Personvern
Personvern handlar her om korleis nettsida samlar inn og nyttar informasjonen frå dei som besøkjer den.
Ansvar
Dataansvarleg
- Dataansvarleg er Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.
Databehandlar
-
Databehandlar er Norsk Helsenett SF.
Norsk Helsenett er ein nasjonal tenesteleverandør og ansvarleg for utvikling og forvaltning av nettstaden. Opplysningane som blir samla inn i løysinga, blir lagra i ei skyløysing levert av Optimizely.
Lagring
E-post
På nettsida er det lenker for å sende e-post. Når du sender ei melding, vil namn, e-postadresse og kva du skriv om i meldinga, bli lagra i e-postsystemet til føretaket. Det er derfor viktig at det ikkje blir oppgjeve sensitiv informasjon eller personopplysningar i e-posten, til dømes fødselsnummer og personopplysningar.
Tilbakemeldingar
Du kan gi tilbakemeldingar på nettsidene via skjemaet «Fant du det du leita etter?». Skjemaet er tilgjengeleg på utvalde sider på nettstaden vår. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene.
Dersom du legg inn telefonnummer, fødselsnummer eller e-postadresse, blir desse opplysningane automatisk sletta før innsending. Vi som mottar tilbakemeldinga får derfor aldri denne typen opplysningar. Det er ikkje mogleg å spore tilbakemeldingane tilbake til enkeltpersonar.
Besøksstatistikk
Nettstaden lagrar trafikk- og besøksstatistikk i ei løysing levert av Matomo. Statistikken viser kor mykje kvar enkelt del av nettstaden blir besøkt. Vi kan ikkje spore di bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Døme på informasjon som blir lagra, er tal besøkande på dei ulike sidene, kva nettsider dei kjem frå, kor lenge dei er på nettstaden, og kva nettlesarar som blir brukt. Informasjonen som blir lagra, blir nytta til å forbetre og utvikle tilbodet og innhaldet på nettstaden kontinuerleg.
Lagring av søkeord
Nettstaden lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar. Hensikta med dette er å forbetre informasjonstilbodet vårt. Vi kan mellom anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande vel. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koblast til andre opplysningar om dei besøkande.
Lenker til eksterne nettsider
På nettstaden finn du lenker til andre organisasjonar og verksemder. Personvernerklæringa på denne nettstaden dekkjer ikkje andre nettsider. Når du besøker andre nettsider, må du rette deg etter retningslinjene som gjeld for den aktuelle nettstaden.
Kursadministrasjon
Formål med behandling av personopplysningar
Vi samlar inn og behandlar personopplysningar i samband med administrasjon av kurs og arrangement. Dette omfattar påmelding, utsending av praktisk informasjon, fakturering og oppfølging før og etter kurset.
Kva slags opplysningar blir samla inn
Vanlege opplysningar vi samlar inn er:
- Fullt namn
- E-postadresse
- Telefonnummer
- Organisasjon/arbeidsgjevar
- Eventuelle tilpassingsbehov eller allergiar (ved fysisk deltaking)
Korleis opplysningane blir samla inn
Opplysningane blir samla inn via digitale skjema i Microsoft Forms og LetsReg, og blir behandla i tråd med gjeldande personvernlovgiving.
Deling med samarbeidspartnarar
I enkelte tilfelle deler vi nødvendige personopplysningar med samarbeidspartnarar som bidreg til gjennomføring av kurset.
Samarbeidspartnarane får berre tilgang til opplysningar som er relevante for deira rolle, og er forplikta til å behandle opplysningane i samsvar med databehandlaravtale og GDPR.
Lagring og sletting
Personopplysningar blir lagra så lenge det er nødvendig for å oppfylle formålet med behandlinga, og blir sletta i samsvar med interne rutinar og lovpålagde krav.
Dine rettar
Du har rett til innsyn, retting, sletting og avgrensing av behandling av dine personopplysningar. Du kan òg trekkje tilbake samtykke når som helst. Ved spørsmål, kontakt oss på rvts@helse-bergen.no.
Lovregulering
Personopplysningslova inneheld reglar for korleis personopplysningar som blir samla inn, vil bli handsama, korleis dei blir tryggja, kven som har tilgang til opplysningane, og om dei blir utleverte til andre.
Klage
Viss du meiner at behandlinga av personopplysningar ikkje stemmer overeins med det som er skildra her, eller at vi på anna vis bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.
Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på tilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no.