Tid og stad
- Når
-
- 07. mai 2026, 09:00 - 15:30
- Kvar
-
Radisson Blu Royal Hotel
Dreggsallmenningen 1
5003 Bergen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 23. apr. 2026
Påmeldingsskjema
Tema:
Identitet og kultur: Korleis forstå seg sjølv og andre når orda ikkje finst.
I mange etniske minoritetar er sjølvmord sterkt stigmatisert. Det gjer det ekstra vanskeleg for oss som ønsker å hjelpe menneske som kan vere i fare for å ta livet sitt, eller som har mist ein nærtståande i sjølvmord.
På konferansen vil LEVE Hordaland, LEVE Sogn og Fjordane og RVTS Vest ta opp desse utfordringane. Deltakarane får innsikt i kvifor dette eir eit krevande tema, og kva vi kan gjere for å vere gode og nyttige hjelparar.
Konferansen vil òg belyse utfordringane adopterte møter, og gi kunnskap om kva denne gruppa treng.

Korleis forstå seg sjølv og andre når orda ikkje finst.
Bekrefta føredragshaldarar:
Mwamini Ali-Sivertsen

Mwamini er familieterapeut ved Bergen og Omland familiekontor, og etterlatt etter sjølvmord.
I dette føredraget deler Mwamini si personlege historie som etterlatt, og korleis denne livshendinga har prega og forma arbeidet hennar som terapeut. Med utgangspunkt i masteroppgåva si belyser ho korleis sorg etter sjølvmord påverkar familierelasjonar, og korleis terapeutar kan møte etterlatne familiar med støtte og forståing. Ho viser korleis open dialog, emosjonell tilgjengelighet og profesjonell hjelp kan bidra til at familiar finn måtar å leve vidare med sorga – saman.
Abid Raja

Foto: Oda Scheel / Venstre
Abid er politikar, forfattar og samfunnsdebattant. Han vil dele si personlege historie om oppvekst, frigjering og håp. Abid formidlar ikkje politikk frå scena, men universelle erfaringar knytt til utanforskap, motstand og det å finne sin eigen veg. Abid vil berøre, engasjere og gi publikum rom for refleksjon – uavhengig av bakgrunn og livssituasjon. Abid har sjølv vore ærleg om dei høge kostnadene ved å stå i spagat mellom det norske og pakistanske miljøet, og kan slik formidle betre enn dei fleste om konferansens tema.
Diana Patricia Fynbo

Diana er utdanna barnehagelærar med fordjuping i spesialpedagogikk og har lang erfaring med å jobbe med barn og unge innanfor ulike institusjonar. Jobbar som lærar i barneskulen og har ei vidareutdanning i psykisk helsearbeid med barn og unge. I tillegg har ho vore med på å opprette Norsk-Colombianos Forening (NCF), ein foreining av og for adopterte frå Colombia. Ho er også ein av grunnleggarane av Adopsjon i endring (AiE) – Ressurssenter for adopterte og deres familier.
Sandra Haukaas

Sandra blei adoptert frå Brasil som seksåring. I dag jobbar ho som miljøarbeidar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, er mamma til to og aktiv i likepersonsarbeid gjennom Facebook-gruppa AdopterteSammen. Med eigne erfaringar som adoptert i møte med psykisk helsetenester, er ho oppteken av å løfte adopterte sine perspektiv i møte med hjelpeapparatet.
Ingrid Bernsen

Ingrid vart født i Noreg, adoptert bort og vaks opp i ein adoptivfamilie. Ho skal prate om korleis mange adopterte opplever tap av identitet, manglande openheit om bakgrunn og forventningar om tilpassing. Ho vil løfte fram dei utfordringane som oppstår når ein veks opp utan språk eller rom for å snakke om at ein er adoptert, og korleis dette kan påverke sjølvforståing og tilhøyrsle. Ingrid er utdanna eq-terapeaut og driv i tillegg likepersonsarbeid saman med andre adopterte. Dei siste to åra har ho vore med å drive lågterskel gruppe for adopterte.
Khansa Ali

Khansa Ali er leiar ved MiRA‑Senteret. Ho er sosionom og har mange års erfaring med minoritetskvinners rettar i Noreg. Ali har ekspertise i kompleksiteten i likestillingsarbeid, og har lang erfaring med empowerment‑retta arbeid for og med minoritetskvinner og unge jenter i Noreg.
Karl Otabor

Cidi Nita
Styreleiar for Springbrett for ungdom.
Program
09:00 – 09:10: Kulturelt innslag - Indisk musikk på veena, ved Puja
09:10 – 09:30: Videohelsing til konferansen frå stortingspresident Masud Gharahkhani, og velkomen og introduksjon ved Chiku Ali, styremedlem LEVE Hordaland
09:30 – 10:15: «Hvordan kan vi møte familier fra etniske minoriteter som er etterlatt ved selvmord?» Mwamini Ali‑Sivertsen, familieterapeut ved Bergen og omland familievernkontor/etterlatt
10:15 – 10:35: Pause
10:35 – 11:30: «Adopsjonens ekko». Samtale mellom psykologspesialist Mette Ekenes Garmannslund (RVTS Vest), Diana Patricia Fynbo, Sandra Haukaas og Ingrid Grevstad Bernsen («Adopsjon i endring» / Adopterte sammen)
11:30 – 12:30: Lunsj
12:30 – 13:15: « Mellom sorg og stigma: Etterlatte etter selvmord i etniske minoritetsfamilier – hvordan kan vi forstå og støtte?», Khansa Ali
13:15 – 14:15: «Min skyld», Abid Raja, stortingsrepresentant og føredragshaldar
14:15 – 14:35: Pause
14:35 – 14:55: «Hvordan stå oppreist i det utålelige», Karl Otabor
14:55 – 15:35: «Tabu», Cidi Nita
15:35 – 15:45: Avsluttande refleksjonar og takk for i dag