Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
Illustrasjon av ei gruppe unge saman

Om Livet på timeplanen

Opplæring for skuletilsette og helsesjukepleiarar om korleis møte og følge opp elevar ein er bekymra for

Mål 

  • LPT skal bidra til at skuletilsette og helsesjukepleiarar som er bekymra for ein elev,  opplever det trygt å ta initiativ til samtale og oppfølging
  • Skulen skal ha klare prosedyrar som tilsette er trygge på å følgje når elevar strevar,  sjølvskadar, har sjølvmordstankar, utøver sjølvmordsåtferd eller blir etterlatne ved sjølvmord eller brå død
  • Programmet skal sikre at skulen etterlever krav i lovverket og føringar i sentrale handlingsplanar, veiledarar og andre styringsdokument.

Sjå intervju med rektor, lærar, sosialrådgjevar og helsesjukepleiar

Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.

Innhald 

Gjennom opplæring, praktisk trening og nettverksstøtte skal skuletilsette og helsesjukepleiarane bli tryggare på: 

  • Å gjennomføre viktige samtalar med elevar 
  • Å kjenne til og kontakte relevante støtteinstansar, både før og etter ein elevsamtale  
  • Å arbeide systematisk for å etablere ein førebyggande kultur på og mellom skulane i kommunen, i samarbeid med helsesjukepleiarar og andre ressurspersonar.  

Programstruktur og kommunen si forplikting  

Forankring 

  • Kommunen kallar inn relevante partar til møte med RVTS/RKBU Vest for gjennomgang av skuleprogrammet 
  • Kommunen underskriv samarbeidsavtale med RVTS/RKBU Vest der deltaking i ein “Randomisert kontrollert studie” (RCT) er ein del av avtalen. Alle skulane og helsesjukepleiarane i kommunen forpliktar seg til å delta, noko som  aukar sannsynet for ønskt effekt.  
  • Kommunen peikar ut ein kontaktperson som koordinerer informasjonen mellom kommunen og RVTS/RKBU Vest.  

Før oppstart 

  • Kvar skule peikar ut to LPT-ressurspersonar, fortrinnsvis sosialpedagogisk rådgjevarar, miljøterapeutar, avdelingsleiarar eller andre relevante personar.
  • Alle helsesjukepleiarane i kommunen blir og definerte som LPT-ressurspersonar.
  • Alle skuletilsette fyller ut det første spørjeskjemaet til RCT-studien før oppstart.
  • Halvparten av skulane (pulje 1) blir tilfeldig trekt ut til å delta det første året Utvalde ressurspersonar, inkl helsesjukepleiarane i pulje 1, deltek på tre dagers grunnopplæring i regi av RVTS/RKBU Vest. Etter desse tre opplæringsdagane er dei formelt LPT-ressurspersonar.
  • Dei same ressurspersonane deltek på eit dagskurs i regi av RVTS/RKBU Vest der dei får opplæring i innhald og gjennomføring av Portnerkurset (eit dagskurs  for alle skuletilsette).   

Iverksetting 

  • Ressurspersonane gjennomfører Portnerkurset (dagskurs) for alle skuletilsette  
  •  Skulane fullfører RCT-studien ved å svare på det andre og tredje spørjeskjemaet under iverskettingsfasen.  
  • Dei resterande skulane (pulje 2) blir inkluderte i programmet og følger same struktur som pulje 1 
  • Ei  hovedressursgruppe blir etablert der  skuleleiarar og  leiar for helsesjukepleiane peikar ut ein LPT-ressursperson frå kvar skule samt ein  helsesjukepleiar frå  barneskulen og ungdomsskulen (eventuelt vidaregåande).  
  • Hovudressgruppa har direkte kontakt med RVTS/RKBU Vest og møter minst tre gonger  årleg for å følgje opp innhaldet i samarbeidsavtalen.  
  • LPT-ressurspersonane og helsesjukepleiarane deltek på VIVAT-kurset: “Førstehjelp ved selvmordsfare”. 

Driftsfase 

  • Gjennomføre LPT-nettverkssamlingar 
  • Gjennomføre LPT-fagsamlingar  
  • Faste møte i hovedressursgruppa (RVTS Vest kallar inn) 
  • Gjennomføre Portnerkurs ved behov 
     

Gevinst for kommunen og skulen 

  • Alle tilsette på skulen får kunnskap om tema mange opplever som vanskelege å snakke om 
  • Alle tilsette får øving  i samtaleteknikk 
  • Nokre skuletilsette og helsesjukepleiarane får utvida kunnskap om  psykisk helse og samtaleøving (Ressurspersonar) 
  • Ressurspersonane får tilgang til ei internside der dei kan:  
  • Stille spørsmål til RVTS Vest/RKBU Vest og ressurspersonar i andre kommunar 
  • Få tilgang til andre kommunar sine planar  
  • Dele og motta erfaringar frå andre skular.   
  • Fagsamlingar og nettverkssamlingar gir ressurspersonane auka fagkunnskap og betre innsikt i  kommunen sine støttetilbod 
  • Skulen sikrar etterleving av lovkrav og føringar i sentrale handlingsplanar og rettleiarar 
  • Kommunen får styrka kompetanse på psykisk helse og førebygging av sjølvskading og sjølvmord. 

 

Spørsmål og svar  

Dei første kursa bør gjennomførast på kvar skule. Etter kvart kan kommunen halde årlege kurs etter skulestart for nye tilsette på tvers av skulane.  

 

Rektor må ha ein prosedyre for å velje nye ressurspersonar når nokon sluttar. Den nye ressurspersonen tek kontakt med RVTS Vest for å avtale opplæring. Plakatar med oversikt over ressurspersonane vil henge på skulen.  

 

Kommunen sin hovudkontakt og kommunalsjef  for oppvekst/skule  har ansvar for å sikre at nye ressurspersonar blir inkluderte i gruppa ved behov.   

 

For å sikre at  kunnskapen frå Porterkurset blir vedlikehalden, bør hovudelementa frå kurset jamnleg integrerast i teammøte, avdelingsmøte eller andre fora. Viktige tiltak inkluderer: 

  • Gjennomgang av hovudpunkta frå Portnerkurset (gode råd for samtale).
  • Øving på samtalesituasjonar, til dømes caset “Frida” på snakkemedbarn.no
  • Rektor kan be ressurspersonane repetere sentrale moment  på eit fellesmøte.  

OBS: Dei som ikkje har teke Portnerkurset, skal delta på neste tilgjengeleg kurs.  

 

Ressurspersonane får opplæring av RVTS Vest/RKBU Vest og deltek på VIVAT-kurset “Førstehjelp ved selvmordsfare”. Dei har tilgang til ei internside for erfaringsutveksling og  prosedyrar og kan stille spørsmål til RVTS Vest/RKBU Vest. Vidare får dei fagleg påfyll gjennom fag- og nettverkssamlingar.   

 

Sist oppdatert 12.06.2025