Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Webinar: Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep?

RVTS Vest og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til introduksjonskurs til "Snakke med barn" og "Jeg vet".

28.
januar
2027
  1. 28. jan. 2027, 09:00 - 14:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 28. jan. 2027, 09:00 - 14:00
Påmelding

Frist for påmelding: 27. jan. 2027

Gå til påmelding

Tema er korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.

Kurset er gratis og opent for alle!

Barn treng trygge vaksne å snakke med.

Eit samfunnsproblem

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.

Barn treng trygge vaksne!

På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane snakkemedbarn.no og jegvet.no.

Snakkemedbarn.no og Jegvet.no kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.

Etter kurset vil du:

  • Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
  • Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no
  • Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
  • Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
  • Kunne ta i bruk Jegvet.no som eit verktøy for å snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, mobbing, psykisk helse og trivsel i skulen.

Føredragshaldarar:

Mette Garmannslund

Navn

Mette Garmannslund

Psykologspesialist

gamett@helse-bergen.no 40215233
Randi Mossefinn

Navn

Randi Mossefinn

Kliniskspesialist i familieterapi

mosran@helse-bergen.no 92289474

Førebuing til kurset:

Ha tilgjengeleg PC og godt internett. Sitt gjerne saman med kolleger/avdeling for refleksjon og trening.

Kurset er digitalt. Lenkje blir sendt påmelde deltar i eigen e-post.

Kontaktperson:

Linda Kvalvik

Navn

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394