Tid og stad
- Når
-
- 24. apr. 2025, 09:00 - 14:00
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statforvaltaren i Rogaland og inviterer til introduksjonskurs til snakke med barn og Jeg vet - med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.
Kort om undervisningstilbodet
På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane snakkemedbarn.no og jegvet.no. SNAKKEmedbarn og JegVet kan bidra til at nettopp DU vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.
Kva lærer du?
Etter kurset vil du:
- Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
- Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no
- Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
- Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
- Kunne ta i bruk JegVet som eit verktøy for å snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, mobbing, psykisk helse og trivsel i skulen
Målgruppe
Kurset er opent for alle!
Pris
Kurset er digitalt og gratis. Lenkje blir sendt påmelde deltar i eigen e-post.
Viktig å vite
Førelesarar er Områdeleiar/barnevernpedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Mette E. Garmannslund.

