Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo LPT
En mann med hendene på hodet

Etterlatne etter sjølvmord 

Ved dei fleste sjølvmord er det svært mange som vert berørt.

Forstå

Dei siste åra har rundt 700 menneske tatt sitt eige liv i Norge. Ved dei fleste sjølvmord står ektefelle/sambuar, foreldre, born og søsken etterlatne med vanskelege spørsmål, tankar og følelsar. Også utanfor familien blir mange råka. Dersom eit sjølvmord skjer i tilknyting til ein skule, enten blant elevane eller dei tilsette, vil mange kunne oppleve seg som berørte. Både elevar og tilsette kan kjenne sterkt på sakn, sorg, skuld og forvirring på kort og lang sikt. Likevel vil dei som har mist sine aller næraste ofte vere dei mest sårbare over tid.  

Det kommer hele tiden sånne tanker om hva som skjedde akkurat når det skjedde, hvordan det var han tenkte, hvorfor det skjedde...
Ungdom sitert i Dyregrov, K. (2008) 

Etterlatne etter sjølvmord er ei sårbar gruppe. Dei har høgre risiko for å utvikle psykiske og fysiske helseplager. Særleg unge etterlatne er utsette. Dei har auka risiko for depresjon og andre psykiske vanskar, og å utøve sjølvskading og sjølvmordsforsøk.  

Behovet for profesjonell hjelp varierer. Det avhenger av fleire faktorar som støtte frå familie og vener, personlege ressursar og meistringsstrategiar, sosial-økonomiske forhold, tidlegare tapsopplevingar, relasjon til den avdøde med meir.  

Som den støttande vaksne må vi ta omsyn til vanlege reaksjonar etter sjølvmord: 

 

Reaksjonar etter sjølvmord

  • Sjokk, ein følelse av uverkelegheit, nummenheit, sterke følelsar og tankekaos   
  • Koppslege reaksjonar som hjartebank, frostanfall, skjelving, kvalme og svimmelheit 
  • Sakn, lengsel, smerte og intens gråt   
  • Søken etter svar kvifor sjølvmordet skjedde 
  • (Sjølv)bebreiding og skuldfølelse  
  • Gjenoppleving av det som skjedde  
  • Søvnforstyrringar  
  • Konsentrasjons- og hukommelsesvanskar  
  • Irritasjon og sinne 
  • Sosial tilbaketrekking 

 

 (Helsedirektoratet, 2020, s. 20) 

 

Kvar av desse reaksjonane kan vere ei utfordring å handtere for eleven. Dei fleste skuletilsette og helsesjukepleiarar vil i løpet av yrkeskarriera møte elevar som er etterlatne. Gjennom Livet på timeplanen får skulen meir kunnskap om denne gruppa og korleis dei kan følgast opp på ein helsefremmande måte.    

Førebygge

Born og ungdom som er etterlatne eller berørte av sjølvmord, treng støtte frå trygge vaksne for å handtere situasjonen. Skulen spelar ei sentral rolle, saman med helsevesenet og organisasjonar som til dømes LEVE.    

Skulen kan bidra til å førebygge langvarige, negative konsekvensar  etter eit sjølvmord. For mange vil skulen representere normalitet i ein unormal situasjon. Rutinar, oppgåver og  fellesskap  kan gje tryggleik, støtte og ein pause i sorga.  

Det finst ingen “riktig” måte å sørge på. Barn og unge kan sørge annleis enn vaksne ved at dei i større grad vekslar mellom leik, sosialt samspel, gråt, uro og tilbaketrekking. Å balansere mellom å ta inn over seg tapet og samstundes vende tilbake til kvardagen, er ein viktig del av sorgprosessen. Vaksne bør vise openheit, rausheit og forståing for at born og unge sine sorgreaksjonar kan variere i form, intensitet og varigheit.  

Dei fleste born og unge ønsker omsorg frå dei tilsette når dei kjem tilbake til skulen. Ungdom kan derimot oppleve eit dilemma ved at dei ikkje ønsker å skilje seg ut, samtidig som dei ønsker støtte. Skuletilsette og helsesjukepleiarar som møter elevane med klokskap på deira eigne premiss, kan få livslang betyding for eleven si helse og livskvalitet.   

 

Det er så fint at du kan gå bort og snakke (med helsesøster på skolen) hvis du har behov for det, det er veldig greit å vite hvis det skulle dukke opp noe. Det er så lite som skal til, og det er så lett å føle seg helt alene, men det er så lite som skal til for at du ikke føler det.
Jente 19 år, sitert frå Dyregrov 2008. 

 

I nokre familiar, kulturar og religionar er sjølvmord forbunde med sterke tabu, skam og stigma. Dette kan gjere det vanskeleg å vere open om det som har skjedd. Unge etterlatne kan kome i ein lojalitetskonflikt  mellom familien sitt ønske om forteiing og skulen sitt ønske om openheit. Det er viktig å møte ungdommen og familien med respekt for kultur, haldningar, og tradisjonar, og å lytte med tolmod og openheit.  

Skuletilsette og helsesjukepleiarar er gode til å snakke med barn og unge. I tillegg kjenner dei ofte elevane godt og kan oppdage signal på at noko er vanskeleg. Dei som har fått opplæring gjennom  Livet på timeplanen har auka kunnskap om etterlatne sine behov, og øving i  samtalar med barn og unge som strever.   

Dei fleste skular har ein oppdatert beredskapsplan for handtering av dødsfall og  sjølvmord. Slike planar gir tilsette tryggleik i korleis dei skal følgje opp etterlatne. Gjennom Livet på timeplanen får deltakarskular- og kommunar tilgong til andre skular sine planar som inspirasjon til forbetring av eigen beredskapsplan.  

  

Hjelpe

Læreren spurte hvordan det gikk med meg innimellom, og hun var grådig ofte på skolen. Så jeg snakket med henne hvis det var noe, og hun var veldig flink. Hun sa i fra til meg hvis det var noe med en bok der det var snakk om at noen tok livet sitt. Og da var hun veldig sånn at: "Nå kommer vi inn på det, og det er ok at hvis du ikke vil være her, så trenger du ikke".
Dyregrov, 2006 s.28. 

Born og unge som mister ein nær person i sjølvmord, opplever ei omvelting som kan påverke både deira personlege og sosiale fungering.  Dei har behov for informasjon, emosjonell støtte og ofte ei tilrettelegging av skulekvardagen i ein periode.  

Skulen må tilby oppfølging til etterlatne born og unge som ein del av si rutine. Etterlatne står ofte i ein kaotisk situasjon der det kan vere vanskeleg å forstå kva ein treng. Dersom tilbod om støtte blir avvist i starten, bør tilbodet gjentakast etter ein periode. Tilnærming, tiltak og oppfølging må tilpassast den enkelte sitt behov, i samarbeid mellom eleven sjølv, familien, skule og skulehelsetenesta.    

Ein del elevar i sorg opplever at vener trekkjer seg unna fordi dei ikkje veit kva dei skal seie eller gjere. Tilpassa informasjon frå læraren til medelevane kan førebyggje einsemd og sosial tilbaketrekking.  

 

Praktiske råd til lærar i møte med medelevar:   

 

  • Ta aktivt og tidlig kontakt – ikke unngå den som har mistet.   
  • Vis at du bryr deg, og still opp over tid.   
  • Unngå å ta kontakt av nysgjerrighet.    
  • Hør om han/hun ønsker å snakke om det som har hendt? Noen ønsker ikke det, andre vil gjerne fortelle igjen og igjen.   
  • Reaksjoner er svært forskjellige, noen reagerer lenge og sterkt, andre lite. Ha tålmodighet med dem som strever lenge.   
  • Hvis din medelev sier nei takk til å snakke om tapet, så er det ok. Men, det er ok å spørre om igjen en annen gang.   
  • Foreslå sosiale aktiviteter, sport, sammenkomster, turgåing og annet.   
  • Husk at selv om det er viktig å kunne snakke om tapet, så er det også viktig å kunne ha det som før. Det kan være til hjelp å ha det artig, og å le sammen. Det gir pauser i sorg.  

(Dyregrov m. fl. 2017)  

 

Etterlatne born og unge treng meir enn nokon gong å få stadfesta at dei ikkje er åleine og å kjenne seg verdsett som individ. Dei treng omsorg og forståing frå trygge vaksne som kan lytte og anerkjenne smerta dei kjenner på. Sorg har ingen fastsett tidslinje. Nokre unge opplever at sorg og sakn kjem uventa og sterkt tilbake fleire år etter dødsfallet. Då er det viktig at dei har trygge vaksne på skulen dei kan vende seg til. Ver ekstra merksam i periodar der “alle andre har det fint”, som til dømes før sommarferien eller advent. Ver og merksam på ulike merkedagar som kan vere vanskelege for dei etterlatne. 

Skuletilsette kan fange opp tidlege teikn på at noko ikkje er som det skal, og følgje utviklinga over tid. Dette understrekar kvifor skulen har ei så viktig rolle i det helsefremmande og sjølvmordsførebyggande arbeidet. For å sikre vedvarande støtte bør nye lærarar eller ny skule få nødvendig informasjon i samråd med familien. Dette legg grunnlaget for at eleven får den oppfølginga han eller ho treng.  

  

  • Djup, H. W. (2024). Skolens rolle når selvmord rammer barn og unge. I L. Mæhlum, A. Milde & A. Norevik (Red.), Selvmordsforebygging i skolen (s 151-176). Universitetsforlaget. 
  • Dyregrov, A., Dyregrov, K., & Kristensen, P. (2014, september). Hva vet vi om sorg og komplisert sorg? Psykologisk.no.
  • Dyregrov, A., & Dyregrov, K. (2017). Mestring av sorg: Håndbok for etterlatte og hjelpere. Vigmostad & Bjørke. 
  • Dyregrov, A., & Lytje, M. (2021). Håndbok i barns sorg. Fagbokforlaget. 
  • Dyregrov, K. (2006). Styrket omsorgsapparat for unge etterlatte ved selvmord. LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord. 
  • Dyregrov, K. (2006, desember 10). Folder unge etterlatne 08 Leve.no. Folder unge etterlatne 08.indd (leve.no)  
  • Dyregrov, K. (2006). Hvordan ønsker unge selvmordsetterlatte å bli møtt av psykologer? – en brukerundersøkelse. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 43(8), 787-794. Psykologtidsskriftet 
  • Dyregrov, K. (2008). Psykososiale belastninger for unge etterlatte ved selvmord: Ønsker om bistand fra hjelpeapparatet. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 45(1), 14-18. 
  • Dyregrov, K., Dyregrov, A., & Lytje, M. (2018, 26. mai). Dødsfall i nær familie– hvordan skolen kan ivareta eleven. Utdanningsforskning.no. 
  • Helsedirektoratet. (2011). Etter selvmordet. Veileder om ivaretakelse av etterlatte ved selvmord. Helsedirektoratet. IS-1898 Etter selvmordet.indd 
  • Helse- og omsorgsdepartementet. (2020). Regjeringens handlingsplan for forebygging av selvmord 2020–2025. 

   

Sist oppdatert 12.06.2025