Psych.).
Ho arbeider med tematikk knytt til digital barndom, online seksuelle overgrep mot barn og familiedynamikk. Forskinga hennar utforskar foreldre sine erfaringar etter teknologiassisterte seksuelle overgrep mot barn, med særleg fokus på sårbarheit, relasjonelle prosessar og korleis digitale miljø påverkar familieliv og foreldreskap.
Pris:
3750,- for begge dagar.
Konferansemiddag kostar 399,- (Begrensa tal plassar)
Dette er inkludert i prisen (fysisk/digital deltaking):
To dagar med spennande fagleg innhald!
For digital deltaking kjem dette i tillegg:
Tilgang til opptak av konferansen i 1 veke.
For fysisk deltaking kjem dette i tillegg:
Lunsj begge dagar
Pausemat gjennom dagane
Arena for nettverksbygging med andre fagpersonar
Tilgang til standområde
Dette er ikkje inkludert i prisen
Konferansemiddag (399,-)
Overnatting (må bestillast og betalast av deltakar sjølv)
Traumer og digitale krenkingar
Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?
Om Septemberkonferansen
Septemberkonferansen er RVTS Vest sin årlege konferanse retta mot fagpersonar som arbeider innanfor våre temaområde.
Konferansen favnar breitt i forhold til tema og målgrupper, og rettar seg mot alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn eller vaksne som har traumeerfaringar.
Septemberkonferansen blei første gong arrangert i 2007, og har sidan då vore ein fast årleg aktivitet for RVTS Vest.