Tid og stad
- Når
-
- 17. nov. 2026, 09:00 - 15:00
- Kvar
- Radisson Blu Royal Hotel Bryggen Dreggsallmenningen 1, 5003 Bergen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 05. nov. 2026
Påmelding på KORUS.no
Kva lærer du?
Konferansen set søkjelyset på korleis stigma, skuld og skam kan prege livet til menneske som mistar nokon i rusrelaterte dødsfall, og korleis hjelp, forståing og gode system kan bidra til støtte, håp og betre oppfølging.
Gjennom personlege erfaringar, forsking og faglege innlegg vil etterlatne, fagpersonar og forskarar løfte fram korleis vi som samfunn kan møte etterlatne med større openheit, tryggleik og omsorg.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Kirkens Bymisjon, RVTS Vest og KORUS, i tett fagleg samarbeid med Landsforeningen for etterlatte ved rusrelatert død (EVR) og Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Målgruppe
Konferansen er open for alle interesserte. Det er òg mogleg å delta digitalt.
Pris
Gratis