Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vinnar av Papagenoprisen 2026

Bø blad, lokalavisa for Midt-Telemark, vann Papagenoprisen 2026 for artikkelserien "Kva einaste av oss tel".

Hilde Eika Nesje og Veronica Irmelin Ellingsen mottek prisen av Maud Angelica Behn.

Foto: Helge Brekke

Prisvinnarane mottek prisen av Maud Angelica Behn.

Redaktør for Bø blad, Hilde Eika Nesje, fortel at ho er både glad, stolt og audmjuk over at dei har fått den nyetablerte prisen.

– Lokalavisa sitt oppdrag er å spegle samfunnet og sette søkjelys på ulike deler av det. Sjølvmord er dessverre ein del av verkelegheita vår, og håpet er at me kan vere med og skape ein trygg arena for dei vanskelege samtalene i vårt eige nærmiljø, seier ho.

Journalist Veronica Irmelin Ellingsen har skrive artiklane i serien "Kvar einaste av oss tel", og ho retta ein særleg takk til alle dei som ho har intervjua, og sa at ho er glad for tillitserklæringa det er at dei opna seg for ho i desse intervjua.

 

Å bli peika ut som den første vinnaren av ein nyetablert, nasjonal pris som har som målsetting å «fremme og hedre eksempler på god, håpefull og ansvarlig formidling som kan bidra til å forebygge selvmord», er ei stor tillitserklæring. Berre å bli nominert betyr at ein har sett spor etter seg i det førebyggande landskapet.  

Juryen har hatt ei positivt utfordrande oppgåve med å kåre ein vinnar, med tanke på alle dei gode nominasjonane som har blitt meldt inn. Det er rørande og inspirerande å sjå kva einskildpersonar og organisasjonar gjer for å fremme livshåpet gjennom ansvarleg formidling, og kva dette betyr for mange menneske i samfunnet. 

Viktige kriterie for prisen er blant anna at tiltaket skal auke bevisstheita og kunnskapen om sjølvmordsførebygging gjennom ansvarleg formidling, at det skal løfte fram håp, meistring og alternative løysingar til sjølvmord og bidra til å bryte tabu og redusere stigma. 

Med dette som ramme har juryen kåra ein verdig vinnar av prisen med følgjande grunngjeving:  

Prisen blir delt ut til ein lokal samfunnsaktør som gjennom mot og klokskap har evna å setje sjølvmord, sjølvmordstankar og sjølvmordsførebygging på agendaen over tid. Aktøren har, gjennom innhald og uttrykksform, klart å formidle konsekvensane sjølvmordstankar og sjølvmord kan ha for både individet, familien, støtte- og hjelpepersonellet og samfunnet som heilskap. Gjennom nære intervju har vi kome tett på einskildmenneske som med sine ærlege skildringar har formidla korleis det er å kjenne på livsutfordringar, og å vere etterlatt og berørt, også som fagperson. Samtidig har vi fått eit innsyn i håpet som alle kjenner på, til tross for det dei har vore gjennom.  

Måten desse intervjua har blitt presentert på, viser ein aktør som ønsker å ta ei sjølvmordsførebyggande rolle i lokalsamfunnet. Under logoen «Kvar einaste av oss tel», har lokalavisa over tid samla ulike artiklar relatert til temaet. Redaktøren grunngjev kvifor dei vel å sette søkelys på denne samfunnsutfordringa på følgjande vis:  

«Å skrive om sjølvmord er noko av det vanskelegaste ein redaksjon kan gjere. I ei lita lokalavis er det enda meir krevjande – fordi me er tett på liva til folk i Midt-Telemark. 

Me gjer det likevel, men med opne auge og varme hjarte. Ikkje for å riste i sensasjonar, men for å redde liv. Kvar einaste av oss som bur i Midt-Telemark tel – me betyr noko – i lokalsamfunnet, i omgangskretsen og i den inste sirkelen vår. Sjølvmord har historisk sett vore prega av skam og blitt forteia. Det har blitt betre med åra, med større openheit og meir tabuknekking, men framleis er dette eit tema som er vanskeleg». 

Denne tilnærminga til lokalavisa gjenspeglar seg i alle artiklane. Lokalavisa har heller ikkje gøymt bort tema nedst på nettsida eller kortvarig. Tvert om. Logoen «Kvar einaste av oss tel» er presentert på framsida dagleg. Alle artiklane blir viste med informative og konstruktive titlar i ein karusell som har vore synleg for alle som har besøkt lokalavisa over lengre tid. Dette uttrykker eit viktig signal i seg sjølv: vi er der for deg – ikkje berre i dag, men kvar dag. Vi treng deg – kvar dag.  Ei slik synleggjering er å bryte ned tabu og stigma i praksis.  

Artikkelserien vektlegg at håp kan tennast og at livet kan kjennest verd å leve etter livskriser, utan å forenkle ei slik vending. Denne vinklinga, kombinert med det redaksjonelle uttrykket, syner i praksis korleis små lokalaviser kan ha stor gjennomslagskraft. Avisa syner til fulle at dette temaet kan og må vi løfte fram som grunnlag for handling. 

Juryen meiner også at innhaldet er i tråd med god presseskikk og dei rammene som den reviderte «Ver varsam-plakaten» legg for omtale av sjølvmord i media. Det krev god balanse å skulle manøvrere mellom ønsket om å vere ein ansvarsfull aktør i lokalsamfunnet som vil styrke håpet kontra eit resultat der ein i verste fall nører opp under håpløyse. I dette tilfellet har balansen vore god. 

Gjennom sitt bidrag har vinnaren prioritert eit tema mange kjenner seg åleine om. Slik har ein sett standard for korleis sjølvmord kan løftast fram som samfunnstema. Juryen håper at innhaldet vil nyttast som grunnlag for samtaler både på skular, heimar og andre arenaer. Nettopp fordi temaet er belyst klokt og håpefullt frå mange vinklar. 

Det er også positivt at artikkelserien er utarbeidd som del av samarbeidet med «Samarbeidsdesken», noko som gjer at ein pris til denne lokalavisa også er ei anerkjenning til alle lokalaviser som har sett sorgstøtte, sjølvmordstankar og sjølvmord på agendaen.  

Gjennom tildelinga ønsker juryen å løfte fram viktigheita av at vi saman kan redusere stigma og styrke håpet ved å vere ei tydeleg stemme i det sjølvmordsførebyggande arbeidet, slik vinnaren av prisen har gjort. 

Med dette tildeler vi Papageno-prisen 2026 til Bø Blad og ansvarleg redaktør Hilde Eika Nesje. Då journalist Veronica Irmelin Ellingsen har laga dei fleste artiklane i denne satsinga, ønsker vi å trekke ho fram særskilt i samsvar med nominasjonen. 

Gratulerer – ein verdig vinnar av Papageno-prisen 2026! 

Fagjury  

Papageno-prisen  

Prismottakaren blir peika ut av ein jury oppnemnd av arbeidsgruppa for Papagenoprisen.

Juryen har samansett kompetanse innan sjølvmordsførebygging, formidling, media og erfaringskompetanse.

Medlemmar i juryen:

Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær, Redaktørforeningen 
Hanne Christine Mohn, forskar - Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging
Anders Lie Brenna, redaktør, EnergiWatch 
Juan David Hesjedal, Mental Helse Ungdom 
Nils-Petter Hauge, rådgjevar, RVTS 
Thea Celine Grønvold, ungdomskontakt i LEVE Oslo

 

Foto: Helge Brekke

F.v. Anders Lie Brenna (fagjuryen), Hilde Eika Nesje, Maud Angelica Behn og Veronica Irmelin Ellingsen.

 

Sist oppdatert 28.10.2026