Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Septemberkonferansen in a nutshell

Panelsamtale om temaet traumer og digitale krenkingar.

9.
september
2026
  1. 09. sep. 2026, 19:00 - 21:00

Tid og stad

Når
  1. 09. sep. 2026, 19:00 - 21:00
Kvar
Litteraturhuset i Bergen Østre Skostredet 5-7 5017 Bergen
Septemberkonferansen sin logo
Møt opp på Litteraturhuset i Bergen klokka 19 den 9. september.

Dag Nordanger frå RVTS Vest leier samtalen.

Septemberkonferansen in a nutshell er eit gratis tilbod, særleg for dei som ikkje har høve til å delta på sjølve Septemberkonferansen. Her er det ingen påmelding, du møter berre opp på Litteraturhuset i Bergen.

Med i panelsamtalen:

Rune Aune Mentzoni

Rune Aune Mentzoni
Rune Aune Mentzoni.

Instituttleiar, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen

Rune Aune Mentzoni er instituttleiar ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen, forskar tilknytt SPILLFORSK ved UiB og FoU-leiar i Aktive Gamere. Han forskar på psykologien rundt gaming og gambling, og er ein ivrig formidlar av kunnskap om spel og alle som spelar dei. Han er forfattar av foreldreguiden Bare en runde til.

Maren Gjesdal

Maren Gjesdal
Foto: Politiet

Fagleiar, Politiets nettpatrulje Vest

Maren Gjesdal vart uteksaminert frå Politihøgskulen i 2018. Ho er i dag fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest, der ho har arbeidd dei siste fem åra. Ho jobbar hovudsakleg på nett med å førebyggje kriminalitet ved bruk av sosiale medium og har dagleg dialog med innbyggjarar som står i ulike situasjonar eller utfordringar.

Ho er oppteken av at politiet skal vere der folk er, og vere tilgjengelege for alle. Gjennom ein utradisjonell og målretta bruk av sosiale medium byggjer ho tillit, senkar terskelen for kontakt og når særleg unge – ei gruppe som tidlegare sjeldan tok direkte kontakt med politiet.

Line Slettemyr

Line Slettemyr
Line Slettemyr.

Line Slettemyr er seniorrådgivar ved Statens barnehus i Bergen, barnevernspedagog med klinisk spesialitet i familieterapi  og har ei profesjonsdoktorgrad (D.Sys.Psych.).

Ho arbeider med tematikk knytt til digital barndom, online seksuelle overgrep mot barn og familiedynamikk. Forskinga hennar utforskar foreldre sine erfaringar etter teknologiassisterte seksuelle overgrep mot barn, med særleg fokus på sårbarheit, relasjonelle prosessar og korleis digitale miljø påverkar familieliv og foreldreskap.