Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
En mann som sitter på en ryggsekk

Sjølvmord

Sjølvmord er den vanlegaste dødsårsaka blant unge mellom 10 og 29 år.

Forstå 

Sjølvmord er den vanlegaste dødsårsaka blant unge mellom 10 og 29 år. I 2024 døydde fleire i denne aldersgruppa enn det totale talet på omkomne ved bilulukker i Norge.  

Sjølvmordsraten er høgre for menn enn for kvinner i alle aldersgrupper, med unntak av den aller yngste gruppa. Sjølv om sjølvmord blant barn under 15 år er sjeldan, blir det registrert nokre tilfelle kvart år.  

 

Folkehelserapporten

I følgje Folkehelserapporten  blei det i 2024 registrert 727 sjølvmord i Norge 

  • 535 blant menn 
  • 192 blant kvinner  

 

Sjølvmordsraten i 2024 er den høgste på 2000-talet, men alt i alt er sjølvmordsraten relativt stabil over tid med svingingar innanfor det normale. Men – den store samfunnsutfordringa er likevel kvifor vi, til tross for all kunnskap og innsats, likevel ikkje klarer å redusere talet på sjølvmord. I lys av dette er utviklinga dei siste åra svært urovekkande. 

 

Folkehelseinstituttet definerer sjølvmord som eit “resultat av en selvpåført skade der intensjonen har vært å avslutte livet”.

 

Sjølv om ein i ettertid kan fastslå at ei handling var sjølvmord, veit vi frå samtalar med personar som har overlevd sjølvmordsforsøk at ein del kjende på ei form for ambivalens i tida før handlinga. Særleg ved sjølvmord blant barn og unge oppstår spørsmålet om avdøde verkeleg forstod konsekvensen av handlinga si. Skjedde sjølvmordet  spontant som ein respons på noko overveldande her og no, eller var handlinga planlagt over tid?   

Analysar av sjølvmordsbrev viser  at også born kan planlegge og gjennomføre sjølvmordsforsøk med ein klar intensjon om å døy. Dette understrekar kor viktig det er alltid å ta dødstankar hos barn og unge på alvor. Ambivalensen som ofte pregar sjølvmordhandlingar, betyr og at det finst håp og moglegheit til å avverge handlinga.  Gjennom å vere trygge vaksne kan vi bidra til at elevane ikkje står åleine i det vanskelege. I Livet på timeplanen (LPT) vil vaksne i skulen få auka kompetanse til å ta initiativ til å snakke med elevar dei er bekymra for.  

Sjølvmord er komplekst 

Sjølvmord skjer vanlegvis på bakgrunn av ein kombinasjon av fleire årsaker. Faktorar som psykisk utfordringar/lidingar, livskriser, livshendingar, personlegdom, sosiale nettverk og anna, vil i ulik grad samvariere og forklare den einskilde handlinga.  Som vaksne er det  viktig at vi er merksame på  born og unge som har vore gjennom belastningar og tap. Då born og unge ikkje har den same erfaringa til å handtere utfordingar som vaksne, kan sjølv tilsynelatande mindre forhold kjennest uovervinnelege. Derfor må vi alltid forstå opplevinga frå eleven sin ståstad.    

Livskriser 

Alle menneske opplever utfordrande livshendingar, men for nokre kan desse utløyse ei livskrise og auke risikoen for sjølvmordstankar og sjølvmord. Her er lista opp døme på situasjonar som kan vere særleg belastande: 

Særleg belastande situasjonar

  • Skilsmisse, samlivsbrot og kjærleikssorg 
  • Sorg etter dødsfall
  • Vald og overgrep
  • Psykiske traumer
  • Alvorleg fysisk sjukdom
  • Mobbing og sosiale konfliktar
  • Einsemd og isolasjon
  • Utfordringar i skulen eller på jobb
  • Arbeidsløyse
  • Økonomiske vanskar
  • Alkohol- og rusproblem 

 

Referanse: HelseNorge 

 

Å møte born som opplever slike situasjonar på ein forståelsesfull og løysingsorientert måte, kan vere livreddande. Sjølv om sjølvmord ofte kjem uventa på omgjevnadene, kan avdøde ha slitt med sjølvmordstankar over lengre tid. Tidvis kan tankane ha vore kjende for andre, tidvis visste ingen. I ettertid sit mange att med kjensla av at det var teikn dei burde ha sett eller forstått. Det er viktig at vaksne legg til rette for at barn og unge kan sette ord på både sakn, sorg, eventuelt skuldkjensle og andre vanskelege tankar og følelsar.   

Førebygging 

Å førebygge sjølvmord og sjølvskading gjennom tidleg  vakseninvolvering, er eitt av hovudmåla i Livet på timeplanen (LPT). Skulen er berre ein av fleire arenaer der born og unge ferdast, men er særleg viktig for førebygging, ettersom elevane tilbringar mykje av tida si der. 

Langt fleire gutar enn jenter tek sitt eige liv, medan fleire jenter oftare gjennomfører  sjølvmordsforsøk. Psykologspesialist Mette Lyberg Rasmussen intervjua etterlatne etter unge menn som hadde teke sitt eige liv. Ho fann mellom anna at fleire rapporterte om born som hadde eit ustabilt sjølvbilde og vanskeleg for å regulere følelsar. Eit sentralt funn var at dei etterlatne ikkje hadde oppfatta avdøde til å vere i sjølvmordsfare. Dette skuldast at dei unge hadde høg meistringsevne og fråvær av alvorlege psykiske lidingar.  

Desse funna understrekar at sjølvmord ikkje berre skjer blant dei som har diagnostiserte psykiske lidingar og synlege belastningar. Sjølvmord skjer og  blant menneske som framstår med høg meistringsevne og med eigenskapar som “den glade”, “ja-mennesket”, “sosial”, “hjelpsam”, eigenskapar som for vedkomande sjølv kan opplevast stadig meir belastande.  

Det viktigaste verkemiddelet skulen har, er å skape ein kultur der elevane kjenner seg trygge nok til å oppsøke vaksne når dei treng støtte.

Sjølv eit lite løft i kunnskapsnivået hos den enkelte skuletilsette kan bety mykje i det førebyggande arbeidet av sjølvmordsåtferd. Det viktigaste verkemiddelet skulen har, er å skape ein kultur der elevane kjenner seg trygge nok til å oppsøke vaksne når dei treng støtte. Ein slik kultur kan berre skapast over tid.  I LPT får alle tilsette opplæring, nettopp fordi ein aldri veit kven som kan bli den viktigaste port-opnaren for ein elev  sine tankar. Då må ein også ha tryggleik til å stille det vanskelege spørsmålet i samtalen: “Opplever du livet så vanskeleg akkurat no at du har tankar om å ta ditt eige liv”? 

Mange frykter at det å spørje direkte om sjølvmordstankar kan sette nokon på tanken om å ta sitt eige liv. Tvert imot kan spørsmålet vere avgjerande for liv eller død. Mange som slit med sjølvmordstankar, kjenner seg einsame og håplause. For ungdom kan det bety mykje å oppleve at ein vaksen forstår, bryr seg og ønsker å hjelpe. 

Ein trygg skuletilsett forstår si rolle. Det er viktig å  kjenne seg trygg på eigen kompetanse og moglegheit for å støtte, men også trygg nok til å involvere andre når situasjonen krev det. 

Oppfølging  

Det er avgjerande at både kommunen og den enkelte skule har ein tydeleg prosedyre for oppfølging av sjølvmord, slik at  alle involverte får best mogleg støtte. Minst fire ulike situasjonar krev tilpassa tiltak og involvering av  relevante aktørar.  

  • Sjølvmord blant elevar  
  • Sjølvmord blant tilsette
  • Ein elev  som er etterlaten etter berørt av sjølvmord
  • Ein tilsett som er  etterlaten etter berørt av sjølvmord 

Det viktigaste for skuleleiinga og dei tilsette er å avklare kva rolle skulen skal ha i samarbeid med andre støtteressursar som til dømes familie, kriseteam, fastlege, barnevern og andre instansar. Ein oppdatert prosedyre må sikre at rektor blir informert som ein del av kriseteamet sitt arbeid. Rektor eller andre i administrasjonen må snarast mogleg få avklart kva som kan seiast til dei tilsette og elevane. Dersom dette ikkje er avklart, må skulen snarast kontakte kriseteamet sin leiar eller annan ansvarleg for krisehandteringa.   

Eit spørsmål som ofte oppstår er korleis skulen skal markere at ein elev har gått bort ved sjølvmord. Skulen bør ha ein klar prosedyre for gjennomføring av markeringar ved brå død som kan presenterast  for dei etterlatne. Familien må involverast i planlegginga og få moglegheit til å bidra med musikk, bilde, dikt eller personlege helsingar. Nokre etterlatne ønsker ikkje slik markering.  

Dersom sorg- og tapsprosessen blir overlaten til dei unge sjølve, kan det auke risikoen for feilaktige tolkingar og forståing av hendinga. Dette kan i sin tur medføre auka fare for  glorifisering av personen og handlinga og dermed smitteeffekt. All informasjon om dødsårsaka som skal delast, må avklarast med politiet.  

Prosedyren for oppfølging ved brå død bør mellom anna gje føringar på følgjande tema:  

I akuttfase

  • Kven er skulen sin kontaktperson(-ar) til kriseleiar og familien?
  • Kven har hovudansvaret for informasjon  (internt og eksternt)?
  • Kva skal seiast til kven?  
  • Kva tiltak skal setjast i verk, og kven har ansvar for desse  (tilsette, elevar, føresette osv)? 

På lengre sikt

  • Kven er skulen sin kontaktperson for dei etterlatne?
  • Kor ofte og på kva måte skal etterlatne kontaktast?  (fast oppfølging, milepælplanlegging osv)
  • Korleis sikre at etterlatne får medverke i oppfølgingsprosessen?  
  • Korleis ønsker eleven at skulen skal vere framover? Treng ein tilretteleggande tiltak, elle ønsker eleven ein tilnærma “normal” skulekvardag? 

 

Sjølvmord og smitte

Ungdom i skolealder er spesielt sårbare for smitteeffekt av et selvmord. Barne- og ungdomstiden kan i seg selv være en tid der det er vanskelig å mestre sterke følelser. Mindre livserfaring og begrenset modenhetsnivå gjør at mange ungdommer strever med å håndtere sterke følelser, mange strever derfor spesielt etter et dødsfall i nettverket, og de kan lettere bli påvirket av andres selvmordsatferd. 

Det å kartlegge og spørre personer med antatt økt risiko er i seg selv anbefalt for å forhindre smitte. Noen kan være bekymret for at det å spørre personer om de har selvmordstanker kan skape en økt impuls til å ta sitt eget liv. Både forskning og erfaring viser at det å snakke åpent med en annen om selvmordstanker og handlinger i en ivaretakende og fortrolig samtale ikke er forbundet med risiko . 

Referanse: (Helsedirektoratet, 2017, s 52).   

Sist oppdatert 12.06.2025