Traumer og digitale krenkingar på årets Septemberkonferanse

Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause, ofte skjult og anonymt. På Septemberkonferansen 2026 skal vi sjå nærare på dette.

Publisert 24.02.2026
Sist oppdatert 25.02.2026
Mette Garmannslund og Steinar Hvål

Foto: Sylvia Haukanes

Mette Garmannslund, Steinar Hvål og Linda Thomassen er fagkomité for årets konferanse. Bilete av Linda i saken.

Dagens mediebilete er prega av globale avsløringar, digitale lekkasjar, rykter og stadig nye bølger av offentleg eksponering.

Septemberkonferansen 2026 inviterer til fagleg fordjuping i eit tema som rører ved både individ og samfunn: digitale krenkingar. 

Mette Garmannslund, Steinar Hvål og Linda Thomassen er fagkomité for årets konferanse. Dei meiner at temaet er meir  aktuelt enn nokon gong. 

Digitale krenkingar – eit høgaktuelt tema om dagen 

Linda Thomassen
Linda Thomassen.

Vi lever i ei tid der det digitale ikkje lenger er ein arena – det er ein del av livet.

– Krenkingar skjer ikkje berre ansikt til ansikt, fortel dei. – Dei skjer i kommentarfelt, i lukka meldingstrådar, gjennom deling av bilete, gjennom uthenging og digital utestenging. Og dei skjer raskt, grenselaust og ofte anonymt. Å skilje mellom online og offline er ikkje lenger spesielt nyttig, og har heller kanskje aldri vore det? 

– Samtidig ser vi i dagens mediebilete korleis digitale strukturar og verktøy kan forsterke både maktmisbruk, ryktepress og kollektiv fordømming. Når informasjon spreier seg globalt på sekundet, blir konsekvensane for dei involverte djupe – både psykologisk, sosialt og rettsleg. 

Fagleg og samfunnsmessig fenomen 

I ingressen for septemberkonferansen vert digitale krenkingar omtala som eit eige fagleg og samfunnsmessig fenomen. 

– Tradisjonelt har vi forstått vald, overgrep, mobbing, trakassering og utestenging innanfor fysiske eller sosiale rom. I digitale rom kan handlingar vere vedvarande, søkbare og uutslettelege, seier Mette. 

– Ei digital krenking kan leve vidare i årevis. Den kan bli delt, lagra, manipulert og brukt på nytt. Det endrar både traumebelastninga og behovet for oppfølging. 

Dei meiner at vi treng eit språk og eit fagfelt som tek dette på alvor, ikkje berre som «nettproblem», men som reelle traumeerfaringar. 

Kan vere traumatiserande

Mette fortel at mange digitale krenkingar ikkje berre er ubehagelege, dei kan og vere traumatiserande. 

– Når eit bilete blir delt utan samtykke. Når ein person blir utsett for systematisk trakassering. Når ein opplever å miste kontroll over eiga historie i offentlegheita. Ein kan også oppleve å bli overvåka og kontrollert ved hjelp av digitale verktøy. Då handlar det ikkje lenger berre om kommunikasjon. Det handlar om tap av tryggleik, identitet og verdigheit, seier Mette. 

– Traume i digitale rom kan vere like reelle som traume i fysiske rom. Kroppen skil ikkje mellom fysisk og digital trussel. Opplevinga av fare og maktesløyse er like sterk. 

Ein person som trykker på tastatur
Skjult bak tastaturet

Det er lettare å bryte grenser og krenke andre når ein sit langt unna og er verna bak ein skjerm. 

Kven blir ramma? 

Linda fortel at alle kan bli ramma av digitale krenkingar. Det gjer også at målgruppa for konferansen er brei. 

– Barn og unge kan oppleve digital mobbing og sosial ekskludering. Vaksne kan bli utsette for trakassering, digital kontroll eller uthenging. Fagpersonar og menneske i offentlege roller kan oppleve kampanjar, feilinformasjon og kollektiv digital fordømming, seier ho. 

Steinar fortel at det er lettare for barn, unge og vaksne å bryte grenser og krenke andre når ein sit langt unna og er verna bak ein skjerm. 

– Kjensla av ansvar og innsikt i konsekvensane av eigne handlingar, blir i mange tilfelle redusert. Krenkande handlingar er rett og slett meir tilgjengelege digitalt. Sjå berre kva folk skriv i kommentarfelt, og kva som blir delt på Snap, seier han. 

Mette fortel at det som gjer digitale krenkingar særlege, er at dei ofte er skjulte. Mange opplever dei åleine – utan vitne og utan at omgjevnadene forstår omfanget. Det kan føre til isolasjon og skam. 

Vil ikkje svartmale 

–  Septemberkonferansen handlar ikkje om å svartmale teknologi, seier Steinar. –  Målet er heller å sjå heile biletet: Teknologi gir oss nye moglegheiter, fellesskap og erfaringar – men jo større kraft verktøya får, desto større blir også ansvaret for korleis vi brukar dei.  

Linda fortel at det er  fleire eksempel som viser positive sider ved bruk av digitale strukturar og verktøy.   

– Eit kjent eksempel er dokumentaren “Ibelin”, som handlar om Mats «Ibelin» Steen som var ramma av ein muskelsjukdom. Han gjekk glipp av erfaringar som er vanleg for ungdommar i hans alder. Erfaringar han likevel fekk gjennom figuren Ibelin når han spela War of Warcraft. 

–  Delar av programmet vil også belyse positive sider ved spel og nettbruk, seier ho. 

Kva håpar de deltakarane sit igjen med etter konferansen? 

Fagkomiteen håpar at deltakarane vil få ei djupare forståing, eit meir presist språk og nokre konkrete verktøy i møte med menneske som har opplevd digitale krenkingar. 

–  Når vi har jobba med innhaldet i programmet, så har vi fått fleire aha-opplevingar. Kanskje vil deltakarane også få det. 

Dei meiner at noko av det som er aller viktigast: ei erkjenning av at digitale krenkingar ikkje er eit sidefenomen. Dei er ein del av vår tids samfunnsstruktur. 

–  Den digitale utviklinga går raskare enn reguleringane, raskare enn forskinga. Ofte raskare enn den etiske refleksjonen. Difor treng vi møteplassar som denne, seier dei. 

– Vi har invitert forskarar, praktikarar og aktørar frå både Noreg og internasjonalt for å hjelpe oss med å bli klokare. 

– Dersom digitale krenkingar er grenselause, må også ansvaret og kunnskapen vere det, avsluttar dei.