RVTS Vest i samarbeid med RVTS Sør, RVTS Midt, RVTS Øst og RVTS Nord.
Arrangementet er for utskolerte mentorar og fagpersonar frå RVTS Vest sin nasjonale mentoropplæring og andre som arbeider i eller med mentorordningar der radikalisering og valdeleg ekstremisme er tema.
Du kan delta enten fysisk eller digitalt. Velg deltaking i påmeldingsskjema.
Gratis
Førebygging i møte med ekstremisme, nettkultur og autoritære strømninger. Korleis kan vi styrkje unge og vaksne sin motstandskraft mot radikalisering, nettpåverknad og destruktive maskuline ideal?
Gjennom føredrag, dialog og erfaringsutveksling rettar vi søkelyset mot aktuelle strøminger som incelkultur, giftig maskulinitet, fascisme og autoritære tendensar – og korleis desse kan førebyggjast gjennom tverrfagleg samarbeid, mentorarbeid og kunnskapsbaserte tilnærmingar.
Vi får også innblikk i av-radikaliseringsarbeid med fokus på miljøterapeutiske tilnærmingar og traumeinformert mentoring. Saman utforskar vi korleis vi kan byggje resiliens gjennom kollektive motnarrativ.
Hilmar Mjelde
Professor
Mjelde er professor ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet, og har demokrati, amerikansk politikk, ytre høgre/høgreekstremisme, politiske parti, medialisert politikk, retorikk og politisk deltaking som sine arbeids- og kompetanseområde.
Ina Slaveykov
Rådgjevar og barnevernspedagog
Slaveykov er rådgjevar ved Reform – Ressurssenter for menn. Ho er utdanna barnevernspedagog og har ein mastergrad i International Social Welfare and Health Policy. Ho har spesialisert seg på sosiale representasjonar og problemforståing, og er særleg interessert i tema som gutar og kriminalitet, utanforskap, ekstremisme og menns møte med sosial- og helsetenester. Ina vil presentere funn frå Reforms nye rapport «Tate og gutta», der dei har intervjua eit utval gutar på vidaregåande skule om nettfenomenet Andrew Tate, likestilling og mannsrolla.
Cecilie Nilsen
Avdelingsleiar
Cecilie Nilsen er avdelingsleiar ved oppfølgingsavdelinga ved Utekontakten i Bergen kommune og koordinator for TOT (Tverretatleg Operativt Team, Radikalisering) i Bergen kommune. Nilsen er utdanna sjukepleiar og har master i internasjonal helse. Ho har jobba i Utekontakten sidan 2008 og periodevis gjennom ti år med Leger utan grenser.
Elisabeth Harnes
Rådgjevar
Harnes leiar arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme ved RVTS Vest, inkludert RVTS si nasjonale mentoropplæring. Ho har master i religionsstudium med fordjuping i kollektive traume og konverteringar til islam, og er utdanna familie- og psykoterapeut med vidareutdanning i narrativ terapi, sensorimotorisk psykoterapi og klinisk arbeid med fleirkulturelle barn og unge. Harnes har brei erfaring med førebygging av valdeleg ekstremisme, hatkriminalitet og æresrelatert vald – både i hjelpeapparatet og gjennom dialog- og endringsarbeid i diasporamiljø.
Fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging på tvers av profesjonar og regionar.