Auka handlekraft
RVTS Vest skal bidra til auka handlekraft i tenestene og hos fagpersonar. Vi jobbar for at forståing og kunnskap blir til konkrete og kloke handlingar i møte med dei som er berørte av våre temaområde. Vi ønsker å gjere fagpersonar betre rusta til å møte og hjelpe menneske som har vore utsette for traumer og vonde erfaringar, slik at dei kan leve gode liv.
Vi ser at det fører til fleire meldingar, og at dei kjem tidlegare.
Kunnskap og forståing
Vi skal bidra til auka kunnskap og forståing hos tenestene innanfor alle temaområda. Kunnskapen skal vere både forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarstyrt. Vi tilpassar og skreddarsyr kunnskap til tenestene og fagpersonane sine behov, bakgrunn og rolleforståing. Vår kunnskapsformidling omfattar heile livsløpet; barn, ungdommar og vaksne/eldre.
Traumeforståing og kunnskap har gjort ein stor forskjell for meg i mitt arbeid.
Auka tryggleik
Vi skal bidra til auka tryggleik hos fagpersonar og i tenesteapparatet. Våre temaområde omhandlar fagfelt som stiller hjelparen overfor store utfordringar, og som både kan føre til slitasje og usikkerheit rundt faglege val og handlingar. Vi ønsker å styrke fagpersonar i sitt daglege arbeid, gjennom synleggjering av ressursar og tru på eigne ferdigheiter, haldningar og løysingar.
Samarbeid
Vi skal bidra til eit betre samarbeid mellom tenester og sektorar i hjelpeapparatet. Menneske som er berørte av våre temaområde har behov for eit hjelpeapparat som samarbeider, og har ei felles forståing for årsaker, problem og hjelpa som blir gitt. Vi vil bidra til rolleavklaring, gode samarbeidsarenaer og modeller for samhandling. Vi vil styrke dei ulike tenestene i deira forståing av sitt ansvarsområde opp mot andre instansar.
Tenk at vi måtte få RVTS Vest hit for at vi skulle snakke saman!