Voldsrisikovurdering – kva er det?
Voldsrisikovurdering handlar om å vurdere om ein person kan utgjere ein risiko for å skade andre, og korleis ein kan førebyggje at slike hendingar skjer.

Kvifor fokus på dei som utøver vald?
Vald aukar, både i omfang og alvor. Dette er eit stort samfunnsproblem som rammar folk uansett alder, kjønn, bakgrunn eller kor dei bur.

Fleire har ansvar for å førebygge
Mange ulike tenester deler på ansvaret for å førebygge og motarbeide denne utviklinga, og fleire har fått konkrete føringar der både ansvar og innhald blir peika på. For å bli betre på dette er det framleis behov for å styrke samhandlinga mellom tenester og etatar.
Kommunane har eit særleg ansvar for dette:
Kommunen skal legge til rette for at helse- og omsorgstenesta blir i stand til å førebygge, avdekke og avverge vald og seksuelle overgrep.
Spesialisthelsetenesta har utvikla metodar for å arbeide med risiko for at ein person kan skade ein eller fleire andre. Kjennskap til desse metodane kan vere med på å redde liv.
Alle kan ikkje gjere ei kompleks vurdering, men alle kan bidra med ei kvalifisert bekymring, og mange kan bidra med ei risikovurdering innanfor sitt eige fagfelt.
Kva inneber ei strukturert voldsrisikovurdering?
- Bruk av strukturert klinisk vurdering (SKV), som kombinerer standardiserte verktøy med fagleg skjønn.
- Identifisering av risikofaktorar og vurdering av korleis situasjon og relasjonar påverkar risikoen.
- Samarbeid med personen det gjeld, når det er mogleg.
- Innsamling av relevant informasjon frå fleire kjelder.
- Fokus på både tidlegare hendingar og noverande situasjon.
- Mål om å hjelpe personen til å leve eit trygt og godt liv.
Vurderingane skal vere systematiske og tilpassa den enkelte. God kompetanse og god informasjon er avgjerande for å gjere trygge og treffsikre vurderingar.
I denne videoen snakkar Helge A. Hoff (psykologspesialist, PhD ved SIFER Vest) om kva ein kan forvente av ei Strukturert klinisk voldsrisikovurdering (SKV) – kva det er.
Kvifor fokus på vald i nære relasjonar og æresrelatert vald?
Riksrevisjonen si undersøking viser alvorlege svakheiter ved myndigheitene sitt arbeid mot vald i nære relasjonar. Den same rapporten peikar også på at «mangelfull kunnskap om æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan føre til at saker ikkje blir avdekte og at voldsutsette ikkje får tilstrekkeleg og eigna hjelp». Æresrelatert vald inngår ofte som ein del av vald i nære relasjonar.
To risikovurderingsverktøy:
Vurdering av vald i nære relasjoner vurdert ved hjelp av SARA-V3
SARA-V3 er eit strukturert fagleg verktøy for risikovurdering med fokus på partnervald.
Les meir om SARA-V3 på SIFER* si nettside
Æresrelatert vald vurdert ved hjelp av PATRIARK
PATRIARK er retningsliner for å gjennomføre strukturerte faglege vurderingar av risiko for æresrelatert vald.
Les meir om PATRIARK på SIFER si nettside.
*SIFER er eit nasjonalt kompetansenettverk for sikkerheitspsykiatri, fengselspsykiatri og rettspsykiatri.
Kontakt
