Tid og stad
- Når
-
- 10. sep. 2026, 08:30 - 17:00
- 11. sep. 2026, 08:30 - 17:00
- Kvar
-
Radisson Blu Royal
Dreggsallmenningen 1
5003, Bergen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 27. aug. 2026
Påmeldingsskjema
Om årets tema
Vald, overgrep, mobbing, utnytting, utestenging, trakassering og uthenging. Krenkingar skjer ikkje lenger berre i direkte kontakt mellom menneske, men òg på digitale flater og ved bruk av ny teknologi. Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause – ofte skjult og anonymt.
Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?
Septemberkonferansen 2026 set søkjelys på digitale krenkingar som eit eige fagleg og samfunnsmessig fenomen.
Vi har invitert internasjonale og norske forskarar, praktikarar og aktørar for å belyse korleis digitale krenkingar rammar barn, unge, vaksne – fagpersonar og enkeltmenneske i offentlegheita – og korleis vi kan førebygge, forstå og handle i ei digital verkelegheit som utviklar seg raskare enn oss.
Pris og praktisk informasjon:
Dei første 100 påmeldte får konferansen til 3000,- for begge dagar.
Deretter er prisen 3750,- for begge dagar.
Konferansemiddag kostar 399,-
Dette er inkludert i prisen (fysisk/digital deltaking)
- To dagar med spennande fagleg innhald!
For fysisk deltaking kjem dette i tillegg:
- Lunsj begge dagar
- Pausemat gjennom dagane
- Arena for nettverksbygging med andre fagpersonar
- Tilgang til standområde
Dette er ikkje inkludert i prisen
- Konferansemiddag (399,-)
- Overnatting (må bestillast og betalast av deltakar sjølv)
Bekrefta foredragshaldarar

Dr. Sameer Hinduja
Professor, School of Criminology and Criminal Justice ved Florida Atlantic University
Dr. Sameer Hinduja er professor ved School of Criminology and Criminal Justice ved Florida Atlantic University, meddirektør for Cyberbullying Research Center og tilknytt Berkman Klein Center ved Harvard University.

Kim Edgar Karlsen
Direktør og psykologspesialist, Alternativ til vold
Kim Edgar Karlsen skal snakke om konsekvensar av medieeksponering.

Rune Aune Mentzoni
Instituttleiar ved Institutt for samfunnspsykologi, UiB
Rune Aune Mentzoni skal snakke om dei positive sidene ved spel og nettbruk.

Maren Gjesdal
Fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest
Maren Gjesdal vart uteksaminert frå Politihøgskulen i 2018. Ho er i dag fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest, der ho har arbeidd dei siste fem åra. Ho jobbar hovudsakleg på nett med å førebygge kriminalitet ved bruk av sosiale medium og har dagleg dialog med innbyggjarar som står i ulike situasjonar eller problem. Ho er oppteken av at politiet skal vere der folk er, og vere like tilgjengelege for alle. Gjennom ein utradisjonell og målretta bruk av sosiale medium bygger ho tillit, senkar terskelen for kontakt og når særleg unge – ei gruppe som tidlegare sjeldan tok direkte kontakt med politiet.
Tittel på føredraget: «Fra gata til data – nettpatruljen om et trygt digitalt liv»
Meir informasjon om Septemberkonferansen 2026 kjem snart.
Kontakt
Om Septemberkonferansen
Septemberkonferansen er RVTS Vest sin årlege konferanse retta mot fagpersonar som arbeider innanfor våre temaområde.
Konferansen favnar breitt i forhold til tema og målgrupper, og rettar seg mot alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn eller vaksne som har traumeerfaringar.
Septemberkonferansen blei første gong arrangert i 2007, og har sidan då vore ein fast årleg aktivitet for RVTS Vest.