Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fredagsfokus: Kven tek imot når livet raknar? Om krevande samtalar i hjelpetenestene

Kvar dag tek menneske over heile landet kontakt med chat- og hjelpetelefonar når livet opplevast som vanskeleg eller uoversiktleg.

Passert
13.
mars
2026
  1. 13. mars 2026, 08:30 - 09:15
Webinar. Ingen påmelding

Tid og stad

Når
  1. 13. mars 2026, 08:30 - 09:15
Kvar
Webinar. Ingen påmelding
Webinar. Ingen påmelding
Webinar

Innhald:

Kvar dag tek menneske over heile landet kontakt med chat- og hjelpetelefonar når livet opplevast som vanskeleg eller uoversiktleg. Bak skjermane og telefonlinjene finst eit stort mangfald av hjelpetenester, frivillige og tilsette som lyttar, støttar og står i krevande samtalar – ofte i møte med sterke kjensler og komplekse livssituasjonar. Kva veit vi om belastninga, uvissa og behova i denne delen av hjelpetilbodet?

I denne episoden ser vi nærare på status i feltet, kva utfordringar som møter dei som tek samtalane, og kva ressursar som kan bidra til tryggleik, kompetanse og håp i møtet med menneske i krise.

I panelet:

I panelet denne gongen møter du mellom andre leiar May-Irene Wergeland i Kirkens SOS Bjørgvin, Julie Andreassen (RVTS Vest), som har delteke i utviklinga av Trygge samtalar, og Steinar Hvål (RVTS Vest).

Pris:

Gratis

Kjekt å vite

Sendingen går live på Facebook og på RVTS Vest si nettside. Her finn du og lenke til tidlegare Fredagsfokus, som podcast på dei største plattformane, og som videocast.