Tid og stad
- Når
-
- 12. des. 2025, 09:00 - 15:30
- Kvar
-
Zander K Hotel
Zander Kaaes gate 8
5015 Bergen
- Påmeldinga er stegt
-
Frist for påmelding: 11. des. 2025

Fagdagen er fullteikna fysisk. Vi har opna for digital påmelding. Lenke til stream vert sendt dei påmeldte dagen før oppstart.
Kort om fagdagen
I det uendelege digitale rommet finst både fellesskap og fare for utnytting. Denne fagdagen utforskar korleis menneske, spesielt unge, blir lokka inn i digitale kriminelle miljø, korleis desse opererer – og kva som skjer når nokon vel å bryte ut.
Kva lærer du?
Du som møter menneske i risikosona vil få fagleg påfyll, innsikt og verktøy til å forstå og handtere nettbasert kriminalitet.
Målgruppe
Fagdagen er for alle som er interesserte i nettbasert kriminalitet, men er særleg relevant for fagpersonar som arbeider med ungdom og digitale utfordringar – anten det er i skulen, oppfølgingstenester, barnevern, politi, NAV, helsevesen eller frivillige organisasjonar.
Pris:
Gratis. Bindande påmelding for fysisk oppmøte. Manglande oppmøte fører til eit gebyr på 500,-.
Program
Føredragshaldarar:
Oscar Waldner
Doktorgradsstipendiat i kriminologi

Oscar Waldner er svensk doktorgradsstipendiat i kriminologi ved Malmö universitet. Forskninga hans set søkelys på korleis digitale plattformer og sosiale medium blir brukte i kriminelle samanhengar, spesielt innan ulovlege marknader og ungdom si eksponering for risikåtferd.
Jon Hynne Auby og Lars Christian Drivdal Vold
Psykologspesialistar i familiepsykologi

Innhald i foredrag
«Hva gjør at noen barn og unge er ekstra sårbare for å bli lurt inn i kriminelle nettverk? Og hvordan kan vi beskytte dem fra farlige fristelser, bare et klikk unna, samtidig som vi hjelper dem med å få dekket grunnleggende behov som tilhørighet, anerkjennelse og respekt?»
Om Jon og Lars
Vi har arbeidd i fleire år med barnevernsinstitusjonar og har eit sterkt engasjement for dei barna som har mest utagerande åtferd. Hos dei ligg det både styrkar og sårbarheiter, og ingenting er betre enn å kunne bidra til at dei kjem inn på ei god utviklingsbane. Vi driv òg podkasten Tango med tenåringar, der vi drøftar ulike tema som handlar om samspel med barn og unge. Knytt til dette temaet vil vi spesielt tilrå podkastserien basert på boka Barn som utøver vold av Zemir Popovac.
Lasse Richardt
Organisasjonspsykolog

Lasse Richardt er utdanna organisationspsykolog og har bakgrunn som marinejeger i den danske marine. Han har lang erfaring få arbeid med menneske i forandringsprosessar.
Lasse har leia Avhopperprogrammet sidan oppstarten i 2020. Avhopperprogrammet er eit tilbod/program som skal gi ein veg ut av kriminalitet og destruktive miljø for ei marginalisert gruppe som ikkje opplever reell hjelp og støtte til å bryte ut.
Anniken N. Hope
Prosjektleder i Utekontakten

Anniken N. Hope er prosjektleder i Utekontakten i Bergen, Bergen kommune.
Anniken har vore prosjektleiar for prosjektet «Digitalt oppsøkende barne- og ungdomsarbeid» i Utekontakten i Bergen sidan 2021. Prosjektet har utvikla strategiar og metodikk for å kunne jobbe oppsøkande på digitale arenaer som sosiale medium og spel- og kommunikasjonsplattformer som Discord.
Utekontakten i Bergen kartlegg og dokumenterer korleis rekrutteringsløp til negative miljø som høgreekstreme og ungdomskriminelle grupperingar ser ut på sosiale medium, og Anniken vil vise fram ulike taktikkar som blir brukte i rekrutteringa.
Bjarte Schrøen
Politifaglig etterforskingsleder innen menneskehandel, Vest politidistrikt

Tittel på foredrag: "Det digitale menneskemarkedet, snarveien til utnyttelse"