Kurs i reparasjonsarbeid (nivå 1)

I dette kurset lærer du om reparasjonsarbeid mellom barn og unge, særleg ved tilfelle med seksuelle grenseoverskridingar.

27.
januar
2026
2 dagar
  1. 27. jan. 2026, 09:00 - 15:30
  2. 28. jan. 2026, 08:30 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 27. jan. 2026, 09:00 - 15:30
  2. 28. jan. 2026, 08:30 - 15:00
Kvar

RVTS Vest sitt kurslokale (1. etg)

Ulriksdal helsepark

Ulriksdal 2

5009 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 21. jan. 2026, 23:00

Gå til påmeldingsskjema
Nærbilde av ei kvinne i profil.
Kurset er retta mot fagpersonar som kjem i kontakt med barn, unge og familiar der det oppstår behov for reparasjonsarbeid.

Kort om kurset

Dei fleste barn og unge som utøver problematisk og/eller skadeleg seksuell åtferd (PSA/SSA), gjer det mot andre barn dei kjenner. Behovet for å arbeide med korleis partane som har vore direkte involverte kan forhalde seg til kvarandre i etterkant, har difor vore til stades i fagfeltet i mange år. Korleis ein kan gjere opp på ein måte som fremmar forsoning mellom individ, eller forsone seg med at dei uønskte hendingane skjedde, er eit velkjent tema for dei fleste fagpersonar som arbeider med utsette for vald – men òg for fagpersonar som arbeider med utøvarar av ulike typar vald.

Ressursenheten V27 har sett saman innhaldet i to kurs der fagpersonar kan få opplæring i gjenopprettande prosess.

Dette er eit todagars kurs som gir ei innføring i teoretisk rammeverk og opplæring i praksisrettleiar som handlar om grundig førebuing for alle partar som kan vere involverte i gjenoppretting – det vil seie både den som har utøvd åtferda, den som er utsett, familiane deira og miljøet rundt.

Innhaldet svarar til AIMs Restorative Practice course som blir gjennomført i Storbritannia, Estland, Spania og Frankrike m.fl., men er tilpassa norske forhold.

Kva lærer du?

Du lærer om reparasjonsarbeid mellom barn og unge, særleg ved tilfelle med seksuelle grenseoverskridingar.

Deltakarane får utdelt norsk versjon av AIM-rettleiar for gjenopprettande arbeid, skrive av Vince Mercer og omsett av V27.

Målgruppe

Kurset er retta mot fagpersonar som kjem i kontakt med barn, unge og familiar der det oppstår behov for reparasjonsarbeid. Aktuelle tenester er barnevern, Statens barnehus, familievern, Nok.-senter/overgrepsmottak, RVTS, PHBU og habilitering, helsesjukepleiarar, kommunepsykologar, institusjonspersonale, kriminalomsorg, sosiallærarar m.m.

Instansar som jobbar spesifikt med mekling, som konfliktråd eller familiekontor, vil òg kunne ha godt utbytte av kursa. Kurset er ikkje instans- eller profesjonsspesifikk.

Praktisk informasjon

Dag 1: 09:00–15:30
Dag 2: 08:30–15:00

Det blir sett opp eit nivå 2 av dette kurset 1. og 2. desember. Å delta på nivå 1-kurset vil vere tilstrekkeleg for mange instansar, til dømes dei som ikkje er i posisjon til å leie slike prosessar, men som har behov for kunnskap om metoden – og i nokre tilfelle har ansvar for å førebu éin eller fleire av partane.

For å delta på dette kurset må du ha teke eit kurs i grunnleggande forståing av barns seksuelle åtferd.

Følg med på Seksuellatferd.no for å sjå når neste kurs går.

Pris:

900,-

Tal deltakarar:

20 

Kursansvarlege: