Fagnettverk for veteranar og innsatspersonell
Det regionale fagnettverket for veteranar og innsatspersonell vert leia av RVTS Vest.
Fagnettverket i region vest vart etablert i 2011. Nettverket har brei representasjon og møtast tre gongar i året.
Hovudfokuset er kunnskapsheving gjennom faginnlegg, informasjon frå Forsvaret og RVTS Vest og erfaringssdeling på tvers av kommunane.
Viktige tema i fagnettverket er:
- utvikle kompetansehevande titak for kommunane om veteranen/ veteranfamilien si helse og liv
- tilgjengeleggjere informasjon og kurs frå Forsvaret og RVTS
- bistå kommunane med utarbeiding og oppfølging av veteranplanar
- drifte digitalt nettverk for veteranar og innsatspersonell (to gongar årleg)
- overføre kunnskap frå veteranfeltet til innsatspersonell og flyktningehelse
- støtte veterankontaktane i kommunane
- undervisning
Fagnettverket har nært samarbeide med Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland.
I Rogaland er det etablert eit arbeidsutval underlagt fagnettverket, kor også RVTS Vest er representert.
Fagnettverket er breitt samansett av Statsforvaltaren i Vestland, kommunal veterankontakt, kommunal helseteneste, veteranorganisasjonar, Politiet, Forsvarets veterantjeneste/Haakonsvern, Sjefsprest FTLK Sjøforsvaret, Bufetat (Familievernet) og NAV (Arbeids- og velferdsetaten) og RVTS Vest.
Arbeidsutvalet i Rogaland består av Statsforvalteren i Rogaland, NVIO, kommunale veterankontaktar, politiveteraner frå internasjonale oppdrag, NAV, Familevernkontoret og Forsvarets veterantjeneste og RVTS Vest.
Arbeidsutvalet arrangerer digitale og fysiske nettverkssamlingar, vekselvis mellom Rogaland/Sunnhordaland.
