Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

OPS! Oppmerksom på sjølvmordstankar

Kurset gir verktøy for å oppdage sjølvmordstankar og hjelpe personen vidare til hjelp.

20.
mai
2026
  1. 20. mai 2026, 08:30 - 12:30
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 20. mai 2026, 08:30 - 12:30
Kvar

RVTS Vest kurslokale, 1. etg

Ulriksdal helsepark

Ulriksdal 2

5009 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 01. mai 2026, 23:00

Påmeldingsskjema

Kurset gir auka merksemd på sjølvmordstankar og verktøy for korleis du kan gi innleiande hjelp.

Logoen til OPS-kurs
Mange kan bidra til å førebygge sjølvmord.

Kurset blir undervist av godkjende kursleiarar. Er OPS! av interesse for deg eller kommunen/arbeidsplassen/organisasjonen din, ta kontakt med oss.

På kurset lærer du å:

  • Gå forbi haldningsbarrierar som gjer at du ikkje oppdagar, avfeier eller unngår signal på sjølvmordstankar
  • Oppdage menneske med sjølvmordstankar
  • Bruke dei fire trinna: fortell, spør, lytt og sørg for tryggleik

Dei fire trinna kan brukast for å hjelpe personen vidare til nokon som kan gi førstehjelp ved sjølvmordsfare eller anna hjelp.

Kurset nyttar læringsmetodar som førelesing, film, diskusjon og praktiske øvingar

Varigheit:

Fire timar.

Målgruppe:

Alle over 18 år.

Maks tal deltakarar på kurset:

30

Pris:

500,-

Spørsmål?