Målsetting og innhald
Livet på timeplanen (LPT) er eit kompetanseprogram for skulane som er bygt opp på særskilt tre grunnpilarar:
- Kunnskap om sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord/brå død til alle tilsette, men der eit utval får utvida kunnskap (ressurspersonane)
- Samtaleøving: Kompetanse i å samtale med elevar også når tema dreier seg om sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord.
- Oversikt over støtteressursar: Kunnskap om kva for ressursar ein har tilgjengeleg dersom ein får innsyn i forhold ein ikkje kan eller skal følge opp åleine. Rollene og kva den einskilde kan tilby av støtte bør vere tydeleggjort i ein handlingsplan.
Tilsette i skulen, og ofte også helsesjukepleiarar, møter elevane jamleg og i ulike situasjonar. Dei er derfor godt rusta til å oppdage endringar hos ein elev tidleg. Utfordringar kan kome til uttrykk på ulike måtar og påverke både psykisk og fysisk helse, relasjonar og skuleprestasjonar.
Det kan vere vanskeleg å ta opp bekymringar med barn dersom ein vaksen er redd for kva som kan kome fram i samtalen. Kunnskap om kvifor elevar kan streve, kva konsekvensar vanskane kan få, og kvar ein kan søkje hjelp, gjer det lettare å oppdage og følgje opp elevar tidleg. LPT byggjer slik på dei same prinsippa som samhandlingsmodellen Betre tverrfagleg innsats (BTI).
LPT rettar seg først og fremst mot tilsette i skulen. Auka kunnskap skal gjere dei betre rusta til å oppdage, forstå og følgje opp elevar som strevar. Gode rutinar bidreg også til større tryggleik i møte med sjølvskading, sjølvmordsåtferd og situasjonar der elevar døyr eller blir etterlatne. Fagleg tryggleik kan dessutan gjere det lettare å ta opp desse temaa i klasserommet når det er naturleg eller nødvendig. Målet er å styrkje både tryggleiken og helsa til elevane.
Skuleprogrammet er utvikla av Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest), i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest).
Gatekeepermodellen og roller i LPT
LPT bygger på gatekeeper-modellen, som legg til grunn at det har førebyggjande effekt å lære opp vaksne som regelmessig møter dei same borna i kjende situasjonar. Ei portvakt er ein vaksen som gjennom kunnskap og observasjon kan oppdage endringar i elevane sitt tanke- og handlingsmønster som kan vere bekymringsfulle. Portvakta skal også vite korleis ein kan nærme seg barnet i samtale og, ved behov, kople på andre vaksne for vidare oppfølging. LPT følgjer ein train-the-trainer modell, der opplæringa består av ei ressurspersonopplæring, Portnarkurs og ved behov fagsamlingar.
Livet på timeplanen (LPT) ønsker å styrke skulen sitt systemiske førebyggingsarbeid ved at:
- Alle tilsette får relevant kunnskap og tryggleik til å ta initiativ til og gjennomføre samtalar med elevar dei er bekymra for (Portnerkurs).
- To utvalde tilsette på kvar skule får utvida opplæring innan tema sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord /brå død (Ressurspersonkurs). Desse tilsette, fortrinnsvis tilsette som allereie arbeider med tema, blir tildelt rolla som LPT-ressurspersonar.
- Helsesjukepleiarane i kommunen blir og tildelt rolla som LPT-ressurspersonar.
- Rektor har ansvar for at alle tilsette enten har gjennomført eller skal gjennomføre Portnerkurset, at skulen har ressurspersonar, at kunnskapen blir vedlikehalden, og at skulen har oppdaterte og kjende prosedyrar for å handtere LPT-tema.
- Kommunalsjef for skule/oppvekst har det overordna ansvaret for at skuleprogrammet er forankra på skulane.
Ressurspersonopplæringa
Opplæringa for ressurspersonar består av tre delar:
- Førebuande informasjonsmøte
Alle ressurspersonane deltek først på eit digitalt informasjonsmøte på to timar. Her får dei informasjon om LPT, rolla som ressursperson og andre sentrale tema. - To-dagars kurs
Deretter deltek ressurspersonane på eit fysisk kurs over to dagar (08.30-15.30). Kurset tek opp tema som psykisk helse, sjølvskading, sjølvmordstankar, sjølvmordsforsøk og sjølvmord eller brå død. Det blir òg sett av tid til refleksjon, erfaringsutveksling og øving på vanskelege samtalar. - Opplæring i Portnarkurset
Til slutt deltek ressurspersonane på eit tre timar langt kurs (08.30-11.30 eller 12.30-15.30). Her får dei opplæring i innhaldet i Portnarkurset og korleis det skal gjennomførast. Deretter skal dei halde dette kurset for dei andre tilsette ved skulen.
“LPT-trappa”
LPT-trappa syner korleis LPT-ressursane inngår i ei samanvevd kompetansestige. Sidan helsesjukepleiarane har helsefagleg utdanning, utgjer dei øvste trinnet i “LPT-trappa”:

I tillegg til LPT-ressurspersonane finst det fleire viktige interne støtteressursar. Skulen kan og rådføre seg med eksterne instansar som PPT, barnevern og BUP, avhengig av elevane sine behov. Ressurspersonane vil få kunnskap om desse støtteressursane.
Portnarkurset
Kurset skal gje deltakarane tryggleik i å oppdage, samtale med og følge opp elevar dei er uroa for. Kurset kan gjennomførast på to måtar:
- Eit dagskurs (08:30-15:00), eller
- Fire utviklingsmøter (a 90 minutt inkludert pause)
Viktige tema på Portnarkurset er kunnskap om sjølvskading, sjølvmordsatferd og sjølvmord/brå død. Etter fullført Portnarkurs blir dei skuletilsette Portnarar (trinn to i LPT-trappa).
LPT-fagsamling
På fagsamlingane er formålet å auke fagkunnskapen rundt konkrete tema, som sjølvskading, etterlatteutfordringar med meir. Både skuletilsette og ressurspersonane i kommunen kan delta avhengig av behov. Fleire kommunar kan og samarbeide om fagsamlingar.