Kommunen skal førebygge, avdekke, avverge, behandle og følgje opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Ein god måte å gjere dette på, er å lage ein handlingsplan med konkrete tiltak.
Dei regionale ressursentra om vald, traumatisk stress og førebygging av sjølvmord (RVTS) kan bistå i arbeidet med å utarbeide kommunens handlingsplan. Det finst eit RVTS i kvar region.
RVTS har kompetanse på førebygging av sjølvmord og sjølvskading – ta gjerne kontakt med ditt regionale senter.
Kvifor handlingsplan?
Kommunen skal førebygge, avdekke, avverge, behandle og følgje opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Ein god måte å gjere dette på, er å lage ein handlingsplan med konkrete tiltak.
Både dei menneskelege og økonomiske konsekvensane er svært store når sjølvmord skjer. Difor er det tilrådd å lage ein eigen kommunal handlingsplan for førebygging av sjølvmord og sjølvskading i forkant. Denne må gjerast kjent, slik at kommunen i større grad kan jobbe med førebygging. Eit mål med ein kommunal plan vil vere å samordne dei ulike tenestene som møter menneske med sjølvmordsåtferd.
Å komme i gang
Når ein skal lage handlingsplanar, er det nyttig å sjå døme på kva andre har gjort før. Tiltaka i planane vil variere etter kommunestorleik.
Døme på handlingsplanar for førebygging av sjølvmord etter kommunestorleik:
Bergen kommune er eit døme på ein stor kommune, med sine 270 000 innbyggarar. Sjå Bergen kommune sin handlingsplan
Askvoll er eit døme på ein liten kommune, med sine 3 000 innbyggarar. Sjå Askvoll kommune sin handlingsplan.
Kort oversikt over stega ved utarbeiding av handlingsplanen:
- Vi tilrår at første steg er å forankre planen på politisk nivå.
- Kommunestyret/bystyret må godkjenne at det skal lagast ein plan med konkrete tiltak og eit tydeleg mandat, og peike ut ein prosjektleiar.
- Prosjektleiar opprettar ei arbeidsgruppe med ulike fagmiljø i kommunen, og samarbeider med aktuelle aktørar.
- Neste steg er at prosjektgruppa arrangerer eit innspelseminar for alle aktuelle aktørar.
- Deretter arbeider arbeidsgruppa vidare med innspel, eigne forslag og utarbeider konkrete tiltak som skal inn i handlingsplanen.
- Neste steg er at forslaget til handlingsplan med konkrete tiltak blir vedteke i kommunestyret/bystyret.
- Deretter har prosjektleiar ansvar for å etablere ei ressursgruppe som gjennomfører dei konkrete tiltaka til rett tid.
- Kommunestyret/bystyret skal sjå til at tiltaka blir gjennomførte til rett tid, i tråd med handlingsplanen.
Innbyggjarinitiativ:
Frivillige/ideelle organisasjonar, stiftingar eller privatpersonar kan ta initiativ. Det vil seie at ein samlar minst 300 underskrifter frå innbyggarar i kommunen. Dette forpliktar bystyret/kommunestyret til å behandle initiativet innan 6 månader.
Etter vedtaket
Vedtak
Når kommunen har vedteke å lage ein handlingsplan mot sjølvmord med konkrete tiltak, er det første viktige steget nådd. Vedtaket må innehalde eit mandat, kva avdeling som har ansvar for å starte innspelseminar og vidare ansvar for å foreslå instansar som bør inviterast inn i ulike arbeidsgrupper. Det kan i tillegg innehalde tidsplan, budsjett og rammer for bruk av arbeidstid for dei som deltek i arbeidsprosessen.
Velge prosjektleiar
Neste steg er å velje ein prosjektleiar frå kommunen som har ansvar for gjennomføring av planarbeidet. Det er avgjerande for prosjektet å velje ein eigna prosjektleiar. Med eigna meinast at personen har gode samarbeidsevner, gjennomslagskraft, har ei sentral rolle i kommunen, får sett av nok tid til arbeidet, har oversikt over heile planarbeidet – og ser til at kvart tiltak blir gjennomført til rett tid.
Organisering av arbeidet
Prosjektleiar må ta stilling til korleis arbeidet skal organiserast. Korleis skal medverknad frå kompetansemiljø eller brukar- og pårørandeorganisasjonar vere? Kva kommunale etatar/avdelingar skal delta i planarbeidet? Spesialisthelsetenesta kan bli ein viktig samarbeidspartnar – kan dei bidra? Skal det tiltak inn mot vidaregåande skular? Då er Opplæringsavdelinga hos fylkeskommunen ein aktuell samarbeidspartnar. Det kan vere lurt å involvere alle instansar som vil få oppgåver i gjennomføringa av planen. Då kan ein sikre betre forankring av tiltaka og eigarskap til sjølve planen.
Opprette arbeidsgruppe
Prosjektleiar opprettar ei arbeidsgruppe som består av ulike kommunale tenester som kan bli omfatta av planen, saman med kompetansemiljø (til dømes RVTS), helseføretak, brukar- og pårørandeorganisasjonar (til dømes LEVE), fylkeskommunen og andre relevante aktørar.
Arrangere innspelseminar
For å få god forankring tilrår vi at arbeidsgruppa startar med eit innspelseminar. Her blir offentlege og private aktørar inviterte. Relevante aktørar i tillegg til kommunens eigne etatar kan vere universitet og høgskular, regionale kompetansesenter, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar, med fleire. Det er lurt å starte med eit innleiande foredrag med fokus på tematikken. Her kan prosjektleiar også presentere kva kommunen allereie har av førebyggande tiltak mot sjølvmord, og kva kommunen ønskjer med planen. Deretter blir deltakarane delte inn i innspelsgrupper, der kvar gruppe har ein førehandsbestemt gruppeleiar og gruppemedlemmer. Gruppene kjem med forslag til tiltak kommunen treng for å få eit tryggare samfunn. Innspela blir samla inn og arbeidd vidare med i arbeidsgruppa.
Planens innhald
Arbeidsgruppene må bruke litt tid på å komme fram til felles plattform og mål for arbeidet med handlingsplanen.
Eit utgangspunkt for å belyse behov for satsing kan vere å sjå på demografien i eigen kommune.
Andre innfallsvinklar kan vere erfaringar frå tenesteapparatet, meldte behov frå innbyggarar og frå interesseorganisasjonar eller enkeltpersonar med erfaring frå temaområdet.
Føringar i nasjonale handlingsplanar må sjåast i samanheng med lokale behov og brukast som utgangspunkt for drøftingar i arbeidsgruppene.
Handlingsplanen må vere brukarvennleg og realistisk. Den må innehalde konkrete tiltak og ei oversikt over kven som har ansvar for å følgje opp dei ulike tiltaka innanfor ein tidsramme. Den bør også peike på kva ein kan gjere i ein akuttfase – til dømes ved sjølvmordsfare, oppfølging av etterlatte og korleis ein kan førebygge «smitteeffekt». Planen må også innehalde eit langsiktig førebyggingsperspektiv.
Forslag til kva som bør undersøkast før planlegging av tiltak:
- Kva veit vi om vår eigen kommune når det gjeld omfang av sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading? (omfang, kjønn og alder)*
- Utforme faktadel om sjølvmord og sjølvskading
- Kva ressursar har vi i kommunen? Kva kan vi bygge vidare på?
- Kva finst i kommunen av førebyggande tiltak mot sjølvmord?
- Kva finst av tilbod/oppfølging for etterlatte?
- Kva eksisterande tiltak må forsterkast?
- Har lokalbefolkninga og interesseorganisasjonar meldt inn behov?
- Korleis er kompetansenivå og erfaringar blant aktuelle faggrupper i kommunen?
- Veit innbyggarane kvar dei kan få hjelp, og er informasjonen lett tilgjengeleg?
* Sjå folkehelseprofilar på Helsedirektoratet si nettside
Korleis jobbe vidare:
- På bakgrunn av undersøkinga blir nye tiltak utarbeidd etter kva kommunen har behov for.
- Når tiltaka skal utarbeidast, tilrår vi å etablere ei arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa bør bestå av personar frå ulike etatar/avdelingar som kan bli berørte av tiltaka.
- I tillegg bør aktuelle samarbeidspartnarar inviterast inn: fylkeskommunen (vidaregåande skular), statsforvaltaren, spesialisthelsetenesta, brukarorganisasjonar/erfaringskonsulentar og relevante regionale kompetansesenter.
- Tiltaka må vere konkrete og vise kva etat/avdeling/person som har ansvar for dei ulike tiltaka innanfor ein tidsramme.
Tiltaka vil vere grunnlag for seinare evaluering.
Vi tilrår å samordne kommunal plan med det som står i rettleiingar og nasjonal handlingsplan for førebygging av sjølvmord.
Det rettleiande materialet til kommunane om førebygging av sjølvskading og sjølvmord vil vere eit nyttig hjelpemiddel i dette arbeidet. Her kan ein lese om både innhald og organisering.
Forslag til aktuelle arenaer for tiltak:
- Skulehelseteneste
- Helsestasjon
- Barnehagar
- Barne- og ungdomsskular
- Vidaregåande skular
- Private skular
- Universitet og høgskular
- Kulturtilbod
- Helsetenester
- Flyktninghelsetenester
- Eldreomsorg
- Brukarorganisasjonar
- Frivillige organisasjonar
- NAV stat/kommune med fleire
Korleis gjere tiltaka kjende:
Kommunens ulike etatar/avdelingar må bli kjende med dei foreslåtte tiltaka som gjeld deira område. Avdeling/etat får desse på høyring og gir tilbakemelding til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa samarbeider med den aktuelle avdelinga/etaten for å tilpasse tiltaka. Handlingsplanen blir deretter sendt til godkjenning, politisk eller administrativt.
Frå plan til handling
Når planen er vedteken i kommunestyret eller bystyret, er tida komen for gjennomføring.
- Ein måte å gjere dette på, er at prosjektleiar dannar ei ressursgruppe. Ei ressursgruppe består av instansar som har delteke i utarbeidinga av handlingsplanen. Gruppa knyter til seg aktuelle fagmiljø og organisasjonar som vil bidra i gjennomføringa. Dei skal gjennom oppfølgingsmøte sikre, koordinere og evaluere gjennomføringa av planen.
- Ein bør sikre at leiarar for fagområde som er inkluderte i planen førebur organisasjonen/avdelinga si på gjennomføring. Dette blir gjort ved å ta det inn i kompetanseplanar og budsjettprosessar.
- Tiltaka i handlingsplanen må kvart år sikrast ved at kommunen set av øyremerkte midlar.
- Enkelte større tiltak i planen kan krevje eiga arbeidsgruppe for gjennomføring. Det kan til dømes vere å lage informasjonsmateriell, rulle ut kompetansehevingsprogram eller tiltak for oppfølging av etterlatte.
- Det er viktig at det kjem fram i planen kven som har ansvar for kvart enkelt tiltak, tidsrom for gjennomføring, og korleis det skal rapporterast til politiske organ.
Ressursar
- Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord
- Rettleiar om ivaretaking av etterlatne ved sjølvmord
- Sjølvskading og sjølvmord – rettleiande materiell for kommunane om førebygging
- Ressurskart - Ressurskartet er eitt av fleire verktøy for planlegging og organisering av det førebyggande arbeidet mot sjølvmord.
Om nettsida
Nettsida er utvikla av RVTS, og målgruppa er kommunar som skal lage kommunal handlingsplan om sjølvmord og sjølvskading.
Lurer du på noko? Vi tek gjerne imot innspel eller spørsmål.