Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
Ei gruppe ungdomar med hendene som lagar ein kikkert framfor augo

Psykisk helse

Alle har ei psykisk helse. Denne pregar oss gjennom tankar, følelsar og relasjonen til oss sjølv og andre.

Forstå  

Psykisk helse handlar om korleis vi har det i kvardagen, og omfattar både gode og utfordrande opplevingar.  Det er normalt at livet går “opp og ned”, og at vi kjenner på ulike følelsar som glede, tristheit, sinne, skuld og skam. Å forstå at desse følelsane er normale og kan gje oss verdfull innsikt i kva vi treng, kan hjelpe  oss med å  oppnå positive endringar i livet.  

Dersom psykiske utfordringar blir langvarige og i stor grad påverkar kvardagen vår, kan det dreie seg om ei psykisk liding. Dette er tilstandar som over tid påverkar tankar, åtferd, følelsar og evna vår til å fungere i samspel med andre. Om lag halvparten av befolkninga i Noreg vil oppleve dette i løpet av livet og ha behov for støtte frå hjelpeapparatet.  Å møte trygge vaksne tidleg i livet som bidrar til ei kjensle av å bli sett og forstått, kan føre til at ein også seinare ser verdien av å opne seg for andre.  

Førebygge  

Dei fleste menneske klarer å tilpasse seg utfordringar og meistrar kvardagen sjølv når livet byr på motgong. Stress er ikkje nødvendigvis negativt! Stress som er forutsigbart, avgrensa og moderat, kan bidra til å styrke motstandskrafta vår. Derimot kan stress som er vedvarande, ekstremt og uforutsigbart gjere oss sårbare. 

For å styrke den psykiske helsa og førebygge psykiske lidingar, er det viktig å skjerme barn og unge frå skadelege risikofaktorar og samtidig bygge opp beskyttande faktorar gjennom gode livsvilkår.  

 

Risiko- og bekyttelsesfaktorar

Risikofaktorer er forhold som øker risikoen for at barn og unges utvikling hindres eller hemmes og kan være knyttet til barnet selv, til foreldre og/eller i miljøet for øvrig. Tilsvarende brukes beskyttelsesfaktorer om forhold som demper risikoen for å utvikle problemer når risikofaktorer er til stede, som for eksempel positive familiemessige forhold.

Kjelde: Helsedirektoratet (2018)

 

Barn si utvikling skjer i samspel mellom ulike dimensjonar i eit barn sitt liv: barnet sjølv, foreldra si omsorg, og forhold i familie og nærmiljø. Dette er illustrert i kunnskapsmodellen «Barns behov i sentrum».

Modell som viser ei barn sitt behov
Kunnskapsmodellen «Barns behov i sentrum».

Dei ulike sidene i modellen heng saman og påverkar kvarandre. For eksempel kan barnet sitt temperament og andre kjenneteikn ved barnet sjølv påverke relasjonen til både familie, venner og skule. Eit barn kan altså vere meir sårbart gjennom sin veremåte og manglande meistring, og slik i risiko for skeivutvikling. Samtidig kan barnet ha god støtte gjennom venner, skulemiljø og foreldre, noko som kan redusere sjansen for skeivutvikling.  Motsett kan eit barn bli utsett for mobbing som ikkje blir fanga opp verken heime eller på skulen. Dette kan i sin tur medføre auka risiko for skeivutvikling.  

Barns behov i sentrum er ein kunnskapsmodell som kan brukast som eit praktisk verktøy for å få oversikt over barnet sitt behov.  Modellen kan og vere relevant å bruke i samtale med barn, unge eller foreldre, og kan vere eit samhandlingsverktøy mellom ulike instansar for å sjå kva utfordringar og beskyttande faktorar eit barn har rundt seg, og kva barnet kan ha behov for av hjelp.  

 

Hjelpe  

At man, når det i sannhet skal lykkes en å føre et menneske til et bestemt sted, først og fremst må passe på å finne ham der hvor han er og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst.
Søren Kirkegaard

 

God psykisk helse heng saman med eit godt liv, og vi kan alle vere viktige støttespelarar for nokon som har det vanskeleg. Ein treng ikkje å vere lege, helsesjukepleiar eller psykolog for å hjelpe. Det kan bety mykje å ha ein trygg og støttande forelder, besteforelder, ven, skuletilsett eller trenar.   

Det er ikkje alltid lett  å sjå utanpå  korleis ein person har det, sjølv om vi av og til kan bli bekymra ut ifrå det vi observerer. Den einaste sikre kjelda til kva som skjer i eit menneske sitt liv, og korleis vedkomande opplever det, er personen sjølv. For å kunne hjelpe må ein kunne snakke med den ein er bekymra for, på ein måte som gir tryggleik til å opne seg.  

Tidlegare meinte ein at slike samtalar burde bli overlatne til ekspertar. I dag tenker vi det er viktig at også dei som står barnet nær har samtalekompetanse. Den vi har tillit til, er ofte den vi opnar oss for når noko kjennast vanskeleg. Ein samtale med ein som bryr seg, kan utgjere skilnaden mellom å bli gåande åleine med ei tung bør, eller å få den støtta og hjelpa ein treng.  

Livet på timeplanen (LPT)  

LPT er eit kompetanseprogram for alle skuletilsette med mål om å styrke tryggleiken i samtale med elevar ein er uroleg for. Programmet er utvikla for å forebygge sjølvskading og sjølvmord, og har spesielt fokus på desse tema. Samtidig får dei tilsette kunnskap om risikofaktorar for skeivutvikling, slik at ein kan fange opp barn i risiko tidleg, før sjølvskading og sjølvmordsåtferd utviklar seg.  

Ein trygg hjelpar tek kontakt med eleven ein er bekymra for, men er og trygg nok til å kople på andre hjelparar når det er nødvendig. I dag finst det ressursar som kan hjelpe tilsette med å øve på og bli tryggare i samtalar med born og unge. Portalen snakkemedbarn.no er ein særleg verdifull ressurs.  Å bruke denne er ein viktig del av skulen sitt arbeid med å vedlikehalde kunnskapen dei tilsette får gjennom LPT-opplæringa.  

Helsedirektoratet (2018): Kunnskapsgrunnlag – Metoder for tidlig identifisering av risiko hos barn og unge. IS-2696.


Helsenorge.no (2022, 4. mars).
Kva er psykisk helse? Helsenorge. https://www.helsenorge.no/nn/psykisk-helse/hva-er-psykisk-helse/ 

Masten, A. S., & Barnes, A. J. (2018). Resilience in children: Developmental perspectives. Children (Basel, Switzerland), 5(7), 98. https://doi.org/10.3390/children5070098 

Nettside:

Snakkemedbarn.no

Sist oppdatert 18.06.2025