Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Menneske treng menneske
Menneske treng menneske er for deg som er frivillig i lag og organisasjonar, og som ynskjer å bli tryggare i møte med menneske med fluktbakgrunn og traume.
Tilgjengelegheit
Denne ressursen er klar til bruk. Du kan bruke den saman med kollegaer på jobben, eller for deg sjølv.
Målgruppe
Menneske treng menneske er for frivillige lag og organisasjonar
Å delta på fritidsaktivitet kan gje meining og meistring, sosialt fellesskap og glede. Det å ha ein fast avtale i veka kan bety ein forskjell i livet til den som deltar. Å ha sosial tilhørighet kan påvirke vår psykiske helse, det har ein verdi ut over det som skjer her og nå.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
Kva gjer det med deg å høyra kor viktig sosiale fellesskap er?
Kva gjer det med deg å høyra at deltaking i aktiviteter saman med andre er helande?
Kva betyr det for deg å ha sosiale fellesskap?
Drøft gjerne innhaldet i filmen med andre frivillige.
Belastningar og traumer kan setje seg både i kroppen og i hodet. Dei kan brått «vakne» gjennom ulike triggarar; lyd, lukt, gjenkjenning, minner, som igjen kan gje voldsomme og uforståelege reaksjonar. Filmen handlar om korleis vi kan bli aktiverte i hode og kropp, og kva som kan hjelpe oss med å regulere reaksjonane.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
Kva gjorde det med deg å lytta til denne filmen om aktivering og regulering?
Veit du om du sjølv har “triggere” som gjer at du kan mista kontrollen eller få reaksjonar som overvelder deg?
Kva gjer det med deg når du blir trigga…?
Korleis kan du støtte deg sjølv når du vert overvelda?
Korleis kan du støtte menneske som får overveldande reaksjoner?
Kva hjelp kan du gje, utan at det bryt dine grenser?
Kva treng du for å finne rett balanse mellom avstand og nærhet?
Vi er alle ein del av en kulturell oppvekst og kontekst. Kultur finst like mykje hos oss som etnisk norske, som hos menneske frå andre kulturar.
Iblant kan det vere lurt å utforske eigne verdiar, kultur og forståelse – og sjå om det gjev oss betre «briller» og forståelse i møte med andre som tar andre valg enn oss sjølv, til dømes i høve religion og tru. Flyktningar er først og fremst menneske.
Kultursensitivitet handlar om korleis vi kan utforske og møte menneske med ein annan historie enn oss sjølv på ein respektfull måte. Det handlar om å ha eit ope sinn i møte med andre og å bli merksame på korleis vi sjølv blir i møte med mennesker som trur, tenkjer og lever annleis enn oss sjølv
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
Kor bevisst er du din eigen kulturelle bakgrunn, verdiar og haldningar?
Tenk på eit menneske med fleirkulturell bakgrunn du kjenner. Finn likheter (ikke ulikheter).
Kva skjer i deg når den du er sammen med har haldningar du er sterkt uenig i?
Religion og tru kan ha stor plass i mennesker sine liv, og det er lurt å vera førebudd på at andre sitt levesett kan utfordra deg. Reflekter over korleis du kan møte mennesker som har annan religiøs overbevisning enn deg sjølv.
Korleis skape tillit på tross av religiøse og/eller kulturelle ulikheter?
Undersøkingar nasjonalt synleggjer at flyktningar deltek mindre i samfunnet og i frivillig arbeid enn etnisk norske innbyggjarar.
Forsking viser at dei aller fleste som kjem nye til landet vårt ynskjer å bidra, og me veit kor viktig det er med sosiale fellesskap for å kjenna tilhørighet og unngå utanforskap.
Frivilligheita kan ha ei sentral rolle i alle mennesker sine liv. Gode møteplassar på fritida kan vere avgjerande for den psykiske helsa til menneske utan familie og med lite nettverk.
Filmar
På nettsida finn du tre filmar som kan brukast på fellesmøter for frivillige, eller dei kan sjåast av kvar og ein heime.
Innhaldet er eigna til å dela til Frivillighetssentraler, lag og organisasjonar, politikarar og andre interesserte.
Tema i filmane:
Helande fellesskap
Aktivering og regulering
Kultursensitivitet
Lykke til, og har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.
Vi har tatt utgangspunkt i forskning innanfor flyktningar, traume og psykisk helse. Innhaldet er også basert på innspel frå Røde Kors og DNT/Stavanger Turistforening.
Bath, H. (2015). The Three Pillars of TraumaWise Care: Healing in the Other 23 Hours. Retrieved from file:///L:/Skole/Fag%20lit/Bath%203%20pillars%2023_4_Bath3pillars.pdf
Dybdahl, R., Christie, H. J., & Eid, J. (2006). Psykososialt arbeid med barn og familie som er asylsøkere og flyktninger i Norge.
Hayward, M. (2017). Teaching as a primary therapeutic intervention for learners from refugee backgrounds. Intercultural Education, 28(1), 1-17.
Kumar, L. (2001). Djulaha! Om å forstå annerledeshet. Høyskoleforlaget.
Kumar, L. (1997). Mulighetenes barn, å vokse opp med to kulturer.
Kåsin, O. (2008). Flerkulturell – hva er de og hvem er de? In A. M. Otterstad (Ed.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold: fra utsikt til innsikt (pp. 55-77). Universitetsforlaget.
Rugkåsa, M. (2008). Majoriteten som premissleverandør i “flerkulturelt” arbeid. In A. M. Otterstad (Ed.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold: fra utsikt til innsikt (pp. 78-95). Universitetsforlaget.
Montgomery, E., et al. (2010). Trauma and resilience in young refugees: A 9-year follow-up study. Development and Psychopathology, 22(2), 477-489.
Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer – regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.
Solberg, Ø., Nissen, A., Cauley, P., & Andersen, A. J. (2020). Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (Rapport 1/2020). Mental health and quality of life among refugees from Syria after forced migration to Norway: Main findings from the REFUGE study.
Flyktning.net Ressursportal om asylsøkere og flyktninger, med informasjon om rettigheter, psykososial oppfølging, og kommunikasjon.
Frå flukt til fellesskap For deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn, unge og deirafamiliar med fleirkulturell bakgrunn.
Flyktninghjelpen Norsk humanitær organisasjon som hjelper mennesker på flukt over hele verden.
IMDi Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, som styrker kommunenes og andre samarbeidspartneres kompetanse på integrering og mangfold.