Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av ei gruppe unge saman

Om Livet på timeplanen

Opplæring for skuletilsette og helsesjukepleiarar om korleis møte og følge opp elevar ein er bekymra for

Mål

Livet på timeplanen (LPT) skal bidra til at:  

  • skuletilsette og helsesjukepleiarar som er bekymra for ein elev, opplever det trygt å ta initiativ til samtale og å følge opp denne også når tema er sjølvskading, sjølvmordstankar, sjølvmordsforsøk og sjølvmord/brå død. 
  • skulen har prosedyrar som tilsette er trygge på å følge når elevar sjølvskadar, formidler/utøver sjølvmordsatferd, dør eller blir etterlatne ved sjølvmord eller brå død. 

Sjå intervju med rektor, lærar, sosialrådgjevar og helsesjukepleiar 

Innhald  

Gjennom kunnskapsformidling, erfaringsutveksling, praktisk trening og nettverksstøtte skal skuletilsette og helsesjukepleiarane bli tryggare på:  

  • Å gjennomføre samtalar med elevar også når tema er sjølvskading, sjølvmordsatferd (sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk) og sjølvmord/brå død. 
  • Å kjenne til kva støtteinstansar ein kan rådføre seg med før og etter ein elevsamtale, eventuelt korleis og kven ein skal involvere for å sikre vidare hjelp. 
  • Å saman med rektor og andre ressurspersonar bidra i det systemiske arbeidet for å styrke den førebyggjande kulturen på og mellom skulane i kommunen. 

Programstruktur og kommunen si forplikting   

Forankring  

  • Kommunen kallar inn relevante partar til informasjonsmøte med RVTS/RKBU for gjennomgang av skuleprogrammet (administrativ leiing, rektorar med fleire). Då dette tiltaket er relevant som ledd i kommunen sitt overordna førebyggande arbeid, bør også politiske representantar kallast inn. 
  • Kommunen underskriv samarbeidsavtale med RVTS/RKBU. 
  • Dersom alle skulane og helsesjukepleiarane i kommunen deltek, aukar dette sannsynlegheita for ønska effekt. Alternativt kan kommunen først iverksette pilotprosjekt på nokre skular for å teste ut programmet. 
  • Kommunen peikar ut ein overordna kontaktperson som koordinerer informasjonen mellom kommunen og RVTS/RKBU.   

Før oppstart   

  • Kvar skule peikar ut to LPT-ressurspersonar. Prioriter tilsette som allereie har eit ansvar for desse tema, som til dømes sosialpedagogisk rådgjevarar, miljøterapeutar, avdelingsleiarar med fleire. Avhengig av skulestorleik kan talet på ressurspersonar variere. 
  • Alle helsesjukepleiarane i kommunen blir og definerte som LPT-ressurspersonar. 
  • Dersom det er tenleg, opprettar kommunen ei hovudressursgruppe. Gruppa består av kommunen sin kontaktperson og utvalde ressurspersonar frå grunnskulane på ulike nivå eller i ulike bydelar. Helsesjukepleiarar frå barne- og ungdomsskule (eventuelt vidaregåande skule) deltek òg i gruppa. Ved behov kan kommunen involvere andre fagpersonar for å samordne LPT-arbeidet med andre førebyggjande og oppfølgjande tiltak, til dømes Betre tverrfagleg innsats (BTI).
  • Utnemnde ressurspersonar, inkludert helsesjukepleiarane, deltek på tre innleiande samlingar leia av RVTS/RKBU:

    Introduksjon

    2 timar (teams). Tema: innføring i LPT, roller og ansvar, førebuing kurs. 

    Ressurspersonkurs

    2 dagar (fysisk samling). Tema: utvida forståing av psykisk helse, sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord. Refleksjon og praktiske øvingar.  

    Kursleiarkurs Portnarkurset

    3 timar (primært teams/ev fysisk). Tema: Opplæring i innhaldet og gjennomføring av Portnarkurset for skuletilsette.  

    Etter endt kursrekke er det ressurspersonane si oppgåve å halde Portnarkurs. Tematisk er kurset likt innhaldet i Ressurspersonkurset, men på eit meir overordna nivå.  

Iverksetting  

Ressurspersonane 

  • Ressurspersonane gjennomfører Portnarkurset for alle skuletilsette snarast mogleg, inkludert dei som er knytt til SFO/AKS. Portnarkurset kan gjennomførast som eit dagskurs eller på fire utviklingsmøte/avdelingsmøte. Det er utarbeidd ferdig mal for kurset. 
  • Hovudressursgruppa, evetuelt kommunen sin kontaktperson, planlegg LPT-aktivitetane etter mandat nedfelt i samarbeidsavtalen. RVTS/RKBU kan delta på to årlege møte med mål å følge opp innhaldet i samarbeidsavtalen.  

Kommunalsjef/rektorane 

  • RVTS/RKBU vil i samarbeid med kommunalsjef/rektorane utarbeide eller gå gjennom kommunen sin eksisterande handlingsplan ved sjølvskading, sjølvmordsatferd og brå dødsfall i skulen. Målet er ei felles forståing av innhaldet, eventuelt revisjon ved behov.  

Driftsfase  

  • Kunnskap til Portnarane:                                                                                   Ressurspersonane repeterer med jamleg mellomrom viktige læringspunkt på utviklingsmøte eller liknande. 
  • Kunnskap til Ressurspersonane:
    Tilbod om å delta på ulike fagsamlingar som RVTS/RKBU gjennomfører via teams /fysisk og i digitalt nettverk saman med ressurspersonar frå andre kommunar.  
  • Minimum to årlege møte med hovudressursgruppa/eventuelt kommunen sin kontaktperson (dersom det ikkje er etablert hovudressursgruppe). RVTS Vest kallar inn. 
  • Ressurspersonane gjennomføre årlege Portnarkurs for nytilsette. 
  • RVTS/RKBU kan bidra til planlegging og gjennomføring av fagsamlingar innan LPT-tema.    
  • Vurdere å tilby VIVAT-kurset «Førstehjelp ved selvmordsfare» for LPT-ressurspersonane og andre ressurspersonar.   

   
 Gevinst for kommunen og skulen  

  • Alle skuletilsette får kunnskap om og øving i å møte og følge opp elevar ein er bekymra for, også når samtalen inneheld tema som sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord/brå død.      
  • Ressurspersonane får:  
    - utvida kunnskap om sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord/brå død gjennom ressurspersonkurset og seinare tilbod om fagleg påfyll   
    - tilgang til ei internside der ein kan:  1. stille spørsmål til RVTS /RKBU og ressurspersonar i eigen/andre kommunar 2. dele og motta erfaringar frå andre skular.    
  • Støtte til planlegging og gjennomføring av fagsamlingar     
  • Det systematiske førebyggande arbeidet i kommunen og skulane blir styrka. 

 

Spørsmål og svar  

Som hovudregel bør det første kurset gjennomførast på kvar einskild skule. Etter kvart kan kommunen halde årlege kurs etter skulestart for nye tilsette på tvers av skulane.   

Rektor må ha ein prosedyre for å velje nye ressurspersonar når nokon sluttar. Ny ressursperson tek kontakt med RVTS for å avtale opplæringstidspunkt. Plakatar med oversikt over ressurspersonane vil henge tilgjengeleg for dei skuletilsette.   

Kommunen si hovudkontakt/eventuelt stedfortredar har ansvar for at møta blir gjennomførte og å sikre at ressurspersonar blir supplerte ved behov. 

For å sikre at  kunnskapen frå Porterkurset blir vedlikehalden, bør hovudelementa frå kurset gjentakast årleg i utviklingsmøte. Viktige tema kan vere:   

  • Gjennomgang av dei viktigaste læringspunkta frå Portnarkurset i passande fora 
  • Øving på samtalesituasjonar, til dømes “LPT-filmen” eller kasuset “Frida” på snakkemedbarn.no  
  • Rektor kan be ressurspersonane repetere sentrale moment på eit fellesmøte.   

Det er utarbeidd forslag til struktur for korleis dette kan følgast opp. 

Ressurspersonane kan delta på ulike opplæringstilbod initiert av RVTS /RKBU. Dei har og tilgong til ei digital internside der dei kan kommunisere med ressurspersonar i andre kommunar samt kontaktpersonane i RVTS/RKBU.    

  

Sist oppdatert 23.09.2026