Tid og stad
- Når
-
- 18. nov. 2026, 10:00 - 15:30
- Kvar
- Bergen (informasjon om lokale kjem)
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 11. nov. 2026
Påmeldingsskjema
Kva lærer du?
Årets fagdag set søkjelys på to aktuelle temaområde som konsultasjonsteama møter i arbeidet sitt:
Negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og skadelege utanlandsopphald
Teguis Santana Vega, seniorrådgjevar i Bufdir og barnefagleg ansvarleg i Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, vil skildre desse fenomena og belyse korleis konsultasjonsteama kan nytte tilboda frå kompetanseteamet.
Problematisk og skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge
Psykologspesialistane Steinar Hvål og Mette Garmannslund frå RVTS Vest vil belyse korleis problematisk og skadeleg seksuell åtferd kan utvikle seg hos barn og unge, og presentere konkrete verktøy og ressursar som kan bidra til tidleg identifisering, kartlegging og hjelp.
Målgruppe
Medlemmar av konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep i Vestland
Pris
750,-
Viktig å vite
Det er laga ei nettside om korleis etablere og drifte tverretatlege konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep.Her finn du også nyttige ressurar og retningsliner.
