Nasjonal kampanje om sjølvmordsførebygging
Helsedirektoratet har nasjonal kampanje om sjølvmordsførebygging i veke 46-49.
Publisert 12.11.2026

Vanskeleg å sette ord på sjølvmordstankar
Hovudbudskapet i den nasjonale kampanjen frå Helsedirektoratet er enkelt, men viktig: Sjølvmordstankar kan vere vanskelege å sette ord på. Derfor treng vi å tørre å spørre når vi er bekymra for nokon. Uansett korleis vi spør, er det viktigaste berre at vi gjer det. Det kan redde liv.
SOS-uka
Samtidig som den nasjonale kampanjen om sjølvmordsførebygging skal gå, arrangerer RVTS'ane SOS-uka; fleire gratis webinar om sjølvmordsførebygging.
SOS-uka er 16.-19. november, men webinara kan sjåast i ein heil månad, så lenge du melder deg på.
Kva kan vi alle gjere?
I kampanjen vert det spurt på ulike måtar korleis ein person har det. Det kan vi alle gjere om vi er bekymra for nokon.
I tillegg kan du:
- dele videoane du ser i sosiale media
- melde deg på SOS-uka
- gjere deg kjent med Helsenorge si nettside om sjølvmordstankar og sjølvmord