Tid og stad
- Når
-
- 17. nov. 2026, 10:00 - 16:00
- 24. nov. 2026, 10:00 - 16:00
- Kvar
- Bergen: Tirsdag 17. november Førde: Tirsdag 24. november
- Påmelding
- Påmeldingsskjema på RKBU Vest sin nettside
Kort om kurset
Fire støttetenester har gått saman om å tilby skuleleiarar i Vestland fylke eit kompetansehevande tilbod som består av ein fagdag og ein digital oppfølgingsworkshop. «Trygge leiarar – elevane sitt skulemiljø» er utvikla for å gi deg auka kunnskap, handlingskompetanse og tryggleik i arbeidet med å førebyggje og handtere saker som gjeld skulemiljø. Tilbodet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland, Mobbeombodet i Vestland, RVTS Vest og RKBU Vest.
Som skuleleiar har du ei heilt sentral rolle i å skape eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø for alle elevar. Dette arbeidet er både viktig og krevjande, og mange leiarar opplever at saker som handlar om mobbing, krenkingar og skulemiljø stiller store krav til både fagleg kompetanse og leiarskap. Då kan det vere verdifullt å få fagleg påfyll og møte andre som står i liknande utfordringar.
Kva lærer du?
Gjennom fagdagen og den påfølgjande workshopen får du høve til å styrkje kompetansen din på fleire sentrale område innan skulemiljøarbeidet. Målet er at du skal bli:
- Trygg på kunnskapsgrunnlaget gjennom auka forståing av mobbing som fenomen, omfanget av utfordringane og kva konsekvensar krenkingar kan få for barn og unge.
- Trygg på lovverket – også når det er vanskeleg gjennom arbeid med aktivitetsplikta, barn sine rettar og krevjande skulemiljøsaker.
- Trygg på traume og korleis opplevingar av utryggleik kan påverke reaksjonane, læringa og deltakinga til barn i skulekvardagen.
- Trygg på gruppedynamikk og kor viktig det er å forstå og leie prosessar i grupper, både i førebygging, handtering og rehabilitering etter mobbesaker.
- Trygg på tiltak gjennom betre forståing av kva som kjenneteiknar gode og verknadsfulle skulemiljøtiltak, og når ulike tiltak bør setjast inn.
- Trygg i relasjonar gjennom refleksjon over haldningar hos vaksne, kommunikasjon og eiga rolle i møte med elevar, føresette og tilsette.
- Trygg i samtalar som kan stanse mobbing, med konkrete verktøy som kan nyttast i dialog med elevar og føresette når utfordrande situasjonar skal handterast.
I tillegg får du innspel til korleis du kan leie utviklingsarbeid ved eigen skule, og tilgang til fagressursar som kan nyttast vidare i arbeidet saman med leiinga og personalet.
Målgruppe
Mellomleiarar i grunnskulen, som avdelingsleiarar og inspektørar, men også rektorar er hjarteleg velkomne.
Pris
Gratis
Stad
Bergen: Tirsdag 17. november 2026 kl: 10.00 - 16.00
Førde: Tirsdag 24. november 2026 kl: 10.00 - 16.00