Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Grunnkurs om utnytting og menneskehandel

Menneskehandel og utnytting førekjem i mange former og på ulike arenaer. Både utanlandske og norske statsborgarar kan vere bakpersonar og utsette.

Passert
24.
april
2025
  1. 24. apr. 2025, 09:00 - 15:30

Tid og stad

Når
  1. 24. apr. 2025, 09:00 - 15:30
Kvar

RVTS Vest kurslokale

Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2

1 etage (inngang ved Apotek 1)

5009 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 08. apr. 2025

Om undervisningstilbodet 

Grunnkurset blir arrangert i samarbeid med RVTS Øst. Line Ruud Vollebæk (spesialrådgivar ved RVTS Øst) er hovudførelesar, i tillegg vil det bli innlegg frå lokale instansar som er i kontakt med utsette for utnytting og menneskehandel.

Kva lærer du?

Undervisninga vil gi kunnskap om utnytting og menneskehandel, kven dei utsette er, korleis vi kjenner att teikn på utnytting og kva vi skal, bør og kan gjere for å hjelpe. Dagen vil bestå av undervisning/presentasjonar, oppgåver og diskusjon, blant anna knytt til filmar basert på ein case.

Målgruppe  

Fagpersonar som er i kontakt med menneske i sårbare situasjonar, til dømes NAV, helsetenesta, barnevernet, utekontaktar, kriminalomsorga, tiltak for rusavhengige, tiltak for utviklingshemma, ulike lågterskeltiltak, flyktningtenesta og asylmottak.

Pris 

600,-

Viktig å vite

Vi arrangerer også fagdag om ungdom utnytta til kriminalitet onsdag 23. april – særleg aktuelt for dei som jobbar med ungdom som er i risiko og/eller involvert i kriminalitet.

Program til Grunnkurs om utnytting og menneskehandel

09:00 – 09:45 Introduksjon: Grunnleggande om utnytting og menneskehandel

09:45 – 10:00 Pause

10:00 – 11:00 Flukt, migrasjon og utnytting Vold og utnytting i nære relasjonar

11:00 – 11:15 Pause

11:15 – 12:00 Lokale erfaringar: Kva skjer i Bergen?

12:00 – 12:45 Lunsj

12:45 – 13:30 Korleis avdekke utnytting og menneskehandel? Om teikn/indikatorar og framgangsmåte

13:30 – 13:45 Pause

13:45 – 14:30 Kva kan, bør og må ein gjere dersom ein mistenker eller avdekkjer at nokon er utnytta? – Rettar, regelverk og aktuelle instansar

14:30 – 14:45 Pause

14:45 – 15:30 Spørsmål, diskusjon, avslutning

Inger Sigfridsson

Navn

Inger Solveig Sigfridsson

Cand. polit i sosialantropologi

insigf@helse-bergen.no 41869891