Personvern
Personvern handlar her om korleis nettsida samlar inn og nyttar informasjonen frå dei som besøkjer den.
Ansvar
Dataansvarleg
- Dataansvarleg er Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.
Databehandlar
-
Databehandlar er Norsk Helsenett SF.
Norsk Helsenett er ein nasjonal tenesteleverandør og ansvarleg for utvikling og forvaltning av nettstaden. Opplysningane som blir samla inn i løysinga, blir lagra i ei skyløysing levert av Optimizely.
Lagring
E-post
På nettsida er det lenker for å sende e-post. Når du sender ei melding, vil namn, e-postadresse og kva du skriv om i meldinga, bli lagra i e-postsystemet til føretaket. Det er derfor viktig at det ikkje blir oppgjeve sensitiv informasjon eller personopplysningar i e-posten, til dømes fødselsnummer og personopplysningar.
Tilbakemeldingar
Du kan gi tilbakemeldingar på nettsidene via skjemaet «Fant du det du leita etter?». Skjemaet er tilgjengeleg på utvalde sider på nettstaden vår. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene.
Dersom du legg inn telefonnummer, fødselsnummer eller e-postadresse, blir desse opplysningane automatisk sletta før innsending. Vi som mottar tilbakemeldinga får derfor aldri denne typen opplysningar. Det er ikkje mogleg å spore tilbakemeldingane tilbake til enkeltpersonar.
Besøksstatistikk
Nettstaden lagrar trafikk- og besøksstatistikk i ei løysing levert av Matomo. Statistikken viser kor mykje kvar enkelt del av nettstaden blir besøkt. Vi kan ikkje spore di bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Døme på informasjon som blir lagra, er tal besøkande på dei ulike sidene, kva nettsider dei kjem frå, kor lenge dei er på nettstaden, og kva nettlesarar som blir brukt. Informasjonen som blir lagra, blir nytta til å forbetre og utvikle tilbodet og innhaldet på nettstaden kontinuerleg.
Vi brukar Silktide Analytics for å forstå korleis besøkjande brukar nettsidene. Verktøyet er utvikla med personvern som grunnleggande prinsipp og brukar verken informasjonskapslar (cookies) eller andre sporingsmetodar som lagrar informasjon på eininga di.
Besøk blir talte ved hjelp av ein midlertidig, anonym identifikator som blir sletta automatisk etter 24–48 timar. Det blir ikkje lagra personopplysningar, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar.
Lagring av søkeord
Nettstaden lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar. Hensikta med dette er å forbetre informasjonstilbodet vårt. Vi kan mellom anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande vel. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koblast til andre opplysningar om dei besøkande.
Lenker til eksterne nettsider
På nettstaden finn du lenker til andre organisasjonar og verksemder. Personvernerklæringa på denne nettstaden dekkjer ikkje andre nettsider. Når du besøker andre nettsider, må du rette deg etter retningslinjene som gjeld for den aktuelle nettstaden.
Bruk av personopplysningar
Kurs, konferansar og kompetanseprogram
Når du melder deg på eit kurs, ein konferanse eller eit kompetanseprogram, behandlar vi personopplysningar som er nødvendige for å administrere og gjennomføre tilbodet. Dette kan vere:
- namn
- e-postadresse og telefonnummer
- stilling eller rolle
- arbeidsstad
- betalings- og fakturaopplysningar
Vi bruker opplysningane til å administrere påmeldinga, sende praktisk informasjon, gjennomføre tilbodet, dokumentere deltaking og handtere eventuell fakturering.
Når ei verksemd eller teneste deltek i eit kompetanseprogram, kan vi få nødvendige kontaktopplysningar om deltakarane frå arbeidsgivaren eller ein kontaktperson i verksemda. Opplysningane blir berre brukte til å planleggje, gjennomføre og følgje opp programmet.
Behandlinga er nødvendig for å utføre oppgåvene våre i allmenn interesse. Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e.
Opplysningar i enkelte undervisningsprogram
I enkelte undervisnings- og kompetanseprogram kan vi spørje om språk og migrasjonsbakgrunn når opplysningane er relevante for innhaldet, målgruppa eller gjennomføringa av programmet.
Det er frivillig å svare, og det får ingen negative konsekvensar dersom du ikkje gir opplysningane. Opplysningane blir berre brukte til det formålet du får informasjon om når dei blir samla inn.
Behandlingsgrunnlaget er samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a. Dersom opplysningane kan vise etnisk opphav, behandlar vi dei på grunnlag av det uttrykkelege samtykket ditt, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav a.
Du kan når som helst trekkje samtykket tilbake.
Nyheitsbrev
Når du melder deg på nyheitsbrevet vårt, behandlar vi namn og e-postadresse for å sende deg nyheiter og informasjon frå RVTS Vest.
Behandlingsgrunnlaget er samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a. Du kan når som helst trekkje samtykket tilbake ved å bruke avmeldingslenkja i nyheitsbrevet.
Nominasjonar til Papagenoprisen
Når du sender inn ein nominasjon til Papagenoprisen, behandlar vi kontaktopplysningane dine og opplysningane du gir om den nominerte. Opplysningane blir brukte til å ta imot, vurdere og følgje opp nominasjonen og til å kontakte relevante personar ved behov.
Vi ber deg om ikkje å sende inn fleire personopplysningar enn det som er nødvendig for å grunngi nominasjonen. Du skal ikkje sende inn helseopplysningar eller andre sensitive personopplysningar.
Behandlinga er nødvendig for å kunne administrere og gjennomføre nominasjonsprosessen. Behandlingsgrunnlaget er vår berettiga interesse, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Vi har vurdert at denne interessa veg tyngre enn personvernulempa for den enkelte.
Korleis vi samlar inn opplysningane
Opplysningane blir samla inn gjennom digitale skjema, mellom anna Microsoft Forms og LetsReg. I enkelte kompetanseprogram kan vi også få nødvendige opplysningar frå arbeidsgivaren eller verksemda som deltek i programmet.
Vi ber berre om opplysningar som er nødvendige for formålet.
Deling med leverandørar og samarbeidspartnarar
Vi kan dele nødvendige personopplysningar med leverandørar og samarbeidspartnarar som bidreg til å administrere eller gjennomføre tilbodet.
Desse får berre tilgang til opplysningar som er nødvendige for oppgåvene dei skal utføre. Når ein leverandør behandlar personopplysningar på vegner av Helse Bergen HF, er behandlinga regulert i ein databehandlaravtale.
Dersom ein samarbeidspartnar er sjølvstendig eller felles behandlingsansvarleg, informerer vi om dette i samband med det aktuelle tilbodet.
Lagring og sletting
Vi lagrar personopplysningane så lenge det er nødvendig for formålet dei blei samla inn for. Opplysningane blir deretter sletta eller anonymiserte, med mindre Helse Bergen HF har plikt til å oppbevare dei etter anna regelverk.
Opplysningar om praktisk tilrettelegging og tilpassa mat blir sletta når arrangementet er avslutta og behovet for opplysningane har falle bort. Opplysningar som er nødvendige for rekneskap, fakturering eller dokumentasjon, blir oppbevarte så lenge gjeldande regelverk krev det.
Rettane dine
Du kan ha rett til:
- innsyn i personopplysningane vi har om deg
- å få uriktige opplysningar retta
- å få opplysningar sletta
- å få behandlinga avgrensa
- å protestere mot behandling som byggjer på artikkel 6 nr. 1 bokstav e eller f
- å trekkje tilbake samtykke dersom behandlinga byggjer på samtykke
Rettane gjeld med dei avgrensingane som følgjer av personvernregelverket og anna lovgiving. Dersom du trekkjer tilbake eit samtykke, påverkar det ikkje lovlegheita av behandlinga som skjedde før samtykket blei trekt tilbake.
Kontakt oss på rvts@helse-bergen.no dersom du har spørsmål, ønskjer innsyn eller vil bruke andre rettar.
Lovregulering
Personopplysningslova inneheld reglar for korleis personopplysningar som blir samla inn, vil bli handsama, korleis dei blir tryggja, kven som har tilgang til opplysningane, og om dei blir utleverte til andre.
Klage
Viss du meiner at behandlinga av personopplysningar ikkje stemmer overeins med det som er skildra her, eller at vi på anna vis bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.
Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på tilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no.