Tid og stad
- Når
-
- 10. sep. 2026, 08:30 - 17:00
- 11. sep. 2026, 08:30 - 17:00
- Kvar
-
Radisson Blu Royal
Dreggsallmenningen 1
5003, Bergen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 27. aug. 2026
Påmeldingsskjema
Om årets tema
Vald, overgrep, mobbing, utnytting, utestenging, trakassering og uthenging. Krenkingar skjer ikkje lenger berre i direkte kontakt mellom menneske, men òg på digitale flater og ved bruk av ny teknologi. Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause – ofte skjult og anonymt.
Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?
Septemberkonferansen 2026 set søkjelys på digitale krenkingar som eit eige fagleg og samfunnsmessig fenomen.
Vi har invitert internasjonale og norske forskarar, praktikarar og aktørar for å belyse korleis digitale krenkingar rammar barn, unge, vaksne – fagpersonar og enkeltmenneske i offentlegheita – og korleis vi kan førebygge, forstå og handle i ei digital verkelegheit som utviklar seg raskare enn oss.

Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?
Bekrefta føredragshaldarar
Dr. Sameer Hinduja

Professor, School of Criminology and Criminal Justice, Florida Atlantic University
Dr. Sameer Hinduja er professor ved School of Criminology and Criminal Justice ved Florida Atlantic University, meddirektør for Cyberbullying Research Center og tilknytt Berkman Klein Center ved Harvard University.
Kim Edgar Karlsen

Direktør og psykologspesialist, Alternativ til vold
Kim Edgar Karlsen er direktør for Alternativ til vald, psykologspesialist og fagsjef i Norsk psykologforening. Han skal snakke om konsekvensar av medieeksponering.
Nikolaos Koukopoulos

Stipendiat, UCL Computer Science
Nikolaos Koukopoulos er stipendiat ved UCL Computer Science, der han forskar på teknologiassistert vald i nære relasjonar. Forskinga hans handlar om korleis teknologi vert brukt som middel til kontroll, overvaking og trakassering i partnervald.
Han har bakgrunn som kriminalanalytikar i Serious Crime Analysis Section (SCAS) ved National Crime Agency i Storbritannia, der han analyserte alvorlege seksuallovbrot for å identifisere moglege samanhengar og mistenkte. Han har òg arbeidd som forskingsassistent i eit NSPCC-finansiert prosjekt ved University of Edinburgh om førebygging av tilgang til overgrepsmateriale mot barn.
Han har ph.d. i psykologi frå University of Edinburgh, mastergrad i kriminologisk psykologi frå University of Birmingham og bachelorgrad i psykologi frå Aristotle University of Thessaloniki. Han er Associate Fellow i HEA.
Rune Aune Mentzoni

Instituttleiar, Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen
Rune Aune Mentzoni skal snakke om dei positive sidene ved spel og nettbruk.
Maren Gjesdal

Fagleiar, Politiets nettpatrulje Vest
Tittel på føredraget: «Fra gata til data – nettpatruljen om et trygt digitalt liv»
Maren Gjesdal vart uteksaminert frå Politihøgskulen i 2018. Ho er i dag fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest, der ho har arbeidd dei siste fem åra. Ho jobbar hovudsakleg på nett med å førebyggje kriminalitet ved bruk av sosiale medium og har dagleg dialog med innbyggjarar som står i ulike situasjonar eller utfordringar.
Ho er oppteken av at politiet skal vere der folk er, og vere tilgjengelege for alle. Gjennom ein utradisjonell og målretta bruk av sosiale medium byggjer ho tillit, senkar terskelen for kontakt og når særleg unge – ei gruppe som tidlegare sjeldan tok direkte kontakt med politiet.
Mia Landsem
Datadetektiv, forfattar og etisk hacker
Mia Landsem har sidan barndommen vore driven av rettferd og ønsket om å gjere ein forskjell. Ho er tidlegare nordisk meister i taekwondo og ei sentral stemme innan cybersikkerheit. Som sikkerheitsrådgivar og forfattar er ho kjend for kampen mot deling av nakenbilder utan samtykke. Mia har fått fleire prisar og engasjerer seg sterkt for å gi offer ei stemme.
Pris og praktisk informasjon:
Dei første 100 påmeldte får konferansen til 3000,- for begge dagar.
Deretter er prisen 3750,- for begge dagar.
Konferansemiddag kostar 399,- (Begrensa tal plassar)
Dette er inkludert i prisen (fysisk/digital deltaking)
- To dagar med spennande fagleg innhald!
For digital deltaking kjem dette i tillegg:
- Tilgang til opptak av konferansen i 1 veke.
For fysisk deltaking kjem dette i tillegg:
- Lunsj begge dagar
- Pausemat gjennom dagane
- Arena for nettverksbygging med andre fagpersonar
- Tilgang til standområde
Dette er ikkje inkludert i prisen
- Konferansemiddag (399,-)
- Overnatting (må bestillast og betalast av deltakar sjølv)
Om Septemberkonferansen
Septemberkonferansen er RVTS Vest sin årlege konferanse retta mot fagpersonar som arbeider innanfor våre temaområde.
Konferansen favnar breitt i forhold til tema og målgrupper, og rettar seg mot alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn eller vaksne som har traumeerfaringar.
Septemberkonferansen blei første gong arrangert i 2007, og har sidan då vore ein fast årleg aktivitet for RVTS Vest.