Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagopplæring om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Foredragshaldarar

Møt foredragshaldarane.

Ein mann med ryggsekk

Jawad Raja

Foto: Agnete Brun

Jawad Raja.

Foredragshaldar og forfattar av boka "Skapt for ære".

Judith Van Der Weele

Judith Van der Weele.

Psykologspesialist og fagekspert på komplekse traumer og kulturesensitivitet

Rudolf Christoffersen

Christoffersen er statsadvokat og utdanna både sjukepleiar og jurist. Han er ein anerkjend ekspert på menneskehandel og var i fire år Noregs representant i GRETA (Group of Experts on Action against Trafficking in Human Beings). Tidlegare har han arbeidd som statsadvokat ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete. I dag arbeider han ved Eurojust i Haag. Han er òg medlem av Kripos si kompetansegruppe for menneskehandel.

Daniella Nordhagen

Daniella Nordhagen.

Daniella er lærar og forfattar av "1178 netter – historien om et tvangsekteskap", og stemma bak lydserien "Barnebruden". Med eigne erfaringar og fagleg innsikt gir ho eit unikt perspektiv på korleis tvangsekteskap, æresmotivert vald og negativ sosial kontroll kan gå føre seg i det skjulte, og kvifor hjelpeapparatet må kjenne att signala.

Mona Ibrahim Ahmed

Mona Ibrahim Ahmed.

Mona er mangfaldsrådgivar, Bergen Inkluderingssenter/Integrering og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Ho har master i interkulturell forståelse og er forfattar av boka «Brev til Noreg». Ho har i mange år vore ein sentral bidragsytar i organisasjonen Fargespill.

Pia Krüger Grönqvist

Foto: Jannica Luoto / Bergens Tidende

Pia Krüger Grönqvist Foto: Jannica Luoto / Bergens Tidende

Pia har vore leiar for krisesenteret i Bergen sidan 2019. Ho er sosionom og cand.mag. jus, og har leiarutdanning frå BI. Erfaring frå psykiatrien og over 20 år i sosialtenesta, som avdelingsleiar og i kommunalt kriseteam. 

Pia er ein del av den psykososiale kriseberedskapsordninga, ei vaktordning der teamet rykker ut ved sjølvmord og brå død, på kveld, natt og i helger. Har i tillegg rundt 20 år erfaring som foreldremeklar.

Tittel på innlegg: «Trygge rom, trygge valg: Krisesenterets rolle i møte med æresrelatert vold»

Cecilie Nilsen

Cecilie Nilsen.

Cecilie er avdelingsleiar ved utekontakten i Bergen kommune og koordinator for TOT negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (TOT= Tverretatleg operativt team).

Elisabeth Harnes

Elisabeth Harnes.

Elisabeth er prosjektleiar ved RVTS Vest for arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, radikalisering og valdeleg ekstremisme, samt nasjonal koordinator for opplæringsprogrammet Endringsagentar for frivillige organisasjonar og berørte miljø. Ho er psykoterapeut med mastergrad i religionsstudium og forfattar av boka Innsats mot ekstremisme i teori og praksis. Elisabeth har omfattande erfaring frå sosialt og terapeutisk arbeid med marginaliserte grupper, mellom anna med reintegrering og exit-prosessar, flyktningar og asylsøkjarar. Før ho byrja i RVTS i 2015, var ho tilsett i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Geir Olsen

Geir Olsen.

Geir Olsen er områdeleiar og nesteliar ved RVTS Vest. Han har bachelor i sjukepleie, interfakultær cand.mag. frå niversitetet i Bergen og master i sjukepleievitskap ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet ved UiB. Har 25 års klinisk erfaring frå akuttpsykiatri og sikkerheitspsykiatri.

Karianne Refsdal

Felles enhet for Forebygging, Vest politidistrikt.

Har jobba med valdsrisiko- og trusselarbeid i politiet i snart ti år. Dette inneber også  arbeid med æresmotivert vald og bruk av PATRIARK som risikovurderingsverktøy.

Maria Nilsen

Maria har vakse opp i trussamfunnet BCC (tidlegare Smiths Venner). Ho har arbeidd ved legevakt og akuttmottak i 15 år. I dag leiar ho arbeidet i Hjelpekilden Vest. Ho har studert psykologi og pedagogikk, og har ei særleg interesse for dei psykologiske prosessane som følgjer med brot med trussamfunn.

Babek Hosami

Babek Hosami.

Babek er utdanna statsvitar og er tilsett som seniorrådgivar ved Seksjon for friluftsliv og inkludering – avdeling for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. Han representerer Vestland fylkeskommune i Vestlandsnettverket og er også utskolert endringsagent frå RVTS sitt nasjonale opplæringsprogram.

Badreddine Maizi

Badreddine Maizi. 

Badreddine er nestleiar i Islamsk Råd Norge og styremedlem i Bergen Moské. Han er også utdanna endringsagent mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald gjennom RVTS sitt nasjonale opplæringsprogram for frivillige organisasjonar og trussamfunn.

Heidi Beate Aasen 

Heidi Beate Aasen. 

Heidi er utdanna sosialantropolog og arbeider som fagrådgivar for barnevern, sosiale tenester og mangfald i Bergen kommune. Der arbeider ho med tema som handlar om mangfald og likestilling.

Jan-Petter Moberg

Foto: Mathilde Solsvik

Jan-Petter Moberg.

Jan-Petter Moberg har integrert lektorutdanning og bachelorgrad i filosofi frå Universitetet i Bergen. Til dagleg arbeider han som lærar, og har skrive ei masteroppgåve om dekonstruksjon i religionsvitskap.

Chiku Ali

Chiku Ali.

Chiku Ali jobba tidligare ved RVTS Vest og jobber i dag som kulturkonsuelt i eigen verksemd.

 

 

Sist oppdatert 02.10.2026