Traumeskulen

Digitalt kompetanseprogram som skal fremje traumekompetansen i tenester for barn og unge.

Eit barn med ei kappe som strekkjer armen mot himmelen som ein superhelt.

Traumeskulen er utvikla av RVTS Vest og RKBU Vest.

Kven er Traumeskulen for?

Programmet er særleg retta mot tenester som er tett på kvardagen til barna, innanfor sektorar som oppvekst, barnevern og psykisk helsevern. 

Korleis er Traumeskulen bygd opp?

Traumeskulen består av 25 korte undervisningsfilmar, oppgåver og øvingar, fordelt over sju tema som tenesta skal gå gjennom i fellesskap: 

  • Utviklingsperspektivet 
  • Normalutvikling 
  • Utviklingstraumer 
  • Tolke uttrykk og avdekke risiko 
  • Trigger- og stressreduksjon 
  • Utviklingsstøtte 
  • Instrumentet oss 

Korleis ser Traumeskulen ut?

Det forstår vi at er greitt å vite på førehand! Difor har vi laga ein prøveversjon der du kan utforske alle rom. Då ser du innhaldet i Traumeskulen og får oppleve korleis det er å bevege seg rundt. 

Klikk her for å teste ut Traumeskulen! 

Kva krevst av tenesta?

Det må setjast av nok tid til å gjennomføre Traumeskulen. Alle tilsette må sjå filmane, og det må setjast av sju halve dagar til drøfting og refleksjon. Dette bør vere éin gong kvar månad, slik at det tek sju månader å gjennomføre programmet. Alt materiale er tilgjengeleg for tenesta i eitt år. 

Korleis få tilgang til Traumeskulen?

Traumeskulen er utvikla for å gi kompetanse til heile tenester, og er difor ikkje tilgjengeleg for enkeltpersonar. Å få tilgang føreset at ein tenesteleiar tek kontakt med RVTS Vest på vegner av si teneste. 

«Eg har eit par tilsette som ønskjer å ta Traumeskulen»

Traumeskulen er eit program for å løfte ein heil arbeidsplass. Programmet er ikkje meint for enkeltpersonar, verdien ligg i felles læring. 

Kostar det noko?

Tilgang til Traumeskulen blir gitt kostnadsfritt, men er basert på ein kontrakt med RVTS Vest der tenesta forpliktar seg til å gjennomføre programmet som tiltenkt og vedlikehalde kompetansen i personalgruppa i etterkant. 

Tilgjengelegheit

Traumeskulen er open for tenester frå heile landet. Som regionalt senter har vi likevel eit pålagt ansvar for tenester i region vest, og må prioritere desse viss pågangen er stor. 

Er Traumeskulen berre digital?

Traumeskulen er ein rein digital opplæringsressurs. Dersom det er behov for ytterlegare samarbeid, kan tenestene kontakte RVTS i eigen region. For tenester i region vest (Rogaland og Vestland) vil det bli peika ut ein kontaktperson for å styrke samarbeidet. 

Kontakt

Linda Renate Kvalvik.

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394
Sist oppdatert 25.04.2025