Tid og stad
- Når
-
- 16. nov. 2026
- 17. nov. 2026
- 18. nov. 2026
- 19. nov. 2026
- Kvar
- Webinar
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 16. nov. 2026, 09:00
Påmelding og meir informasjon

Du lærer om:
- Korleis vi kan forstå fenomenet sjølvmord, og korleis arbeid med ambivalens kan redde liv.
- Kvifor det er så lindrande å bli møtt i det som er mest smertefullt.
- Korleis vi kan arbeide med sjølvmordsførebygging på arbeidsplassen.
- Korleis spørje nokon i familien eller på arbeidsplassen om sjølvmordstankar.
- Korleis gjeld kan vere ein medverkande faktor til sjølvmordstankar eller sjølvmordsplanar.
- Korleis ein kan sikre gode og ivaretakande overgangar etter utskriving frå sjukehus.
Du blir kjend med Thomas Gullestad, som miste mora si då han var 10 år gammal. I tillegg skal Per Kjerstad og Ole Christoffer Ertvaag frå podkasten Psykodrama dele eigne historier om kva dei trong i ulike kriser gjennom livet. Tidlegare fastlege Eirik Nordmo fortel ærleg om gjeld, rus og sjølvmordstankar.