Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
Ein tenksam gut med hovudet støtta på hendene

Sjølvmordstankar

Tankar om livet og døden er noko alle menneske har, og i periodar kan slike tankar vere meir framståande.

Forstå 

Tankar om livet og døden er noko alle menneske har, og i periodar kan slike tankar vere meir framståande.  Dei kan oppstå i møte med tap, kriser eller andre belastande livshendingar, men dei kan også vere ein del av den naturlege utviklinga når barn begynner å forstå kva døden inneber.  

Mange barn og unge uttrykker av og til at dei  ikkje orkar meir,  ønsker ein pause frå alt eller til og med vil dø.   

Statistikk om sjølvmordstankar

Internasjonale studiar finn at mellom 14 og 23 % av barn og unge rapporterer sjølvmordstanker (Van Meter et al., 2023), medan ein norsk studie av Eckhoff et al. (2020) fann at:  

  • 13.3% rapporterte sjølvmordstankar 
  • 11.8% rapporterte både sjølvmordstankar og sjølvskading.  

 

Sjølvmordstankar kan variere frå vage refleksjonar til konkrete planar om å ta sitt eige liv. For nokre kan det vere ein spontan tanke, som ein respons på ein vanskeleg situasjon, medan andre har utvikla meir konkrete planar over tid. Når ein person opplever tunnelsyn,  kan døden  framstå ikkje berre som ei moglegheit, men som ei reell løysing.  Tankar som at “andre får det betre utan meg”, “eg er ei byrde for andre” eller “livet kjem aldri til å bli betre”,  kan senke terskelen for sjølvmordsforsøk.

 

Dei fleste som har sjølvmordstankar, tar ikkje sitt eige liv.

 

Likevel er det  heldigvis langt frå tanke til handling. Dei fleste som har sjølvmordstankar, tar ikkje sitt eige liv. Tankane kjem og går, og nokre lever med dei over tid.  Sjølvmordstankar er ofte ein reaksjon på ein vanskeleg situasjon, og det er avgjerande at vaksne tar slike tankar på alvor.  Gjennom samtale kan vi forstå kva tankane betyr for den enkelte, og gi nødvendig støtte   

I Livet på timeplanen får skuletilsette  kunnskap om sjølvmordstankar og korleis dei  kan møte barn og unge som strevar.  

Førebygging 

Ein norsk studie viser  at ein god relasjon til lærar og eit godt klassemiljø er beskyttande faktorar mot sjølvmordstankar. Dette understrekar kor  viktig arbeidet med  det psykososiale miljøet på skulen er for førebygging.  

Barn og unge snakkar ofte med vener når dei har det vanskeleg. Vener kan difor bli dei første - og av og til dei einaste - som får innblikk i andre sine sjølvmordstankar. Nokre ungdommar føler seg forplikta til å vere tilgjengelege heile tida, svare på meldingar og telefonar om natta eller på feriar. Det er ikkje lett for ein ungdom å vurdere om utsegn om sjølvmord er eit rop om hjelp eller noko meir alvorleg.  

Det kan vere nyttig å samtale med elevane om å sette grenser for kva hemmelegheiter dei skal halde på. Ungdom har ofte sterk lojalitetsfølelse ovanfor venene sine, men det er viktig at sjølvmordstankar ikkje er noko ein skal halde for seg sjølv. Skulehelsetenesta og andre vaksne i skulen bør vere tydelege på at elevar må involvere vaksne dersom ein ven har sjølvmordstankar eller skadar seg sjølv.  

Ungdom som mista bestevenninnna i sjølvmord, beskriv opplevinga slik: 

Følelsen av å kjenne at du ikke får nok luft i lungene når du trekker pusten. Når du føler deg alene om å forsøke å holde hodet over vannet på en som ønsker å drukne, da drukner du nesten selv også.
Fedøy, 2018

Hjelpe 

Sjølvmordstankar skal alltid takast  på alvor. Skuletilsette er tett på elevane kvar dag, og blir ofte omtalt av barn og unge som ein ønska samtalepartnar.  

Sjølvmordstankar skal alltid takast  på alvor.

I Livet på timeplanen blir det vektlagt at det ikkje er tilfeldig kven eleven vel å opne seg for. Ulike elevar vil oppleve ulike vaksne som trygge samtalepartnarar, og  difor må alle vaksne vere førebudde på å kunne ta slike viktige samtalar. Skuleprogrammet rettar seg derfor mot alle tilsette, ikkje berre lærarane. Auka kunnskap vil kunne bidra til at ein er i stand til å ta imot slik informasjon, og utforske denne saman med den unge.   

Like viktig som å tole å stå i den viktige samtalen saman med eleven, er det å forstå når ein må kople på andre støtteressursar. Skuletilsette skal ikkje stå åleine i slike situasjonar. I samråd med eleven sjølv og familien, skal ein involvere andre fagpersonar når det er behov for det. 

 

Bakken, V., Lydersen, S., Skokauskas, N., Sund, A. M., & Kaasbøll, J. (2024). Protective factors for suicidal ideation: A prospective study from adolescence to adulthood. European Child & Adolescent Psychiatry, 33(12), 3079–3089. https://doi.org/10.1007/s00787-024-02379-w 

Bakken, V., Lydersen, S., Skokauskas, N., Sund, A. M., & Kaasbøll, J. (2025). Protective factors for suicidal ideation and suicide attempts in adolescence: A longitudinal population-based cohort study examining sex differences. BMC Psychiatry, 25, 106. https://doi.org/10.1186/s12888-025-06552-6 

Eckhoff, C., Sørvold, M. T., & Kvernmo, S. (2020). Adolescent self-harm and suicidal behavior and young adult outcomes in indigenous and non-indigenous people. European Child & Adolescent Psychiatry, 29(7), 917–927. https://doi.org/10.1007/s00787-019-01406-5 

Fedøy, K. (2018, 7. september). Det kom ingen neste dag for Marta. LEVE. https://leve.no/leve_stories/det-kom-ingen-neste-dag-for-marta/ 

Van Meter, A. R., Knowles, E. A., & Mintz, E. H. (2023). Systematic Review and Meta-analysis: International Prevalence of Suicidal Ideation and Attempt in Youth. Journal of the American Academy of Child & Adolescent Psychiatry, 62(9), 973–986. https://doi.org/10.1016/j.jaac.2022.07.867 

 
Sist oppdatert 12.06.2025