Gratis fagveke om sjølvmordsførebygging – sjå innhaldet når det passar deg
I november inviterer RVTS til SOS-uka, ei gratis digital fagveke om sjølvmordsførebygging.

Foto: Sylvia Haukanes
Sjølv om arrangementet går direkte 16.–19. november, kan deltakarane sjå innhaldet når det passar dei.
– Mange ønskjer fagleg påfyll, men har ikkje alltid høve til å vere med akkurat når eit webinar blir sendt. Derfor gjer vi innhaldet tilgjengeleg i opptak, slik at folk kan sjå det når dei har tid, seier Linda Thomassen, rådgivar ved RVTS Vest.
Ho understrekar at tilgang til opptaka føreset at ein registrerer seg på førehand.
– Det er heilt gratis å delta, men du må melde deg på for å få tilgang til innhaldet.
Ei veke full av fagleg innhald
SOS-uka står for Snakk om sjølvmordstankar-uka, og er støtta av Helsedirektoratet. Du møter fagpersonar, erfaringsformidlarar og andre stemmer som løfter fram viktige perspektiv på sjølvmordsførebygging.
Gjennom veka blir det mellom anna sett søkjelys på korleis vi kan forstå sjølvmordstankar, korleis vi kan møte menneske i krise på ein god måte, og korleis vi vågar å ta den vanskelege samtalen når vi er urolege for nokon.
Ein plakat på pauserommet, oppslagstavla eller i resepsjonen kan vere nok til at fleire får vite om tilbodet.
Linda fortel at deltakarane også får høyre sterke personlege forteljingar frå menneske som har eigne erfaringar med tap, kriser og psykisk smerte.
– Vi møter Thomas «Fingern» Gullestad, som mista mora si i sjølvmord då han var ti år gammal. Frå podkasten Psykodrama kjem skodespelarar og podcast-vertar Per Kjerstad og Ole Christoffer Ertvaag for å dele eigne erfaringar med kriser og kva slags støtte som hjelpte dei. Tidlegare fastlege Eirik Nordmo fortel ope om gjeld, rus og sjølvmordstankar.
Endeleg program vert lagt ut på hovudsida til SOS-uka.
Tilpass innhaldet til kvardagen
Ifølgje Linda treng ikkje SOS-uka å vere noko som krev mykje tid eller ressursar.
– Det fine er at kvar arbeidsplass kan bruke innhaldet slik det passar best. Nokre vil kanskje setje av ein fagdag, medan andre brukar ei enkelt økt i eit personalmøte eller som utgangspunkt for faglege refleksjonar. Her kan ein plukke det som er mest relevant.
SOS-uka er aktuell for helsepersonell, tilsette i kommunar, medarbeidarar i NAV og barnevern, frivillige og andre som møter menneske i krevjande livssituasjonar.
Hjelp oss å dele bodskapen
For å gjere SOS-uka kjent for fleire, oppmodar RVTS deltakarar og samarbeidspartnarar til å dele, samt skrive ut kampanjeplakaten.
– Ein plakat på pauserommet, oppslagstavla eller i resepsjonen kan vere nok til at fleire får vite om tilbodet. Vi håpar mange vil hjelpe oss med å spre informasjonen, seier Linda, og festar plakaten på veggen i pauserommet hos RVTS Vest.
SOS-uka er open for deltakarar frå heile landet. Meld deg på før 16. november, så kan du ta del i innhaldet når det passar deg best.