Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
Ei jente som held ein mobiltelefon

Sjølvskading og sjølvmordsforsøk

I skulen kan ein møte på elevar som skadar seg sjølv, både med og utan intensjon om å døy.

Forstå 

Det er ikkje alltid lett å skilje mellom sjølvskading og sjølvmordsforsøk: 

 

Definisjonar:

Selvskading defineres som en skade en person påfører seg selv med vilje, men uten den hensikt å dø. I stedet kan hensikten være å regulere følelser eller å kommunisere eller løse problemer i forholdet til andre mennesker, eller andre og sammensatte hensikter. 

Selvmordsforsøk kan vi definere som en bevisst og villet handling som en person har foretatt for å skade seg selv, og som vedkommende ikke kunne være helt sikker på å overleve, men hvor skaden ikke har ført til døden.

Mehlum, Milde og Norevik, s.44 

 

Sjølvskading kan altså ikkje samanstillast med sjølvmordsforsøk, men gjenteken sjølvskading er ein risikofaktor for seinare sjølvmordsåtferd. Derfor er det viktig å fange opp og møte desse handlingane tidleg.   

Både sjølvskading og sjølvmordsforsøk er vanlegare blant jenter, men statistikken viser at det er flest gutar som tar sitt eige liv. Dette minner oss om også å sjå etter andre meistringsstrategiar som kan tyde på indre uro og utfordringar. 

Mange brukar sjølvskading for å handtere sterke og overveldande følelsar. Andre gjer det for å kjenne noko i det heile, for å handtere følelsar av tomheit, nummenheit eller likegyldigheit. Det kan òg vere ein måte å uttrykke indre smerte på eller signalisere ein vanskeleg livssituasjon. For nokre kan sjølvskading vere ein måte å handtere sjølvmordstankar på, noko som gjer det mogleg å halde ut der og då.   

 

Jeg gjorde det for å slappe av. Jeg følte meg forferdelig trist, jeg ristet og det roet tankene mine og jeg sluttet å riste.
Kvaale& Mossige, 2019, s.76

 

På kort sikt kan  sjølvskading opplevast som lindrande, men  over tid kan det utvikle seg til ein destruktiv meistringsstrategi som ein nyttar for å regulere følelsar og handtere problem. Dette kan føre til vedvarande og aukande sjølvskading.

 

Auke i sjølvskading

Dei siste åra har ein sett ei auke i rapportert sjølvskading blant ungdom, både i Norge og internasjonalt. Årsaka er ikkje fullt ut forstått, men utviklinga understrekar behovet for auka merksemd og førebygging. 

 

Mange som sjølvskader skammar seg og prøver å skjule det. Likevel kan medelevar og tilsette vere klar over handlinga og reagere ulikt på denne. Det er viktig å hugse at handlingane kan vere ein måte å signalisere at ein har behov for hjelp. Skuletilsette må prøve å forstå kva ungdommen forsøker å løyse eller meistre gjennom sjølvskadinga. 

Ein del som gjennomfører alvorlege sjølvmordsforsøk kjende på ambivalens i forhold til om dei ville døy eller ikkje. Nettopp i denne usikkerheita rundt om livet er verd å leve, ligg eit førebyggingspotensiale alle kan vere med å påverke gjennom samtale, aktivitet og andre livsfremjande tiltak.  

Gjennom Livet på timeplanen får alle skuletilsette meir kunnskap om sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Ressurspersonane får utvida kompetanse, slik at dei kan rettleie og støtte andre skuletilsette i å møte og hjelpe elevar som slit. 

Førebygge 

Sjølvskading og sjølvmordsforsøk kan vere sosialt overførbart, noko ein har sett i behandlingsinstitusjonar og ungdomsmiljø. Born og unge er blant anna aktive på digitale plattformer, og det finst mange fora der ein kan dele erfaringar, bilde og videoar av sjølvskading. Dette kan på ulikt vis bidra til å normalisere handlinga.

Trygg bruk av sosiale media bør tematiserast av dei vaksne rundt borna. Å snakke med born og unge om fordelar og ulemper med bruk av sosiale media, og korleis dei opplever at det påverkar deira psykiske helse, er viktig. Skulen kan ta dette opp på foreldremøte eller direkte med elevane.  

 

#Chatsafe

#Chatsafe er ein ressurs for ungdom i risiko for sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Ressursen gjev råd om korleis ein kan kommunisere trygt om slike tema på nettet. Det er og laga ein rettleiar for lærarar, foreldre og andre som er i kontakt med unge menneske.  

 

Ein har ikkje funne at nøktern omtale om sjølvskading i heilskaplege program, der det blir skildra som eit problem og ikkje ei løysing, har smitteeffekt. Samtidig kan det å snakke om sjølvskading, med til dømes metodar verke triggande for nokon som sjølvskadar. Ein tilrår ikkje samtalegrupper der sjølvskading blir drøfta ope, men heller at enkelte som treng det, kan snakke med ein vaksen som vedkommande har tillit til. 

På skulen kan ein kan snakke meir overordna om psykisk helse og at nokon bruker lite hensiktsmessige mesitringsstrategiar som til dømes sjølvskading og rus. Ein kan drøfte med elevane at det finnast andre og betre måtar å regulere smertefulle følelsar på. Det å lære elevane at intense følelsar går over av seg sjølv, og drøfte kva andre ting ein kan gjere når ein har det vanskeleg kan vere nyttig.

Eksempel på ting ein kan gjere når det er vanskeleg: 

  • Gå tur 
  • Ta eit bad 
  • Isbading 
  • Intensiv trening 
  • Å danse 
  • Distraksjon 
  • Høyre på musikk som endrer humøret 
  • Kose med kjeledyr 
  • Kreativ aktivitet (fargelegge, male, pusle puslespel, perle) 
  • Vere med ein ven 
  • Snakke med nokon 
  • Kan elevane sjølv komme med eksempel på kva dei gjer når dei har det vanskeleg? 

 

Hjelpe 

Som tilsett på skulen kan ein oppdage at ein elev sjølvskadar, til dømes ved å sjå arr i symjetimen, høyre det frå ein medelev eller at eleven sjølv fortel om det. Då er det viktig at vaksne som eleven har tillit til, vågar å snakke om det som er vanskeleg. Vi må vere opne og prøve å forstå kva som ligg bak handlingane til eleven.  

Skulen har særskilt ansvar for å setje i verk førebyggande tiltak når årsakene til eleven sine utfordingar er knytt til skulekvardagen, som mobbing, utestenging, fagvanskar eller liknande. I andre tilfelle er det forhold som skulen i mindre grad kan påverke. Då treng ein ofte å involvere instansar utanfor skulen om desse ikkje allereie er aktiverte. 

Det er viktig å legge til rette for at eleven kan oppleve meistring på skulen.

Dersom ein elev strevar med gjentakande sjølvskading, får denne ofte hjelp frå helsesjukepleier, BUP eller liknande. I slike tilfelle er det viktig med samarbeid mellom helsetenestene og skulen. Skuletilsette kan få hjelp og rettleiing frå fagpersonar om korleis dei best kan møte eleven på skulen.  

Dersom ein elev ved skulen prøver å ta sitt eige liv, vil dette ofte føre til at eleven får hjelp i helsetenestene, dersom eleven ikkje allereie har eit tilbod. Skulen skal ikkje stå aleine i ein slik situasjon, men kan likevel ha ei viktig rolle for å hjelpe eleven og dei rundt.  

Det er viktig å legge til rette for at eleven kan oppleve meistring på skulen. Ofte, dersom mogleg, vil det vere bra for eleven raskt å gjenoppta daglege rutinar, aktivitetar, og å kome tilbake til eit sosialt fellesskap etter sjølvskadinga/sjølvmordsforsøket. For mange vil skulen vere ein fristad, der eleven kan fokusere på noko anna enn det vanskelege, og representere normalitet, rutinar og venskap.  

For mange vil skulen vere ein fristad, der eleven kan fokusere på noko anna enn det vanskelege, og representere normalitet, rutinar og vennskap.

Etter ei alvorleg hending kan det vere utfordrande for skulen å vite kva informasjon som skal delast med kven. Dette må avgjerast i samråd med den det gjeld og føresette. Medelevar som veit kva som har skjedd, kan kjenne på uro og frykt for at det kan skje igjen. Ein tilrår då nøktern informasjon, til dømes at eleven som har gjennomført eit sjølvmordsforsøk får hjelp av rette instansar og at det er vaksne rundt som ser og følgjer opp. Ein bør fokusere på at medelevar ikkje har ansvar for hendinga, men samtidig rettleie dei i korleis dei kan vere støttande. 

Gjennom Livet på timeplanen får skuletilsette informasjon om korleis ein kan snakke med barn og unge som strevar, og kva som er skulen og andre instansar si rolle når ein elev har det vanskeleg.   

 

Smitteeffekt

Ungdom i skolealder er spesielt sårbare for smitteeffekt av et selvmord. Barne- og ungdomstiden kan i seg selv være en tid der det er vanskelig å mestre sterke følelser. Mindre livserfaring og begrenset modenhetsnivå gjør at mange ungdom strever med å håndtere sterke følelser, mange strever derfor spesielt etter et dødsfall i nettverket, og de kan lettere bli påvirket av andres selvmordsatferd. 

Det å kartlegge og spørre personer med antatt økt risiko er i seg selv anbefalt for å forhindre smitte. Noen kan være bekymret for at det å spørre personer om de har selvmordstanker kan skape en økt impuls til å ta sitt eget liv. Både forskning og erfaring viser at det å snakke åpent med en annen om selvmordstanker og handlinger i en ivaretakende og fortrolig samtale ikke er forbundet med risiko (52). 

Referanse: Selvskading og selvmord – veiledende materiell for kommunene om forebygging 

Sist oppdatert 12.06.2025