Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Når utnytting kryssar grenser – frå digitale flater til fysisk verkelegheit

RVTS Vest, Nettverk mot menneskehandel og TryggEst i Stavanger inviterer til fagdag om utnytting og menneskehandel.

Passert
12.
juni
2026
  1. 12. juni 2026, 10:00 - 14:30

Tid og stad

Når
  1. 12. juni 2026, 10:00 - 14:30
Kvar

Sølvberget bibliotek og kulturhus, Stavanger

Sølvberggata 2

4006 Stavanger

Påmelding

Frist for påmelding: 05. juni 2026

Fagdagen passar for fagpersonar i kommune, politi, helsetenester og frivillig sektor.

Utnytting og menneskehandel skjer sjeldan berre på éin arena. Rekruttering, manipulering og kontroll skjer i aukande grad digitalt, medan utnyttinga ofte får konsekvensar i det fysiske rommet. Denne fagdagen gir innsikt i korleis fenomenet viser seg i dag, kva mekanismar som går igjen på tvers av arenaer, og kva dette betyr for identifisering, førebygging og oppfølging i praksis.

Målgruppe

Fagdagen passar for fagpersonar i kommune, politi, helsetenester og frivillig sektor som arbeider med førebygging, avdekking og oppfølging av utnytting og menneskehandel på tvers av digitale og fysiske arenaer.

Praktisk

Det er berre høve til fysisk deltaking – arrangementet vert ikkje sendt digitalt.

Maks 80 plassar, registreringa blir stengd når desse er fylte.

Pris

Gratis. 

Program

10:00–10:15:

Velkomen og introduksjon 

v/ nettverket

10:15–11:00

Når utnytting blir usynleg: status for menneskehandel i dag

Utnytting og menneskehandel skjer ofte i det skjulte – tilpassa nye digitale og sosiale arenaer.

Inger Sigfridsson (RVTS Vest) belyser korleis feltet har utvikla seg, kva mønster som pregar dagens situasjonsbilete, og kva utfordringar dette skaper for førebygging og oppfølging.

11:00–11:15

Pause

11:15–12:00

Utnytting i arbeidslivet og på digitale plattformer

Gro Ellingsen er nasjonal menneskehandelskontakt i Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet spelar ei sentral rolle i å kjempe mot utnytting og arbeidslivskriminalitet i Noreg.

12:00–12:30

Lunsj

12:30–13:15

ROSA og trendar på menneskehandelsfeltet / utnytting til kriminalitet

Leila Langdalen Sbai, fagansvarleg for ROSA prosjektet.
ROSA koordinerer bistand og vern til personar utnytta i menneskehandel i Noreg.

13:15–13:30

Pause

13:30–14:15

Bak valden – ungdom som brukar vald

v/ Alternativ til Vold (ATV)

I arbeid med utnytting og menneskehandel møter vi ofte ungdom som både kan vere utsette for – og sjølve utøve – vald.

Valden heng ofte saman med sårbarheit, behov for vern, tilhøyrsle og meistring. Å rette merksemda mot dette kan opne for endring.

Innlegget presenterer ei tilnærming til korleis ungdom som utøver vald kan møtast, både i individualterapi og i samarbeid med nettverket rundt. Fokuset er på kva som kan bidra til å skape rørsle bort frå vald og over i meiningsfulle og realistiske alternativ, som skule, arbeid og trygge fellesskap.

14:15–14:30

Avslutning og TryggEst