Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagopplæring om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Foredragshaldarar

Møt foredragshaldarane.

Ein mann med ryggsekk

Foredragshaldarar på andre samling

11. - 12. desember 2025

Mouchine El khamlichi

Mouchine El khamlichi
Mouchine El khamlichi.

Mangfaldsrådgivar, IMDi, har tidlegare arbeidd som miljøveileder og har i fleire år vore engasjert i organisasjonen Support Not Protect, som støttar gutar i kampen deira mot systematisk undertrykking og negativ sosial kontroll.

Raheel Syed

Raheel Syed
Raheel Syed.

Raheel er sosionom med lang erfaring frå barnevernet og nytilsett mangfaldsrådgivar i IMDi. Syed er den første mannen med ikkje-vestleg bakgrunn som har vunne den prestisjefylte DIXI-prisen for 2023. Han har i mange samanhengar delt si personlege historie for å bryte stillheita rundt incest og seksuelle overgrep i barndommen.

Han vaks opp i eit kollektivistisk samfunn der overgrep vart dytta under teppet og ikkje snakka om, noko som gjorde det svært vanskeleg for han å dele eigne opplevingar.

Etter mange år med kamp mot skam og frykt bestemte Syed seg for å stå fram offentleg, i håp om å hjelpe andre som har opplevd liknande traume. «Ingen skal måtte bere børa av overgrep åleine. Vi må stå saman for å gjere ein forskjell», uttalte han.

I 2025 vart han nominert til Skamløsprisen. Syed sin innsats vart anerkjend då han mottok DIXI-prisen 2023 på landskonferansen.

Tittel på foredrag: «Overgrep og storfamiliens skam»

Abdullahi Ibrahim

Abdullahi Ibrahim
Abdullahi Ibrahim.

Abdullahi er programdirektør i TUSMO Association. Han er lærar og har master i samanliknande politikk og bachelorgrad i Midtøsten- og Nord-Afrikanske studier.

Abdullahi har tidlegere sittet i bystyret i Bergen og har fleire andre frivillige verv, blant anna i Bergen Moské.

Mona Ibrahim Ahmed

Mona Ibrahim Ahmed
Mona Ibrahim Ahmed.

Mona er mangfaldsrådgivar, Bergen Inkluderingssenter/Integrering og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Ho har master i interkulturell forståelse og er forfattar av boka «Brev til Noreg». Ho har i mange år vore ein sentral bidragsytar i organisasjonen Fargespill.

Pia Krüger Grönqvist

Pia Krüger Grönqvist

Foto: Jannica Luoto / Bergens Tidende

Pia Krüger Grönqvist Foto: Jannica Luoto / Bergens Tidende

Pia har vore leiar for krisesenteret i Bergen sidan 2019. Ho er sosionom og cand.mag. jus, og har leiarutdanning frå BI. Erfaring frå psykiatrien og over 20 år i sosialtenesta, som avdelingsleiar og i kommunalt kriseteam. 

Pia er ein del av den psykososiale kriseberedskapsordninga, ei vaktordning der teamet rykker ut ved sjølvmord og brå død, på kveld, natt og i helger. Har i tillegg rundt 20 år erfaring som foreldremeklar.

Tittel på innlegg: «Trygge rom, trygge valg: Krisesenterets rolle i møte med æresrelatert vold»

Cecilie Nilsen

En kvinne med langt hår som smiler
Cecilie Nilsen.

Cecilie er avdelingsleiar ved utekontakten i Bergen kommune og koordinator for TOT negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (TOT= Tverretatleg operativt team).

Elisabeth Harnes

Elisabeth Harnes
Elisabeth Harnes.

Elisabeth er prosjektleiar ved RVTS Vest for arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, radikalisering og valdeleg ekstremisme, samt nasjonal koordinator for opplæringsprogrammet Endringsagentar for frivillige organisasjonar og berørte miljø. Ho er psykoterapeut med mastergrad i religionsstudium og forfattar av boka Innsats mot ekstremisme i teori og praksis. Elisabeth har omfattande erfaring frå sosialt og terapeutisk arbeid med marginaliserte grupper, mellom anna med reintegrering og exit-prosessar, flyktningar og asylsøkjarar. Før ho byrja i RVTS i 2015, var ho tilsett i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Karianne Refsdal

Felles enhet for Forebygging, Vest politidistrikt.

Har jobba med valdsrisiko- og trusselarbeid i politiet i snart ti år. Dette inneber også  arbeid med æresmotivert vald og bruk av PATRIARK som risikovurderingsverktøy.

 

-----------------------------------

 

 

Tidlegare samlingar:

Foredragshaldarar på første samling

08. - 09. oktober 2025

Elisabeth Harnes
Elisabeth Harnes.

Elisabeth Harnes

Elisabeth er prosjektleiar ved RVTS Vest for arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, radikalisering og valdeleg ekstremisme, samt nasjonal koordinator for opplæringsprogrammet Endringsagentar for frivillige organisasjonar og berørte miljø. Ho er psykoterapeut med mastergrad i religionsstudium og forfattar av boka Innsats mot ekstremisme i teori og praksis. Elisabeth har omfattande erfaring frå sosialt og terapeutisk arbeid med marginaliserte grupper, mellom anna med reintegrering og exit-prosessar, flyktningar og asylsøkjarar. Før ho byrja i RVTS i 2015, var ho tilsett i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Bjørn Markussen
Bjørn Markussen.

Bjørn Markussen

I 2023 gav han ut boka ALENE UT – frå Menigheten Samfundet til evig fortapelse på Gyldendal. Boka skapte stort engasjement og førte til omfattande medieomtale, offentlege tilsyn og politisk debatt. Men viktigast av alt: Ho vart starten på eit landsdekkande engasjement for å styrkje medvitet rundt usunne religiøse relasjonar.
Det Bjørn Markussen trudde skulle bli slutten på eit prosjekt, vart noko heilt anna. Med eit par hundre medieoppslag, debattar og fleire titals føredrag bak seg, har Bjørn blitt ei viktig stemme i samfunnsdebatten om negativ sosial kontroll og grensene for trusfridom i Noreg.

Gjennom 25 år som journalist og redaktør i tre ulike mediehus har han arbeidd med livssyn og makt – og vore særleg oppteken av å skilje mellom tru som frigjer og praksisar som bind. I sitt virke formidlar han kunnskap om korleis enkelte religiøse miljø i Noreg – også innan kristendommen – utøver kontroll som kan skade og isolere enkeltmenneske, særleg barn og unge.

Bjørn sine føredrag treffer breitt, men er særleg relevante for tilsette i helsevesenet, psykiatrien, skuleverket, NAV og frivillig sektor – og for tilsette og frivillige i ulike trus- og livssynsorganisasjonar. Han deler erfaringar og innsikt med stort engasjement, empati og forteljarglede – og med eit tydeleg ønskje om å forstå og bidra til endring. Samstundes utfordrar han publikum med spørsmål om kvar grensa for trusfridom bør gå, og kva ansvar både enkeltpersonar og storsamfunnet har når menneske lid i stillheit.

Gjennom den gripande historia om 19-åringen Robin – som ønskte å forlate trossamfunnet han var fødd inn i, men visste kva det ville koste – synleggjer Bjørn kva negativ sosial kontroll eigentleg betyr i praksis. Dette er ikkje berre teori, men røyndom for mange – og noko som skjer langt nærare enn vi trur.

Maria Nilsen
Maria Nilsen.

Maria Nilsen

Maria har vakse opp i trussamfunnet BCC (tidlegare Smiths Venner). Ho har arbeidd ved legevakt og akuttmottak i 15 år. I dag leiar ho arbeidet i Hjelpekilden Vest. Ho har studert psykologi og pedagogikk, og har ei særleg interesse for dei psykologiske prosessane som følgjer med brot med trussamfunn.

Babek Hosami
Babek Hosami.

Babek Hosami

Babek er utdanna statsvitar og er tilsett som seniorrådgivar ved Seksjon for friluftsliv og inkludering – avdeling for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. Han representerer Vestland fylkeskommune i Vestlandsnettverket og er også utskolert endringsagent frå RVTS sitt nasjonale opplæringsprogram.

 

Badreddine Maizi
Badreddine Maizi. 

Badreddine Maizi

Badreddine er nestleiar i Islamsk Råd Norge og styremedlem i Bergen Moské. Han er også utdanna endringsagent mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald gjennom RVTS sitt nasjonale opplæringsprogram for frivillige organisasjonar og trussamfunn.

Heidi Beate Aasen
Heidi Beate Aasen. 

 

Heidi Beate Aasen 

Heidi er utdanna sosialantropolog og arbeider som fagrådgivar for barnevern, sosiale tenester og mangfald i Bergen kommune. Der arbeider ho med tema som handlar om mangfald og likestilling.

Elisabeth Grøtteland
Elisabeth Grøtteland.

Elisabeth Grøtteland

Elisabeth har mastergrad i sosialt arbeid. Ho har arbeidd fleire år i barnevernet, både i førstelinje- og andrelinjetenesta. Sidan 2010 har ho arbeidd i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Helse- og omsorgsdepartementet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet med fagområda negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og vald i nære relasjonar.

Sist oppdatert 04.12.2025