Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Fagkonferanse om sjølvmord: «I møte med andre si livskrise – kven er vi og kva gjer vi?»

Auka kunnskap og refleksjon omkring våre haldningar og handlingar knytt til sjølvmordsåtferd er nødvendig for å redusere dei høge sjølvmordstala i Noreg.  Fagdagen vil utvide din måte å forstå og møte denne komplekse samfunnsutfordringa på.

12.
september
2025
  1. 12. sep. 2025, 08:20 - 16:15

Tid og stad

Når

  1. 12. sep. 2025, 08:20 - 16:15

Arrangør

LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE Hordaland, Unge LEVE og RVTS Vest.

Kvar

Hotel Alexandra
Lodalsvegen 22
6789 Loen

Påmelding

Frist for påmelding: 29. aug. 2025
To kvinner som klemmer kvarandre.
Kven er vi i møte med andre si livskrise?

Konferansen har samla kjende og dyktige foredragshaldarar innan sine område for å gje eit innsyn i sjølvmordsutfordringa frå ulike perspektiv.

Du får kunnskap om kva som kjenneteiknar det gode møte mellom fagperson og pasient, korleis møte sjølvmordsåtferd frå andre kulturar, eit gripande innsyn i tida før og etter sjølvmordsforsøket samt korleis det er å leve vidare utan ein av sine næraste.

Alle foredraga har høg kvalitet som vil gje deg ei utvida forståing av sjølvmordsutfordringa.  

Påmelding
Påmeldingsfrist: 23. august

 
LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE HordalandUnge LEVE og RVTS Vest, inviterer til konferansar med fokus på sjølvmordsførebygging og oppfølging av etterlatne.
 

Målgruppe

Tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta/private legar ol, alle andre faggrupper som kan møte sjølvmordsåtferd (tilsette i oppvekstsektoren, blålys-tilsette, begravelsesbyrå med fleire).

Godkjenning

Godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 7 timar. Kurset er godkjent for to år, i perioden 22.06.2025 - 21.06.2027.Kurset godkjennes med 7 timer. Det forutsettes at deltakere får deltakerbevis.

Godkjent av Fellesorganisasjonene (FO) som 7 timar vedlikehaldsaktivitet, for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar, opp mot godkjenning som klinisk spesialist og ved fornying av godkjenning som klinisk spesialist.

Program

 

Program  

 

08:20 - Registrering

09:00 - Velkomen ved LEVE Sogn og Fjordane/Hordaland/RVTS Vest, Nils-Petter Hauge

09:10 - Kulturelt innslag

09:15 - Offisiell åpning

09:20 - Møtested: “Inn i krisen” ved Bergljot Gjelsvik

10:20 - Pause

10:40 - Møtested: “Inn i krisen” forts. ved Bergljot Gjelsvik

12:00 - Lunsj

13:00 - “Selvmord og Flyktninger - en kultursensitiv tilnærming” ved Chiku Ali

14:00 - Pause

14:20 - “Før og etter: kunne noe ha hindret selvmordsforsøket?” ved Oddvar Vignes

15:10 - Kort pause

15:20 - “Hva slags liv er det etter selvmords-døden for en etterlatt pappa? Om sorg, savn og aksept” ved Kjetil Siem

16:15 - Avslutning

 

19:30   Velkomstsamling

20:00    Middag

 

Forelesarar

Kontakt