Tid og stad
- Når
-
- 21. okt. 2025, 09:00 - 15:00
- Kvar
- Barneverntjenesten, Haraldsgata 94, 5528 Haugesund
- Fysisk påmelding stengt. Digital deltaking frå 9-11.30 framleis mogeleg
-
Frist for påmelding: 20. okt. 2025

Første del (09.00-11.30) av fagdagen vert sendt digitalt.
Bekrefta føredragshaldarar:
- Hanne Mette Detlefsen Holm, Forebyggende politi øst
- Mahsa Sheikhi, Ungdomskoordinator, bydel Grorud
Hovudinnleiarar denne dagen er Mahsa Sheikhi og Hanne Mette Detlefsen Holm.
Mahsa har mastergrad i familie- og utviklingspsykologi og lang erfaring med førebyggande arbeid retta mot barn og unge. Ho har arbeidd som ungdomskoordinator i Bydel Grorud, der ho var ein sentral del av Salto/SLT-samarbeidet og oppnådde gode resultat i kriminalitetsførebyggande arbeid gjennom tett samarbeid med politi og barnevern. I dag arbeider ho ved skuletilbodet Ulven som sosialpedagogisk kriminalitetsrådgivar. Mahsa er opprineleg frå Iran og har budd i Noreg i 37 år.
Hanne Mette har gjennom fem år hatt ansvar for politiet sitt førebyggande arbeid i Bydel Grorud. Ho arbeider i Nærpolitiseksjonen ved Oslo Øst politistasjon og har vore ein sentral aktør i det tverrfaglege samarbeidet med mellom anna Mahsa og andre lokale instansar. Arbeidet hennar har vore prega av eit sterkt engasjement for å skapa tryggleik og byggja relasjonar i lokalsamfunnet, med særleg fokus på kriminalitetsførebygging blant barn og unge.
Program:
08:30 – 09:00: Kaffe og registrering
09:00 – 9.30: Åpning ved Nils Konrad Bua, ordførar, Haugesund kommune, Ellen Marie Sletten, seniorrådgiver, IMDi og representant frå RVTS Vest
9.30- 10.15: Forebygging gjennom samarbeid, Hanne Mette Detlefsen Holm (politibetjent, Oslo Øst politistasjon) og Mahsa Sheikhi (Oslo skolen)
10:15 – 10:30: Pause
10:30 – 11:30: Dialogverktøy – Praktisk innføring
11:30 – 12:30: Lunsj
12:30 – 15:30: Diskusjon og casearbeid
15:30: Avslutning ved IMDI
Målgruppe:
Fagpersonar som jobbar med barn og unge vaksne med minoritets- og fleirkulturell bakgrunn. Dette inkluderer tilsette i skule, barnehage, helsestasjon og skulehelsetenest, BUP, barnevernstenesta, utekontakt, frivillige organisasjonar m.fl.
Meir informasjon og program kjem snart.
