Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helhetlig debriefing

Invitasjon til ein todagars workshop i heilhetlig debriefing.

15.
oktober
2026
2 dagar
  1. 15. okt. 2026, 08:30 - 15:00
  2. 16. okt. 2026, 08:30 - 15:00

Tid og stad

Når
  1. 15. okt. 2026, 08:30 - 15:00
  2. 16. okt. 2026, 08:30 - 15:00
Kvar

RVTS Vest kurslokale

Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2

1 etage (inngang ved Apotek 1)

5009 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 01. okt. 2026

Gjennom kurset utviklar du ferdigheiter i å handtere og lære av kriser og belastande hendingar i arbeidslivet.

Kort om kurset

Kurset gir ei innføring i teori om debriefing og gir øving i praktisk gjennomføring. Tanken bak metodikken er at når kriser og/eller belastande hendingar blir handterte på ein systematisk og omsorgsfull måte, vert det òg skapt både personleg og fagleg utvikling. Dette føreset at medarbeidarar får nødvendig støtte og at hendinga vert bearbeidd gjennom ei strukturert tilnærming.

Kva lærer du?

Heilskapleg debriefing består av fire delar som vil bli gjennomgått i kurset:

  • Handlingsorientert læringsfokus
  • Relasjonsorientert læringsfokus
  • Sjølvforståing og utviklingssamtale
  • Avlasting og reorientering før læring

Kurset består av veksling mellom undervisning og øvingar i mindre grupper.

Målgruppe

Innsatspersonell, helse- og sosialarbeidarar, skuletilsette

Pris

1600,-

Påmelding

Påmelding vår 2026 (Påmeldingsfrist: 28. mai)

Påmelding haust 2026 (Påmeldingsfrist: 1. oktober)

Viktig å vite

Førebuing før kurset: Individuell oppgåve: Tenk på ei belastande hending som du/de har vore i, kor du hadde behov for å reflektere saman med nokon.

Det er ein fordel om det er fleire frå same arbeidsplass som deltek.

Antal plassar: 20

Begge dagar begynner klokka 08:30 og sluttar 15:00.

Tidlegare deltakarar om kurset

Jeg synes det var godt å prøve ut ulike roller i møte med debriefing. Det var lærerrikt å møte så ulike yrkesgrupper.
Kursdeltakar i 2025
Det var en god blanding mellom teori, praksis og oppgaver. Det gjorde at det var lettere å sette seg inn i helthetlig debriefing.
Kursdeltakar i 2025
Særlig gruppearbeid på dag 1 hadde stor læringseffekt. Dette vil bli veldig nyttig for oss, og vi skal lage gode planer og rutiner basert på dette. Det kommer påmelding fra oss til neste kurs, flere hos oss bør ha dette.
Kursdeltakar i 2025

Kjekt å vite

Heilskapleg debrief er utarbeidd av luftforsvaret som eit konsept for restitusjon og læring. Konseptet skil mellom ulike former for debrief og samtale etter oppdrag/trening/øving (Folland 2009; Moldfjord, 2016, Fredriksen & Moldjord 2016). Vi vil gi dykk ei historisk innføring i omgrepet debrief og ei forståing av kva mentale og sosiale faktorar som verkar inn på menneskes evne til å lære i ein operativ kontekst.

Kontakt

Siri Lill Aaberg

Siri Lill Aaberg

Psykiatrisk sjukepleiar

simi@helse-bergen.no 92095171

Andre datoar

  1. 11.
    juni
    2026
    2 dagar
    Helhetlig debriefing