Årsakene til livsutfordringane eit utval elevar kjenner på, er oftast samansette og kjem til uttrykk på ulike måtar. Konsekvensane og uttrykket varierer frå elev til elev, og kan påverke både psykisk helse, relasjonar og faglege prestasjonar. Ved å møte eleven vi er bekymra for på ein måte som fremjar openheit og tryggleik i samtalen, kan vi bli den viktige vaksne som legg grunnlaget for ein betre kvardag for eleven.
Livet på timeplanen (LPT) er eit kompetanseprogram for skulane med mål om at tilsette og helsesjukepleiarar skal kjenne seg trygge på å ta initiativ til samtalar med elevar dei er bekymra for. LPT består av tre hovudelement:
LPT er eit viktig tiltak i det førebyggjande arbeidet og kan med fordel kombinerast med andre program som adresserer underliggande årsaker til livsutfordringar, som til dømes lærevanskar, manglande meistring, mobbing, rusmiddelproblem eller utfordringar i heimen. LPT kan bidra til at denne kunnskapen blir omsett til praksis ved at ein styrker tilsette si evne til å oppdage, samtale om og handtere vanskelege tema. Mange opplever det som krevjande å ta initiativ til samtalar fordi dei fryktar å ikkje meistre alle tema som kan kome opp, som til dømes sjølvskading eller sjølvmordstankar. Difor er det viktig å ha kunnskap både om kva som kan ligge til grunn for at elevar strevar, kva som kan bli konsekvensen av desse vanskane og kva for ressurs ein kan kontakte for å få støtte i ein tidleg fase. Slik bygger LPT sin forståingsmodell på same prinsippet som til dømes samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfaglig innsats).
LPT utfyller også skuleprogram som har som hensikt å styrke elevane si psykiske helse og meistringsevne, gjennom å fokusere på dei skuletilsette og helsesjukepleiarane si rolle i møte med elevane.
Helsedirektoratet understrekar at helsefremjande og førebyggjande arbeid må skje på fleire arenaer samtidig for å vere mest mogleg effektivt. Derfor er det ein styrke om skuleprogrammet også forankrast politisk, i tillegg til hos skulesjefen/kommuneadministrasjonen. Dette bidrar til at LPT inngår som ein integrert del av det overordna sjølvmordsførebyggande arbeidet i kommunen.
Skuleprogrammet er utvikla av Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld fagleg utvikling og følgeforsking knytt til programmet.
LPT bygger på gatekeeper-modellen, som legg til grunn at det har førebyggjande effekt å lære opp vaksne som regelmessig møter dei same borna i kjende situasjonar. Ei portvakt er ein vaksen som gjennom kunnskap og observasjon kan oppdage endringar i elevane sitt tanke- og handlingsmønster som kan vere bekymringsfulle. Portvakta skal også vite korleis ein kan nærme seg barnet i samtale og, ved behov, kople på andre vaksne for vidare oppfølging. LPT følgjer ein train-the-trainer modell, der opplæringa består av ei ressurspersonopplæring, Portnerkurs, fagsamlingar og nettverksamlingar.
Livet på timeplanen (LPT) ønsker å styrke skulen sitt systemiske førebyggingsarbeid ved at:
Ressurspersonane ved kvar deltakande skule gjennomgår eit tre-dagars grunnkurs arrangert av RVTS/RKBU Vest. Deretter deltek dei på eit dagskurs (opplæring i å halde Portnerkurset) samt VIVAT-kurset “Førstehjelp ved selvmordsfare”. Etter den innleiande opplæringa på fire dagar blir deltakarane ressurspersonar på sine skular. Kommunen sikrar sjølv deltaking på VIVAT-kurset for ressurspersonane. Målet med opplæringa er å gi ressurspersonane djupare innsikt i LPT- tematikken og styrke deira handlingskompetanse. Dei skal kunne rettleie kollegaer til å våge å gjennomføre samtalar med elevar dei er uroa for og ha kompetanse til å følge opp med tiltak. Sidan helsesjukepleiarane i tillegg har helsefagleg utdanning, utgjer dei øvste trinnet i “LPT-trappa”:
Ressurspersonane skal også gjennomføre Portnerkurset på skulen. Dette er eit dagskurs for alle skuletilsette. Kurset skal gje deltakarane tryggleik i å oppdage, samtale med og følge opp elevar dei er uroa for.
Etter fullført Portnerkurs blir dei skuletilsette Portnarar (trinn to i LPT-trappa). Nytilsette som ikkje har gjennomført Portnerkurset, utgjer trinn èin i LPT-trappa og må delta på framtidige Portnerkurs.
Viktige tema på Portnerkurset er til dømes oppdatert kunnskap om psykisk helse, sjølvskading/ sjølvmordstankar og oppfølging av etterlatne.
I tillegg til LPT-ressursperpersonane finst det fleire viktige interne støtteressursar. Skulen har og tilgang til eksterne instansar som PPT, barnevern og BUP, avhengig av elevane sine behov. Ressurspersonane skal ha utvida kunnskap om desse støtteressursane då dei er venta å kunne rettleie kollegaer om korleis ein kan få hjelp til elevar som treng oppfølging.
Når eit program skal integrerast i kommunen sitt førebyggande arbeid, er det viktig at skulen opplever programmet som relevant og formålstenleg. I tillegg til Portnerkurset, legg programmet stor vekt på å styrke samarbeidsstrukturen både internt på skulen, mellom skulen og eksterne instansar, og mellom skulane. RVTS/RKBU Vest tilbyr støtte til to ulike tiltak som kan styrke dette arbeidet:
Nettverkssamlingane har som hovudmål å styrke det systemiske arbeidet ved å trene på aktuelle case saman med relevante ressursar. Eit typisk tema for caset kan vere korleis ein skal følgje opp vedvarande sjølvskading eller eit sjølvmordsforsøk. Målet er å styrke samhandlinga rundt elevar som treng ulik form for støtte.
I tillegg vil ein på slike samlingar kunne drøfte korleis innhaldet i nasjonale handlingsplanar og retningslinjer/veiledarar best mogleg kan integrerast i det systemiske arbeidet i kommunen. På desse samlingane deltek LPT-ressurspersonane og andre interne/eksterne støtteressursar som til dømes PPT, barnevern, BUP med fleire.
På fagsamlingane er formålet å auke fagkunnskapen rundt konkrete tema, som sjølvskading, etterlatteutfordringar med meir. På desse samlingane kan både skuletilsette og ressurspersonane i kommunen delta. Dersom tema er viktig for alle tilsette å få meir kunnskap om, kan dette gjerast på dei ordinære fagdagane til skulen, td i forbindelse med skulestart (kunnskap om mobbing, overgrep, utanforskap med meir).
For å undersøke om deltaking i LPT fører til at skuletilsette i større grad følger opp elevar dei er bekymra for, vil alle kommunane som deltek i programmet også inngå i eit forskingsprosjekt som skal måle effekten av tiltaket. Alle skular som tek i bruk LPT frå 2025, vil delta i prosjektet.
Effekten av programmet blir undersøkt gjennom ein randomisert kontrollert studie (RCT). Alle skulane i kommunen skal delta i skuleprogrammet, men halvparten blir tilfeldig trekt ut til å starte først (pulje 1), medan resten startar etter om lag eitt år (pulje 2). Studien samanliknar skular som har gjennomført LPT (intervensjonsskular) med dei som enno ikkje har starta (kontrollskular).
For å samle informasjon om oppfølging av elevar, blir alle skuletilsette inviterte til å svare på eit spørjeskjema tre gonger:
Det blir oppmoda om å setje av tid til å svare på spørjeskjema, til dømes i personalmøte eller i lærarane si utviklingstid.
Forskinga krev noko ekstra tid, men det er viktig å dokumentere om LPT har ønska effekt på oppfølginga av sårbare elevar. Studien kan også gje verdifull innsikt i strategiar som styrker skuletilsette si evne til å bidra i det helsefremmande arbeidet i skulen og kommunen.