Papagenoprisen
Papagenoprisen vert delt ut av RVTS i samarbeid med LEVE.
Prisen tek utgangspunkt i Papageno-effekten og i fortellingane om Papageno i Tryllefløyta – der håp, støtte og nye moglegheiter blir avgjerande i møte med ei livskrise.
Prisen er tenkt som ein nasjonal medie- og formidlingspris som skal løfte fram ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.

Ein medie- og formidlingspris som premierer ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.
Papagenoprisen kan delast ut til journalistisk arbeid, medieproduksjonar samt kunst- og kulturuttrykk som gjennom sine fortellingar bidreg til håp, meistring og alternativ til sjølvmord – og som styrker trygge samtalar i offentlegheita.
Papagenoprisen skal anerkjenne arbeid som møter menneske i sårbare situasjonar med respekt og verdigheit, og som viser at det finst vegar vidare – også når livet opplevast mørkt og fastlåst.
Slik kan formidling gjennom medium, kunst og kultur vere med på å utvide handlingsrommet for dei som står i ei krise, og verke sjølvmordsførebyggande.
Avgrensing
Papagenoprisen er ein medie- og formidlingspris. Prisen blir ikkje gitt for klinisk behandling, forsking eller fagutvikling.
Jury
Prismottakaren blir peika ut av ein jury oppnemnd av arbeidsgruppa for Papagenoprisen.
Juryen skal ha samansett kompetanse innan sjølvmordsførebygging, formidling, medium og erfaringskompetanse.
Nominasjon
Det blir opna for nominasjon av kandidatar i september kvart år, etter Verdensdagen for sjølvmordsførebygging. Nominasjonar skal gjelde bidrag som er publiserte eller formidla i løpet av det siste året. Informasjon om nominasjonsprosess og fristar blir publisert på nettsidene til RVTS og LEVE.
Forslag til kandidatar
Kven som helst kan føreslå ein kandidat til prisen. Dersom du/de ønsker å føreslå ein kandidat, må følgande vilkår vere oppfylte:
- Forslag skal sendast skriftleg til RVTS Vest (Kontaktinfo under)
- Du skal skrive ei kort og grunngjeven nominasjon på maks eitt A4-ark. Legg ved døme på, eller vis til, arbeidet til kandidaten
- Kontaktinformasjon til kandidaten skal kome fram (e-post og telefonnummer)
- Kandidaten må sjølv seie ja til å bli nominert
Papagenoprisen
Fleire europeiske land har etablert Papagenoprisar. Den norske Papagenoprisen er i ein tidleg utviklingsfase, og skal delast ut for første gong på Verdensdagen for sjølvmordsførebygging i september 2026.
Det er Ressurssentre om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) og Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE) som deler ut Papagenoprisen.