Tid og stad
- Når
-
- 24. feb. 2027, 10:00 - 16:00
- 09. mars 2027, 10:00 - 16:00
- Kvar
- Bergen: Vestlandshuset (24. februar) Førde: Førde rådhus (9. mars)
- Påmelding RKBU si nettside
- Påmeldingsside
Kort om kurset
Som leiar i barnehage har du ei heilt sentral rolle i arbeidet med å skape eit inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø for alle barn. Dette arbeidet er både viktig og krevjande, og mange leiarar opplever at saker som handlar om mobbing, krenkingar og utfordringar i miljøet stiller store krav til både fagleg kompetanse og leiarskap. Då kan det vere verdifullt å få fagleg påfyll og møte andre som står i liknande utfordringar.
God leiing er avgjerande for barnehagen sitt arbeid med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø. Bli med og styrk kompetansen, motet og tryggleiken din i møte med eitt av dei viktigaste oppdraga barnehagen har.
Kva lærer du?
Gjennom fagdagen får du høve til å styrkje kompetansen din på fleire sentrale område innan arbeidet med barnehagemiljø. Målet er at du skal bli:
- Trygg på kunnskapsgrunnlaget gjennom auka forståing av mobbing som fenomen, omfanget av utfordringane og kva konsekvensar krenkingar kan få for barn.
- Trygg på lovverket – også når det er vanskeleg gjennom arbeid med aktivitetsplikta, barn sine rettar og handtering av krevjande barnehagemiljøsaker.
- Trygg på traume og korleis opplevingar av utryggleik kan påverke barn sine reaksjonar, læring og deltaking i barnehagen.
- Trygg på gruppedynamikk og kva det betyr å forstå og leie prosessar i grupper, både i førebygging, handtering og rehabilitering etter mobbesaker.
- Trygg på barnet gjennom arbeid med Barnekonvensjonen og vurderingar av barnets beste.
- Trygg på relasjonar gjennom refleksjon over vaksne sine haldningar, kommunikasjon og rolle i møte med barn, foreldre og tilsette.
- Trygg på tiltak gjennom kunnskap om kva som skal gjerast, kva som kjenneteiknar ein god plan, og korleis ein kan vurdere tiltak i den enkelte saka.
Målgruppe
Vi rettar særleg invitasjonen til styrarar, daglege leiarar og pedagogar, men også andre relevante tenester rundt barna er velkomne.
Pris
Kurset er gratis for deltakarane, men lunsj må kvar enkelt dekkje sjølv. Talet på plassar er avgrensa, og påmeldingar blir behandla etter førstemann til mølla-prinsippet.
Tal deltakarar
Maksimalt tal deltakarar er 90 i Bergen og 70 i Førde. Dersom færre enn 20 personar melder seg på, vil arrangementet bli avlyst.