Tid og stad
- Når
-
- 04. nov. 2025, 10:00 - 16:00
- 13. nov. 2025, 10:00 - 16:00
- 05. feb. 2026, 12:30 - 15:30
- 04. feb. 2026, 12:30 - 15:30
- Kvar
- Førde: Tysdag 4. november kl. 10.00–16.00 på Rådhuset, Hafstadvegen 42 Digital workshop: Torsdag 5. februar 2026 kl. 12.30–15.30 på Teams Bergen: Torsdag 13. november kl. 10.00–16.00 på Vestlandshuset, Vestre Strømkai 13 Digital workshop: Onsdag 4. februar 2026 kl. 12.30–15.30 på Teams
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 06. okt. 2025

Kort om undervisningstilbodet
Som skuleleiar har du ei heilt sentral rolle i å skape eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø for elevane. Dette arbeidet er komplekst og samansett, og kan by på krevande utfordringar – særleg når det gjeld handtering av mobbing og andre krenkingar. Då kan det vere nyttig med fagleg påfyll og å møte andre i same rolle!
Tre støttetenester har no gått saman for å tilby deg som skuleleiar i Vestland fylke eit kompetansehevande tilbod som består av ein kursdag og digital oppfølging i form av ein workshop. «Trygge leiarar – elevane sitt skulemiljø» er utvikla for å gi deg kompetanse og tryggleik i saker som handlar om elevane sitt skulemiljø.
Det er Mobbeombodet i Vestland, RVTS Vest og RKBU Vest som står bak tilbodet.
Kva lærer du?
Gjennom ein fagdag og ein digital oppfølgingsworkshop får du utvida forståing for ulike fagområde som er relevante både for førebyggjande arbeid og for handtering av saker knytt til §12 i opplæringslova. Du får òg innspel til vidare leiing av utviklingsarbeid på skulen, og tilgang til fagstoff du kan bruke saman med kollegiet ditt. Nokre stikkord om innhaldet:
- Lov og lovanvending, inkludert utfordringar med skjerpa aktivitetsplikt og barnets beste som rett, prinsipp og prosedyre
- Mobbing – omfang, fenomen og konsekvensar
- Førebygging: arbeid i personalet, bruk av tverrfaglegheit, forståing av gruppedynamikkar
- Handtering: relasjonens betydning, samtaleverktøy, rehabilitering
- Støtte til leiarrolla i komplekse mobbesaker
Målgruppe
Mellomleiarar i grunnskulen – altså avdelingsleiarar og inspektørar – sidan desse ofte har færre moglegheiter for å delta i faglege tilbod enn rektorar. Men sjølvsagt er rektorar òg hjarteleg velkomne!
Viktig å vite
Kurset er gratis.
Arrangementet blir halde i Bergen og Førde. Vel det tidspunktet og staden som passar best for deg:
-
Førde: Tysdag 4. november kl. 10.00–16.00 på Rådhuset, Hafstadvegen 42
Digital workshop: Torsdag 5. februar 2026 kl. 12.30–15.30 på Teams -
Bergen: Torsdag 13. november kl. 10.00–16.00 på Vestlandshuset, Vestre Strømkai 13
Digital workshop: Onsdag 4. februar 2026 kl. 12.30–15.30 på Teams