Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Kriseteamskulen Basedag 4 Bergen

Gir krisehandtering dobbel belastning for hjelparar?

17.
mars
2026
  1. 17. mars 2026, 09:00 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 17. mars 2026, 09:00 - 15:00

Kvar

Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 01. mars 2026, 09:00
Gå til påmelding

Krise- og katastrofearbeid er krevjande og kan føre til slitasje og reaksjonar hos hjelparar. Faktorar som påverkar robustheita di, varierer ut frå:

  • Belastningar i det ordinære arbeidet ditt
  • Kor ofte du er involvert i dramatiske hendingar
  • Tryggleik og struktur i det psykososiale kriseteamet ditt
  • Belastningar i eige liv
  • Kompetanse og erfaring

Dersom medlemmene i kriseteamet blir godt tekne vare på, vil dei fleste meistre normale reaksjonar og symptom på emosjonelt krevjande arbeid på ein føremålstenleg måte. Nokre få hjelparar utviklar posttraumatiske stressplager.

Erfaring viser at det kan vere føremålstenleg å etablere rutinar som sikrar avlastingssamtalar før, under og etter innsatsen.

Kva lærer du?

  • Risikofaktorar og normale reaksjonar ved emosjonelt krevjande arbeid
  • Ansvar og tiltak på system-, gruppe- og individnivå
  • Sjølvhjelpsmetodar for stressmeistring

Målgruppe

 Deltakere i kommunale kriseteam, frivillige organisasjoner, innsatspersonell, helse- og sosialarbeidere og tverrfaglige tjenester som møter barn/ungdom/familier og voksne i krise. Innsatspersonell defineres som personell fra Forsvaret, brann-, rednings- og helsepersonell, politiet og andre innsatsgrupper. 

Kursholdere for dagen er Siri Lill Aaberg og Jorunn Beate Helle.

Sted

Sted er Bergen (kurslokale kommer). 

Pris

600,-