Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Implementering av rettleiaren Psykisk helsearbeid for barn og unge

Nettverkssamling for kommunar om implementering av rettleiaren "Psykisk helsearbeid for barn og unge"

Passert
2.
september
2025
  1. 02. sep. 2025
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 02. sep. 2025
Kvar
Sted: Alver, Førde og Stavanger (meir informasjon om lokale kjem)
Påmelding
Påmeldingsskjema
Plakat for arrangementet med datoar og stad
Bli med og form framtida for den psykiske helsa til barn og unge!

Eit løft for den psykiske helsa til barn og unge i kommunen!

Rettleiaren «Psykisk helsearbeid barn og unge» blei lansert i oktober 2023, og skal bidra til å forbetre og styrke tenestetilbodet til barn og unge i kommunane.

Rettleiaren er utarbeidd i samarbeid mellom sentrale direktorat, leia av Helsedirektoratet. Den gir tydelege tilrådingar for ansvars- og oppgåvefordeling, samt forventningar til samhandling på tvers av tenester og sektorar – frå helsefremmande arbeid til behandling og oppfølging.

Bakgrunnen for den nye nasjonale rettleiaren er målet i Opptrappingsplanen for psykisk helse: å redusere eigne rapporterte psykiske plager med 25 %, og sikre at dei som treng hjelp får god, tilrettelagd og lett tilgjengeleg hjelp når dei treng det.

Det er ein auke i psykiske plager blant barn og unge, noko som har ført til større etterspurnad etter psykisk helsehjelp frå både kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Samstundes har det vore utfordringar knytt til ulik tilgang til tenestene og auka ventetider.

Få hjelp til gjennomføringa!

RKBU Vest, RVTS Vest, KORUS Bergen, KORUS Stavanger, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til nettverkssamling for å støtte kommunane i gjennomføringa av denne rettleiaren.

Vi fokuserer på nøkkelområde som helsefremmande og førebyggande arbeid, tidleg innsats, medverknad, heilskapleg behandling og koordinering med psykisk helsevern. Det blir også erfaringsdeling frå kommunar som har kome godt i gang. På denne måten kan vi hjelpe kvarandre med å utvikle eit godt lågterskeltilbod, sikre systematisk medverknad frå barn og unge, og tilby samordna hjelp tilpassa lokale behov.

Bli med og form framtida for den psykiske helsa til barn og unge!

Kontakt

RKBU Vest er teknisk ansvarleg. Gå til RKBU Vest for å sjå kontaktpersonar for arrangementet.

Andre spørsmål?

Linda Renate Kvalvik.

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394