Tid og stad
- Når
-
- 10. nov. 2026, 08:30 - 16:00
- 11. nov. 2026, 08:30 - 16:00
- Kvar
- Stryn kulturhus
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 05. nov. 2026, 23:00
Påmelding
Kursinnhald:
Du får moglegheit til å bli meir bevisst på dine eigne haldningar til sjølvmord. Kursleiarane gjennomgår kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
Du lærer å:
- oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
- stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
- hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
- arbeide med usikkerheit om å leve eller døy
- lage og setje i verk ein plan med vedkomande, der målet er å berge liv
- bruke hjelparressursar i lokalsamfunnet
Kurset bruker ulike læringsmetodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper. Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygging som krev full deltaking begge kursdagane.
Målgruppe:
Kurset passar for deg som til dømes arbeider i helse- og sosialsektoren, undervisningssektoren, politiet, brann- og redningstenesta, forsvaret, eit trussamfunn. Kurset er også relevant for deg som engasjerer deg i frivillig arbeid eller ønskjer å lære å gi førstehjelp ved sjølvmordsfare. Aldersgrense 18 år.
Pris:
Gratis
Kurset er godkjent av følgjande fagforeiningar:
- Den norske legeforeining: Emnekurs/klinisk emnekurs i psykiatri til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin (16 poeng). Valfritt kurs under spesialisering og for spesialistane si etterutdanning i samfunnsmedisin (14 timar).
- Fagforbundet: Tellande til klinisk fagstige for hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar (14 timar).
- Norsk Ergoterapeutforbund: Spesialistspesifikt kurs, meritterande til ergoterapeutspesialist i allmennhelse og mental helse (12 timar).
- Norsk Psykologforening: Fritt spesialkurs (14 timar) og vedlikehaldskurs (14 timar).
- Norsk Sjukepleiarforbund: Merittering for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie (14 timar).
- Norsk Gestaltterapeut Forening: 12 timar profesjonell fagleg oppdatering i kategori D2.

